onsdag 30. september 2009

Lansering

Fotoapparatet mitt eignar seg ikkje til innandørsfotografering på store avstandar. Bilda får berre vere nokre glimt frå boklanseringa i går for dei som ikkje hadde høve til å vere der.


Øystein hadde hjelp frå kompisar til å sy saman program. Øystein las utdrag frå boka og Ulstein mannskor kom inn når dei vart nemnde.

Festen vart avslutta med at dei informantane som var til stades vart kalla fram. Tina song to Vera Lynn songar som var omsette til nynorsk av Odd og Andreas. Eit par av informantane hadde vore på konsert med Vera Lynn under krigen.
Eg må vere litt forsiktig med kva eg har lov til å legge ut på nettet. Der var aviser tilstades, så det kan hende eg kjem attende med ein link seinare.

søndag 27. september 2009

Bok 60: Lettlesne noveller


Denne krimnovellesamlinga er frå 1992.
---
Novellene er ulike, og det vert sjølvsagt til at ein liker nokre betre enn andre. Sjølv har eg spesielt sansen for "Polarsafari" der naturen tek ein grusom hevn.
---
Boka er god underhaldning.
Les gjerne meir her.

Hevedeig/poolish II

I går kveld fann eg ut at eg ville prøve å bruke hevedeig til heilt vanlege brød. Eg brukte 2 dl vatn, 3 dl kveitemjøl og og ei lita ertestor kule fersk deig. Dette tok eg av 1/3 pakke fersk gjær. Om morgonen såg sørpa slik ut.
I brøddeigen hadde eg 1 liter vatn, 6 dl kveitemjøl, 2 1/2 ts salt og ei blanding av grove mjølsortar. Eg har ein plastboks i skåpet med mjøl som eg tek ut når eg skal bake. Eg tek litt av kvart og prøver å tøme nokre posar om muleg.

Maskina knar deigen nokre minutt til han slepper kantane.

Etter 2 1/2 (Ut på tur!) time såg deigen slik ut. Ja, de ser rett; eg bruker ei dusjhette over deigen. Øystein er ingen storforbrukar av slike når han er på hotell, så eg spør pent om han kan ta dei med heim.

I dag forma eg ikkje kuler først, men baka brøda på vanleg måte. Dei heva ein halv time før eg steikte dei.

Konklusjon: Ein slik hevedeig gir raskare heving enn om du skulle bruke 1/2 pakke gjær. Då reknar eg 3 timar. Brøda smakar godt, og får ein fin konsistens. Den einaste ulempa eg kan sjå, er at du må bestemme deg og lage hevedeig kvelden før.

laurdag 26. september 2009

Hevedeig/poolish

Eg har lova blogglesarane å kome sterkt attende med fleire brødbakingseksperiment.

Denne gongen har eg lete meg inspirere av Åpent Bakeri si bok. Når eg seier "inspirere" er det mellom anna fordi eg ikkje kunne tenke meg å ha 25 g salt pr kg mjøl i deigen.

Ein av hovudtankane i boka er at lang hevetid utviklar god smak i brøda. Til dagleg kan det vere vanskeleg å finne denne tida. Men med Hevedeig/poolish kan ein gjere første del av prosessen kvelden før ein bakar eller om morgonen viss ein bakar etter arbeidstid. Eg valde å bruke berre fint mjøl i dag for å sjekke smaksutviklinga. Dei brukar ikkje feitt i brøda.

Hevedeig:
3 g gjær (ca på størrelse med ei ert)
1 dl vatn, 30 grader
1 1/2 dl kveitemjøl

Dette rørte eg saman i bakebollen i går kveld.
I dag tidleg hadde eg i
15 g gjær
8 dl vatn
1 1/2 ts salt
mjøl til høveleg deig

Deigen fekk heve til dobbel storleik. Eg laga to runde emne som fekk heve ein halv time før eg forma brød.

Brøda heva fint. Ein kunne strø litt rugmjøl over for utsjånaden sin del. Eg berre snitta dei før eg steikte dei på 200 grader. Eg sjekka ikkje tida, men eg tippar ca ein halv time.
Brøda utvikla verkeleg ein god smak. Dei smakkar heller søtt enn surt som med surdeig. Dei likna desse brøda.

