tysdag 30. juni 2009

Dagens middag

Mamma sitt innlegg i dag tidleg minte meg på at eg har sei i frysaren. Eg tok opp sei, og ungane fekk bestemme kva eg skulle lage. Det vart omnssteikt sei på grønsakseng. Her brukar eg ikkje oppskrift, men tek dei grønsakene eg har. I dag vart det gulrot, paprika, tomat, purre og luftløk. Eg dryssa over salt og Cemo fiskekrydder. Sitronskivene ser de. Men det som ikkje viser når retten er ferdig, er høla skiver med (meieri!) smør. Smøret trekkjer gjennom fisken og blandar seg med grønsakene. Forma dekkjer ein med folie og steiker retten ved 200 grader. I dag vart det både ris og poteter til.

Hagebesøk

I dag har eg vore på hyggeleg besøk hos M. Mange "avleggarar" i hagen min kjem derifrå. Hagen hennar er heilt forskjellig frå den eg var og såg i Ørsta. M har ei lita tomt som ho har utnytta maksimalt. Akkurat som meg likar ho å settesaman fargar som ein i utgangspunktet ikkje skulle tru pappar i lag.
Denne Aloharosa har mange "born". No har ho klipt den kraftig ned. Til barnedåpen til Olaug for snart 12 år sidan fekk eg nybakt fletteloff og ein bukett Aloharoser. Dei luktar fantastisk. I dag fekk eg med meg ei enkel rose. Den kjem eg til å klippe hovudet av og sette i jorda før eg reiser på ferie. Så får vi sjå!

måndag 29. juni 2009

Bok 38: Fransk?


Eg trur nok mamma (les her)likte denne boka betre enn eg. De hugsar kanskje at eg ikkje skulle lese fleire franske bøker? Denne begynte eg på i mangel av anna å lese. Eg høyrde ein CD før eg merka at nr 3 mangla. Eg sa til bibliotekaren på Hareid at eg skulle skaffe den frå Ørsta sjølv. Eg visste at mamma hadde lånt den same. Boka er grei nok, men eg meiner den manglar det vesle ekstra som gjer at ein engasjerer seg. I dag har eg høyrt to CD-ar av boka til høgre. Eg trur den vil få meir positiv omtale for å seie det sånn.

Hagen i dag

No er skogskjeggen på det finaste. Eg har planar om ein hekk av skogskjegg der vi legg snø om vinteren. Ulempa med den er at den er stygg når den er avblomstra, så då må ein ta bryderiet med å klippe vekk det visne.


Desse liljene kan verte to meter høge. Eg let dei vekse i skråninga nedanfor granhekken.


Sjå nøye her! Kven et dei nydelege blomstrane? Stilkane står no att utan blomster. Dei gule sniglehusa har eg trakka på....

Eit lite apropos til einspora motiv.


søndag 28. juni 2009

Kos med kaninar

Olaug har no ansvar for to hokaninar med kvart sitt kull kaninungar og faren deira. I tillegg har vi to haannkaninar sjølve. Det er sjølvsagt mest stas med dei to veker gamle kaninungane.
I dag tidleg fekk dei kome ut og prøve å gå på graset. Dei gjekk på vaklevorne bein, og nokre av dei åt litt gras.

I løpet av dagen har eine kullet lært seg å hoppe! Dei bur i eit to-etasjes bur, og no hoppar dei lett opp og ned planken som går mellom etasjane.
Skvåsjane har varme og lyse dagar under fiberduken.





Bok 37: "Har du først fått eit barn eller fleire, har du mista retten til ikkje å ha barn" s. 146

Då eg las bokmeldinga i Klassekampen, fekk eg lyst til å lese boka. Dette er ei interessant bok. Eg-personen taklar ikkje borna sine. Ho ser sjølv at dei ikkje har godt av henne.

Boka viser fleire former for barnemishandling. Det verste Tove Vik gjer, er etter mi meining å fortelje borna at ho ikkje vil ha dei. Ho mishandlar dei både psykisk og fysisk. Dette er litteratur til ettertanke. Boka høver godt som diskusjonsgrunnlag.

Om ein ikkje kjenner seg att i tankane til eg-personen, trur eg at mange kan kjenne seg att i enkelte av situasjonane. I eit barneselskap kjem det born nærare ein time før selskapet begynner. Når dei siste foreldra hentar borna ein time etter selskapet skal vere slutt, skal mora vere like blid.

Ein kan ikkje seie at ein liker ei bok som dette. Eg synest boka er velskriven og god. Forfattaren skildrar ei "oppegåande" kvinne som slit med livet sitt. Les gjerne denne bokmeldinga, og les boka!



laurdag 27. juni 2009

Smart?

