Eg har lova ein ung blogglesar å legge ut oppskrifta på kvitløksbagettar. Så her skal de få ei steg for steg-oppskrift.
Deig til 4 bagettar1/2 - 1 pk gjær
2 ms flytande margarin/olje/smelta smør
1 ts salt
4 dl lunken mjølk
(1 egg)
ca 10 dl kveitemjøl
1. Smuldre gjæren i bakebollen. Bruk gjerne kjøkenmaskin.
2. Ha i lunken mjølk, salt og olje. Egg gir luftige brød.
3. Ha i kveitemjølet og kna deigen godt.

Medan deigen hevar, lagar du kvitløkssmør. Bruk stavmiksar om du har.
1. Hakk 2 båtar kvitløk saman med nokre urter. Eg brukte oregano og grasløk i dag.
Du kan bruke timian og/eller basilikum også.
2. Ha i 50 g smør (Tine - ikkje margarin)

Når deigen har heva til dobbel storleik, deler du han i fire emne.

Kjevle kvart emne til eit rektangel ca 30x20 cm. Smør på 1/4 av kvitløksmøret.

Rull saman og legg brøda på ei bakepapirkledd plate.

Lat bagettane heve under ein handduk ca 25 minutt. Skjer gjerne hakk i dei og pensle med egg.

Steik bagettane ved 200 grader i ca 20 minutt.

Desse brøda smakar godt til kyllingrettar og supper.
Då eg tilbaud ei venninne av meg å bake kake til konfirmasjonen om vel ei veke, spurde ho om eg heller kunne bake brød. Ho skal få dei tre til venstre, focaccia, valnøttbrød og rundstykke.
3 kommentarer:
Eg får vatn i munnen berre av å lese om bagettar og brød. INGEN TING smakar betre enn fersk gjærbakst!
Ikkje særleg populært at eg putta dei i frysaren ... Men det er berre å ha mjukt smør på lur.
Tusen takk for denne oppskrifta, dette skal prøvast! Har ikkje sett oppskrift på kvitløksbaguettar tidlegare. Har brukt dei frå frysedisken på Rema, du veit.
Legg inn en kommentar