Gratis ferje

I min oppvekst var vi i Trovågen kvar sommar. Dei første åra var det litt av ei Amerikareise med båt til Bergen først. Ein gong leigde vi til og med småfly. Vi var vitne til vegbygging ein sommar. Som ein kuriositet kan eg nemne at det var onkelen til Øystein (gift med søstra til mor hans) som stakk ut vegane i ytre Solund.

Så starta onkelen min (bror til far min) opp med ferje! Då kunne vi ta bil heilt ut. Eg hugsar plankane som var ferjelem. Dei var tilpassa hjula til kvar bil. Tidene har endra seg.

I dag dukka gårsdagens Firda opp i postkassa, og vi kan lese om gratis ferje frå 1. januar.






Pannekakeprat

Etter ei veke med pannekaker på skulekjøkenet, vart det pannekaker til middag her i huset. Olaug hadde det som ønske før ho la i veg på korpshelg.

I dag fekk eg fullt medhald i at steikepanna må vere varm før vi har i smøret, og at vi må passe på. Dei hadde nettopp høyrt om ein brann som starta fordi nokon gløymde ei steikepanne med smør i. Det er stor skilnad på dei elevane som kan å steike pannekaker og dei som gjer det for første gong. Men dei lærer. Både på skulekjøkenet og heime tek eg fram gamle jernsteikepanner. Og så får eg vise fram den nye gammaldagse steikestaden eg kjøpte for eit par veker sidan. Den gamle takka for seg etter 20 år. Her heime vart det servert bacon og blåbærsylte til pannekakene.

Yngstemann sende nettopp ei melding frå Tropical Island. Han har det bra!

fredag 25. september 2009

Manglande familieplanlegging?

Det har i alle fall kome eit nytt kull med søte små hos naboane!


Bok 59: Svensk krim...


.... bruker å falle i smak, men denne boka sleit eg med å få med meg. Det er som med ein del andre lydbøker med mange personar og parallellhandlingar, når trådane vert samla, har ein gått glipp av ein del samanhengar. Forfattaren introduserer mange personar og deira privatliv, men det vert på ein slik måte at det går over min forstand eller fordøyelse.
---
No ser eg at denne anmeldaren er inne på noko av det same som eg:
"Det er ikke så lett å holde rede på de forskjellige karakterene, på handlingen og på hvem som befinner seg hvor til enhver tid i Arne Dahls nye thriller ...."

Oppskrift på tzatsiki?

Er det nokon som kan hjelpe meg med ei oppskrift på tzatsiki frå grunnen av? I boka vi brukar på skulekjøkenet foreslår dei dippmix. Det har eg ikkje funne på Prix. I år har eg ikkje sjekka for å vere ærleg. Oppskrifta eg har brukt før, er eg ikkje nøgd med. Så viss nokon kan hjelpe!?

torsdag 24. september 2009

Lærarane del 5

I dag har eg sett 5. del i serien i opptak. Og som vanleg har eg gjort meg nokre tankar.

Konsekvent?
Den unge læraren seier det rett ut; han likar ikkje å vere streng. Men no har dei laga eit system der kvar elev får med seg anten smilefjes eller merknad heim att. Ein gut fortel at han skal få belønning heime den dagen han får 20 slike smilefjes. Dessverre for han, fell han for freistinga til å kaste papirfly i timen. Denne situasjonen er ikkje på film. På slutten av dagen deler læraren ut arka. Guten får raserianfall fordi han ikkje får smilefjes.

Kva gjer ein lærar? Går etter han som er rasande, viss det ikkje er fare for at han skadar andre? Kva prioriterer læraren? Å ha eit godt forhold til eleven? I alle fall går han for å leite fram eit smilefjes. For oss som ser det heile utanfrå, er det vanskeleg å seie om læraren gjer det rette. Slike rasande elevar bør kanskje kjøle seg ned før dei, får ein håpe, innser at kasting av papirfly ikkje er smilefjesåtferd? Dei som skal oppsede born, anten det er foreldre eller lærarar, kan ikkje gå rundt å vere "populære" heile tida.