Blogglesarane har kanskje oppdaga at eg likar å prøve ut nye ting og tang til kjøkenet og huset elles. I dag kom eg over denne kluten på Prix. Det er ein mikrofiberklut med ein ekstra "skrubb" til vanskelege flekker. Smart?

No driv eg og legg gamle, holete klutar og handdukar for å ta dei med på ferie og kaste dei etter bruk. Det er godt å sleppe å dra med seg halvvåte handdukar frå ei hytte til ei anna. og så kan ein koste på seg noko meir delikat når ein kjem heim.

fredag 26. juni 2009

Kan ein få det bedre?

I dag må vel vere den beste dagen i heile året. Vi ser fram i ein lang sommarferie. Sola skin og temperaturen ligg kring 30 grader.
Sist Øystein var på "Opel", fekk han beskjed om at han burde skifte to av sommardekka før langtur. Det var ærendet vårt til Ørsta i dag. I tillegg vart det tur i kjøpesenter og besøk i Starevegen. Ein av naboane der har ein fantastisk hage. Eg fekk kome inn og sjå alle hageromma hennar. Hadde eg visst det, så hadde eg sjølvsagt hatt med fotoapparatet. Bilda er frå min eigen hage. Naboen hadde ein klar idé med hagen; mest muleg grønt. Andre fargar var kvitt og lilla. Formene er viktige for henne. Hagen bar preg av at nokon jobbar der kvar dag.

Slik er det ikkje i min hage. Den treng sårt at nokon legg ned ein arbeidsinnsats, ja! Men her er roser og peonar å gle seg over.
...og skvåsj. Eg har to kategoriar som ikkje likar skvåsjnytt:
1. Dei som er uinteresserte i skvåsjdyrking.
2. Dei som irriterer seg over stavemåten eg har valt!

Bok 36: Dokumentar


Vi hugsar TV-bilda av forfattaren av denne boka då ho rapporterte frå krigen i Irak. Eg hugsar at eg tenkte:"Kva gjer du der? At du torer!"
---
Boka gjev mange svar. Eg synest det er interessant å følgje forfattaren i tida før, under og etter krigen. Vi får vite korleis ho arbeider som journalist. Utfordringane står i kø. Ho er flink til å skildre skifta i stemninga i Bagdad.
---
Her er sjølvsagt mykje som er grusomt. Men dette er ei bok "alle" bør lese! Boka er kanskje best som lydbok. Det er ikkje problem å følgje handlinga. At forfattaren les sjølv, gjer boka meir autentisk. Les gjerne meir her.

torsdag 25. juni 2009

Avslutningstur

Larsnes.
Brygga på Flatøya.




I går reiste kollegiet på overnattingstur etter planleggingsdagen. To av tiandeklassene hadde lagt sin avslutningtur til Flatøya. Det freista til gjentaking. Der er mange aktivitetar å velje mellom.
---
Veret har mykje å seie når ein er på tur. Vi kunne ikkje ha vore meir heldige! Ferja gjekk frå Larsnes i 16-tida, så vi fekk god tid til å kose oss på brygga då vi kom fram.
---
Les gjerne om paret som driv staden. Dei har ei heilt spesiell historie. Meir informasjon og reklame finn du her.
---
Om kvelden fekk vi servert ein nydeleg gresk lammerett. Viss nokon lurer på kvar dei skal reise neste gong dei skal på ein "gruppetur", er dette absolutt noko å tenke på!
p.s
Eg har ikkje innhenta løyve til å legge ut bilde av kollegaer, så det vert berre nokre naturbilde. Sjekk linkane for meir informative bilde!

Endeleg ferie!




No er eg attkomen frå ein fantastisk tur til Flatøya på ytre Sunnmøre, ein stad i verda eg aldri har vore før.Eg kjem attende med fleire bilde, men først skal eg ut og sole meg på ryggen!

tysdag 23. juni 2009

(Manglande) jonsokfeiring

Det er 22 år sidan sist eg melde meg ut på jonsokfeiringa. Då låg eg på sjukehus. Einar vart fødd ein time inn i jonsokdag.
Då vi budde på Holstad, feira vi gjerne dagen hans ute saman med naboar og venner.
Etterpå er det slektsbesøk.
I same album kom eg over nokre bilde frå Eid. Her hadde mormor fått seks oldebarn, alle gutar.
.... og når du får på deg cowboyhatt, blir hele hjertet mitt betatt.
Einar hadde det heilt klart for seg kven han skulle gifte seg med og kvar han skulle bu. No er det mange år sidan vi har sett Martine.
No er Olaug på jonsokfeiring saman med ei venninne. Gutane er på fotballtrening og fotballkamp. Eg ladar opp til i morgon. Vi skal på overnatting til torsdag. Det kjem det sikkert eit nytt innlegg om.




Er dette etter meldingane då?