Juleavslutning i 1.klasse
Det er rørande å sjå kor fint førsteklassingane stiller opp og syng. Ei stakkars lita jente kjem åleine. Eg synest det er rart at foreldra sender henne åleine. Dei kan ikkje ha forstått kva som skjer.

Fine kort
Slike koselege kort har eg og liggande i ei skuffe frå den tida eg var lærar i barneskulen. Ho seier ho får ta dei fram ein dag ho treng dei. Eg forstår kva ho meiner.

Å ta på sparket
Kvar er lerretet? Er det ikkje verdkart i dette klasserommet? Kjem vi oss ikkje på nettet no? Slike ting lyt ein, som den unge kvinnlege læraren seier, ta på strak arm og finne løysingar

I tillegg til å ta opp nye tema, går livet sin vante gang. Det er vanskeleg å finne kvalifiserte vikarar t. d. Det vert halde foreldremøte. Ein far er negativ til meirarbeid for foreldra. Han vil ikkje ha nye ordningar. Dei har innført eit datasystem som gjer det lett å sende meldingar heim. Eg trur kanskje han snakkar for andre enn seg sjølv.

onsdag 23. september 2009

Det vi likte minst var....


....."dissa pannekakene"! Dette har eg fått høyre på slutten av skuleåret.
---
Då denne boka kom ut, gledde vi oss over nye og spennande oppskrifter. Fylte pannekaker burde vere godt! På frukost-Tv dukka det opp eit par studentar og reklamerte for ei liknande oppskrift. Men dessverre, oppskrifta har ikkje vorte populær på skulekjøkenet. I fjor bytta vi til vanleg kjøtdeig i staden for kyllingkjøtdeig. Det vart heller ingen suksess.
---
I år gjer vi ein ny vri. I heftet "Nyttig om kjøtt" fann vi denne oppskrifta på fyll. Resten av oppskrifta endra vi ikkje på. Dagens elevar var prøvekaninar, og dei let vel. Ein kan sjølvsagt innvende at denne sausen er for lik andre sausar som vi kjem til å lage. Men gjer det noko? Å lage mat ein hugsar ikkje var god, er ikkje kjekt for verken elevar eller lærarar.

måndag 21. september 2009

Dagens fangst...

..på biblioteket.

Boka eg les no "Mørketall" slit eg med. Der er mange personar og parallellhandlingar. Men no har eg lese 3 CD-ar allereie, så eg får gje den ein sjanse.

søndag 20. september 2009

Førti fiskekaker

I går fekk eg 3 kg malen fisk frå Besten. Eg fekk oppskrift av Besta. Så i dag laga eg fiskekaker etter deira oppskrift og instruks.

1,5 kg malen fisk
4 ts salt
2 egg
3 ms potetmjøl (her kunne eg bruke litt meir sidan eg bruker måleskeier..(5)
1 krm muskatnøtt
1 krm pepar
5 dl H-mjølk

Fiskekakene skulle steikast i ei blanding av smør og olje, og formast med ei serveringsskei. Eg brukte Melange utan salt og mjølk og solsikkeolje fordi det var det eg hadde.

Fiskekakene/karbonadane vart kjempegode!

Vi serverte dei med poteter, rømme, sylta raudbetar og furulysalat. Vi tok dei grønsakene/fruktene vi hadde: Kål, eple, gulrot og strimlar av sviske. Eg har lært av elevane mine at det er lettare å få born til å like råkost viss ein brukar jus til dressing i staden for sitronsaft med sukker. I dag hadde eg appelsinjus, men frukostjus er kanskje mest populært. Har ein ananas i salaten, brukar ein litt av jusen frå boksen.



Brødbaking

Vi har begynt med gjærbakst på skulekjøkenet. Eg har funne fram nokre bøker og lese om emnet. På skulekjøkenet driv vi med snøggbaking. Vi set bollen i varmt vatn og vi hevar over damp. Dette har med tida å gjere.

På frukost TV fredag var Morten Shakenda på besøk. De kan sjå innslaget her. Han forklarer korleis ein skal få smakfullt brød med kald deig og lite gjær. I tillegg reklamerer han sjølvsagt for boka si og bakeriet sitt. Eg meiner eg har høyrt at ein kan få kjøpt brøda hans i Volda?

laurdag 19. september 2009

Irsk stuing eller Puspas?

I dag har vi hatt besøk frå Ørsta. Dei hadde ærend med å bringe og hente litt forskjellig. Eg skulle ikkje lage "noko styr", så det vart enkel middag og enkel oppdekking.

Då eg laga fårikål og var innom ein annan blogg med Heidi sine oppskrifter, begynte eg å mimre litt frå praksisen i studietida. På Bergensskulane vart det laga Irsk stuing og ein bergensk spesialitet "Puspas". Eg har sett spekulasjonar om at bergensarane har vorte påvirka av irane. Eg vil heller tru at ein oppfinnelse som å koke kjøt og grønsaker i same gryte, kan gjerast fleire stader samtidig. I Marokka åt vi nydeleg fårekjøt kokt saman med grønsaker servert saman med couscous.

Eg gjekk inn på matprat og søkte på Irish stew og fann ut at det vart brukt ulike grønsaker i dei ulike oppskriftene. Fol tek vel det dei har!

Sidan eg ikkje likar grønsakene ihelkokte, kokte eg kjøtet møyrt først i vatn og 1 ts salt pr kilo kjøt og både heil og vanleg pepar. Deretter hadde eg i dei grønsakene eg hadde i kjøleskåpet: Løk, kålrot, gulrot, sellerirot, kål, blomkål og poteter. Lettvintare kan det ikkje gjerast!

Ein kunne sjølvsagt ha laga saus av krafta og kalla det fårefrikassé. I dag ville vi ha plass til litt jordbærgele.

fredag 18. september 2009

Bok 58: Sidesnuar - sidevridar

Eg har prøvd å kome på eit norsk ord for pageturner. Denne gongen var eg heldig og begynte på den første boka i serien. Hovudpersonane vert bygd opp og skildra slik at det var lett å henge med i svingane.

Hovudpersonen er ein politietterforskar som har overlevd eit fangenskap. Han har eit ambivalent forhold til denne seriemordaren som han no besøker kvar søndag. På grunn av dei medisinske ekperimenta ho påførte han, et han altfor mange piller og er til tider rusa på jobb.

I denne boka er journalisten Susan i ferd med å skrive artiklar om han. Vi ser henne for oss med rosa hår.

Dette er absolutt "min" type krim, seriemord og psykologi. Les gjerne meir her.

torsdag 17. september 2009

Medan eg er i siget



Eg hugsar kor vi flira første gongen Jan Erik Vold dukka opp på skjermen med dette diktet. Denne innspelinga er frå Tokyo i 2008. Kanskje diktet gir noko til dette publikummet?

Diktlesing



Her er noko til norsktimane!

Langdag eller lang dag?



I dag hadde vi tre timar kurs etter jobb. Vi fekk opplæring i Ped It. No kan vi berre drøyme om konon i fleire klasserom slik at vi kan levandegjere undervisninga med t.d. klipp frå YouTube. Førelesaren brukte Martin Luther King sin tale som døme. Sjå 13 minutt ut i filmen. Kva lærar kan greie å skildre denne stemninga?

onsdag 16. september 2009

Lærarane del 4

Eg ser at programserien er godt lagt opp med ulike problemstillingar kvar gong. I del 4 tek dei mellom anna opp dette:

Nasjonale prøver
Desse bør fungere som kartleggingsprøver for den enkelte elev slik at han/ho kan få tilpassa undervisning. På klassenivå kan ein sjå kvar ein skal sette inn tiltak. Her har ein til dømes hatt fokus på lesing. Eg ser inga hensikt i å henge ut skular og klasser. Nokre skular har vore så lure at dei har lete dei svakaste sleppe unna statistikken.

Ekstraressursar
Dette har det nok blitt mindre av i norsk skule. Før hadde ein ekstraressursar til dømes til å dele store klasser i enkelte fag. No er det stort sett enkeltelevar som får ressursar. Det var synd i den vesle, umodne guten med konsentrasjonsvanskar. Når mor ikkje snakkar godt norsk, er det viktig at han får støtte på skulen.