Vi får håpe at skodda lettar og sola kjem fram!

måndag 22. juni 2009

Gratulerer Øystein!



Eg har fått to glimt av mannen i dag: Først i dag tidleg, og no før han hastar i veg til fotballtrening. Når han kjem heim, skal eg på avslutningsfest for 10ande. Her er det siste skuledagen for elevane i morgon.

søndag 21. juni 2009

I morgon......

..... har Øystein fødselsdag

Sidan vi har lagt ut mimrebilde av andre som fyller år, har eg tatt meg den friheita å rote litt i albuma hans. Alle bilda er frå før eg vart kjend med han.



Ein glad gutt!

Eg synest å kjenne att shortsen her. Hadde ikkje bror min og eg sameleis?
Her er det nok eldstebroren som har tatt bilde. Kanskje nokon har fødselsdag sidan det er brus på bordet! Alle ungdommar; legg merke til brusflaskene! Dette er store flasker med 33 cl brus. I selskap kunne ein og risikere å få små brus. Dei meiner eg var 25 cl.
Det var freistande å ta med eit bilde av far til Øystein. Han utdanna seg til politi, men hadde ein draum om å kunne bli jurist. Audun er fødd på hans 75-årsdag og har same draumen. Økonomien stoppa draumen til bestefaren. No har alle ungdommar mulegheiter til å ta opp studielån og ta den utdanninga dei ønskjer.
Farfar som vi kallar han her i huset, hadde to storebrør, Kristoffer til venstre og Charles i midten. I tillegg hadde han tre systre. Eg har berre møtt den yngste, tante Emma.

Sommarar i Sogn

Feriane i min oppvekst gjekk gjerne til Sogn. Vi brukte å bu vel ei veke hos farmor.
Her er det krabbefest i siloen.
Her er vi på besøk hos familien til broren til pappa.
Her trur eg vi må vere på veg til å besøke systra til pappa. Ho sit og snakkar med bror min og meg ser det ut til. Eg veit at søskenbarnet mitt til venstre er innom bloggen av og til.

laurdag 20. juni 2009

Bloggarar i farta!


Mimring: 14.juli 1968

Eg var svært fotointeressert i min ungdom. Det vart tatt ein del lysbilde på 60- og 70-talet som eg fekk laga papirbilde av. Desse er i fargar. Eg skal legge ut ein del bilde frå både Nordfjord og Sogn, men det vert ikkje alt på ein dag.

Margrete vart døypt på mormor sin 64-årsdag. bilda er frå leilegheita hennar. Ho arbeidde på kjøkenet på sjukehuset på Eid til ho var 70 år. Då var ho kjøkensjef.
Eg hugsar litt av denne dagen. Eg fekk i alle fall høyre at eg sette meg vel tidleg til bords. Eg var lova ein ny kjole viss eg fekk meg syste. Den var eg veldig glad i. Men det med arvinga, trur eg ikkje vart noko av.




Gratulerer med dagen, Margrete!

I dag vil vi gratulere Margrete så mykje med dagen!

No vert det fødselsdagar annan kvar dag framover, så det ligg an til ei fellesfeiring/gåveoverrekking når vi har fått fullført skuleåret!

Eg kjem kanskje attende med litt mimring seinare i dag. Då eg var ute i hagen for å sende ein "blomst" via nettet, var det ein ting som slo meg. Mange ting rundt meg har eg fått av Margrete, både i hagen og inne. Vi kan trygt kjøpe gåver til kvarandre, for vi har ganske lik smak. Plutselig kan eg sjå eit bilde på bloggen; der har ho same voksduk som meg (voksdukane ser vi berre på bloggen, for når vi har besøk ligg andre dukar på). Jentene dukka seinast i konfirmasjonen opp med like jakker.

I år har eg kjøpt ei gåve til henne som eg godt kunne tenkt meg sjølv, noko som ofte er utgangspunktet.



fredag 19. juni 2009

Kan vi byte?


I dag fekk eg ein telefon med spørsmål , på to timars varsel, om eg kunne stille på kiosksal i dag i staden for 17. august. Sidan eg ikkje hadde andre planar, sa eg sjølvsagt ja til det. Det er kjekt å verte ferdig.
---
Det er laget til Olaug som sel mat på A-kampane til inntekt for Norway-Cup-tur neste år. To gutar gjekk rundt og selde vaflar på tribunen, noko som gjorde at vi etter ei stund gjekk tomt for vaffelrøre.
---
Ein smart person hadde kjøpt inn nokre pakkar vaffelmix. Det rørte vi rask saman og steikte meir. Eit godt tips til kiosksal! Det er ikkje alltid så godt å vite kor mange som dukkar opp på ein fotballkamp. Det sportslege snakkar vi ikkje om i dag.