Det vart antyda at guten såg for mykje på TV og fekk for mange fantasiar derifrå. Alt for mange born sit for mykje framfor TV- og dataskjermar. Ungdomsskuleelvar har gjerne både TV og laptop på rommet. Hadde ein sjekka kor mange som er på MSN og liknande kl 2 om natta, er eg redd ein hadde fått ein skummel statistikk.

Papirarbeid
Det skal settast mål, og det skal evaluerast. Som lærar lurer ein ofte på kor vidt foreldre følgjer med på årsplanar og vekeplanar for dei eldste. Men mulegheita skal dei ha. Eg meiner dei kan leggast ut på nettet (PedIt her). Kopiar vert helst stua vekk, og om ein skulle kome på å følgje med, er dei i papirinnsamlinga for lengst. Det som ligg på nettet, kan ein finne når ein ønskjer det. Kven har ikkje fått flotte planar t.d. frå barnehagen, sett litt på den og sett at her har pedagogane arbeidd. Flotte greier! Vedkassa neste... Eg er i alle fall av den type forelder som stolar på førskulelærarar og lærarar.

Bråkeklassa
Her går det som spådd framover. Dei har fått nytt klasserom, og foreldra engsjerer seg positivt.

Elles så går alt sin gang ved skulen. Litt knuffing og krangling er heilt normalt, kvar dag.

tysdag 15. september 2009

Rett tid


Då eg var ferdig med gymnas, fekk eg ei flott klokke i nittenårsgåve/eksamensgåve. Den hadde eg i nesten tjue år. Då hadde eg vent meg til både dato og vekedag.
---
Dei som kjenner meg, veit at eg kjem aldri for seint til ein avtale. Då nyeklokka mi begynte å svikte, og eg kom akkurat på tida, lurte venninnene på om eg kom i det heile. Og svikta meg gjorde ho heile tida. Elevane mine oppdaga det sjølvsagt, og ein av dei hadde sjølvsagt heilt rett tid som sikra dei ekstra langt friminutt eller kortare skuledag. På Osloturen var det skikkeleg irriterande å ikkje vere sikker på tida når ein skal ta ferje t.d. Kunne eg stole på bilklokka?
---
Vel heime var det berre ein ting å gjere, og det var å oppsøke urmakar. Batteriet skifta eg i juni, så eg vart ikkje overraska då det var i orden. Nei, det var noko med klokka, ja. I staden for å levere inn klokka (til høgre) for rensing og reparasjon , slo eg til og kjøpte ei ny. Ho liknar heilt på gamleklokka mi. Her har vekedagen kome på plass att og kjeda har gullpynt. I det eg forlet urmakaren let eg det falle ei bemerkning om "at berre ho ikkje begynner å gå rett igjen". Og kva skjer. Sidan har ho gått som ei klokke!
---
Eg har bestemt meg for å bli glad i den nye klokka, og sette ho på "smykkekontoen". Olaug har fått seg klokke, som eg heldigvis ikkje fekk unødvendig rensa, når gale skulle vere.

måndag 14. september 2009

Bok 57: Barnebok?




Denne boka har eg lese høgt i 10. klasse som ei førebuing til tematuren deira med Kvite bussar.
---
Dette er ei barnebok som fengjer både vaksne og ungdommar. Vi opplever å sjå krigen gjennom Bruno, kommandanten sin son, sine auge. Dei vaksne forklarer ikkje han noko om krigen, så han dannar seg sine eigne bilde av det som skjer. Forfattaren kallar fangeleiren og huset "Alt trist". Føraren får namnet røvaren t.d. Medan mannfolka i filmen er nazistar (ordet vert ikkje brukt), er kvinnene kritiske til det som skjer.
---
Brono flyttar frå Berlin til eit hus utanfor fangeleiren der faren vert kommandant. Guten har stor utfiorskartran og kjem heilt inn til gjerdet til fangeleiren der han møter "Guten i den stripete pysjamasen". Bruno misunner han livet innanfor gjerdet der det er mange born. Mot slutten av boka, lagar gutane i filmen eit hol i gjerdet. Shmuel har skaffa Bruno ei fangedrakt, og dei to tek til å utforske leiren. Eg skal ikkje røpe slutten, berre seie at dette er ei sterk bok.
Filmen med 11 års aldersgrense, verkar etter mitt syn meir barnsleg enn boka. Elevane såg filmen saman med ein annan lærar, så eg er spent på å høyre deira meining i morgon. Vi skal diskutere bok og film som sjanger m.a. No er eg ikkje redd for at dei ikkje skal synest at både boka og filmen er interessant. I Schindlers liste får dei eit vaksnare perspektiv på jødeutryddinga.
---
Konklusjonen må vere at dette er ei barnebok også for ungdommar og vaksne.

søndag 13. september 2009

Bok 56: Sjarmerande


Det er ikkje vanskeleg å forstå at denne boka har vorte ein bestseljar. Samtidig som det skjer ting i notid, vert fortida avdekt, lag på lag. Hendingane er lagt til ein liten italiensk by. De kan lese meir her.
---
Midt i boka fekk eg ei kjensle av å ha sett filmen. Dei får vatn att i ei gammal fontene. Eg ser også for meg andre scener. Men eg finn ikkje filmen på nettet. Kanskje blogglesarane veit om boka er filma?
---
Eg likte godt boka, og finst filmen, vil eg gjerne sjå han (om att)!

Årets første fårikål

Eg var lite inspirert då eg handla inn til helga i går. Det einaste eg kom på av middagsmat, var å trive med meg noko frose lammekjøt på tilbod. I dag laga eg den enklaste retten, nemleg fårikål. Eg kokar den slik eg liker den.
I ei stor panne med teflonbelegg, 10 liter trur eg ho er, hadde eg:

3 1/2 kg lammekjøt (viste det seg)
1 liter vatn
2 middels store kålhovud
2 ms salt
rikeleg med heil pepar

Framgangsmåte: Legg lagvis og lat retten koke minst to timar.

Eg er ikkje av dei som liker fårikålen best oppvarma. Derimot vil eg gjerne ha kål som ikkje har kokt ut i kålen. Så eg ventar cirka ein time med å legge på siste kålhovudet. Etter eit par timar set eg på poteter og heller jamning over fårikålen. Dette gjev ein tynn saus.

Jamning:
3-4 dl vatn
1 dl kveitemjøl

Rist jamninga i eit glas og hell over.

Fårikålens venner har lagt ut oppskrift der du kan endre oppskrifta til så mange porsjonar du vil lage.

P.s.
Viss det vert noko att til i morgon, takkar eg sjølvsagt ikkje nei til oppattvarma fårikål etter jobb i morgon!

NÅ!

De har sett reklamen, den med kor tungvint det er å lage heimelaga vaffelrøre. Sidan "Nå" kom, har eg, etter å ha vist elevane vanleg vaffelrørelaging, laga ei ekstra vaffelrøre med stavmiksar. Alle er då einige i at det er kjempelett. Arbeidet er å leite fram det ein treng. Nokre er skeptiske til havregryna, men etter å ha smakt vaflane, er alle eininge om at dei var gode.

Studenten fekk det gamle vaffeljernet mitt. Han har også fått ein stavmiksar som eg vann. Så eg har lova å legge ut oppskrift til han. Han får vurdere sjølv om han vil ha i salt og vaniljesukker. Det kan sløyfast, meiner eg. Oppskrifta er tatt frå "Kokebok for alle. Frå bollar til burritos."

3 dl mjølk
1 1/2 dl havregryn

1 dl kveitemjøl
2 ms sukker
1 ts bakepulver
(1 ts vaniljesukker/kardemomme)
(1 krm salt)
2 egg
2 ms flytande/smelta margarin

Framgangsmåte: Hå alt i miksarbollen og køyr stavmiksaren nokre sekund til det er blitt ei røre. Vent i ca 20 minutt før du steiker vaflane.

Enklare kan det ikkje gjerast!

P.s.
Eg har sett på ei panne fårikål, og no skal eg gå meg ein tur.

Kommentarar

Før tillot bloggen min anonyme kommentarar. Sjølv kan eg ikkje hugse å ha endra på det, men mulegheita har vorte vekk. No har eg fått vite at det kan vere vanskeleg å kommentere frå enkelte datamaskinar. Derfor har eg gått inn og tillete anonyme kommentarar att. Eg har aldri fått utrivelege kommentarar. No håper eg at fleire vil kommentere. De er så "anonyme" de vil!

laurdag 12. september 2009

Boka er komen


De kan lese meir om boka her og her.

Rognebægele med eple

Øystein plukka nesten 2 kg rognebær. Desse har lagt i frysaren ei veke. Eitt døgn er sjølvsagt nok, men rognebær må ha hatt ei frostnatt anten ute eller inne. Rognebæra kokte eg saman med nesten 1 kg elpe og 6 dl vatn. Ein ser at det er nok kokt når bæra er slappe og fargelause.
Så er det tid for siling. Eg fann ikkje sileduken, så eg tok eit lefseplagg og nokre strikk. Eg kom på nokre bilde frå "gamle dagar" då ein snudde ein krakk opp ned og sette ei bøtte under. Silekledet var då knytt til stolbeina. NB! Ein må aldri falle for freistinga å vri kledet med bæra i. Her lyt ting ta den tida som trengst.
Denne metoden for å få reinast muleg glas, lærer eg vekk på skulen. Glasa og loka får stå på 125 grader i minst 20 minutt.

Det er praktisk med litermål i pannene. Eg fekk 1 l saft.

Eg trur nok geleen ville ha vorte stiv med vanleg sukker. Men rognebæra var godt modne, og eg har ikkje prøvd med eple før, så eg brukte syltesukker.

Alt grums må vekk! Safta bør koke minst 10 minutt.

Så helte eg safta på små glas. Pass på at all reiskap er "kokt". Trekta rullar eg rundt i vatnet i steikeomnen t.d. Flott farge!


P.s.
Eg har lova ein blogglesar oppskrifta på rein rognebærgele. Den ligg nok att på jobb, så det får bli over helga. Skal ein finne rognebær no, må ein nok opp i høgda.



fredag 11. september 2009

Når ein har anna å gjere......

I dag har Olaug og eg utforska dei to nye butikkane i Ulsteinvik, Biltema og Kiwi. Biltema er det ikkje stort å seie om. Dei hadde nokre perler som Olaug ville ha til makramé. Elles får vi gratulere Ulsteinvik med ein ny lagerbutikk. Her kjem vi rett inn i dopapirhyllene og går vidare til potetgull og brus. Det einaste plusset dei får av meg, er for frukt og grøntavdelinga.
Desse norske, raude epla med namnet Kronprins, kosta meg 15 kr. Eitt kilo av dei står no og kokar saman med 2 kg rognebær. Her skal det bli gele etter oppskrifta på Alt godt. Planen er at raudfargen på epla skal gje ein nydeleg farge på geleen. Safta skal få stå til siling i natt. I morgon skal eg koke glasa, for som Gunda seier, ein kokar for fleire år, eller for fleire vener.

torsdag 10. september 2009

Mamma kan du makramé?

Eg skal berre tilstå med ein gong: Eg prøvde å få det over på lærarane. Nei, læraren kan ikkje makramé! Heile prosjektet skulle starte på Biltema med innkjøp av tau og perler. No hadde eg ikkje noko ærend på andre sida av Eidet, så det vart eit kompromiss. Hyssing vart henta, og så var det store spørsmålet: Kva hugsar ein frå barneskulen på 70-talet?

Etter nokre runder der det gjekk rundt, gjekk lyset opp og makraméen var flat. Olaug tok det med ein gong berre ved å ha sett kva eg gjorde og fekk laga det armbandet ho hadde planar om. Og for å vere ærleg er dette kjempeenkelt. Problemet er korleis ein skal begynne. Skal ein feste det fast i noko? Her har minnet svikta.

Eg vil alltid knytte ugler til makramé. Eg har eit vagt minne om ei ugle i vindauget med treklossar som klirra. Elles ser eg for meg blomsterpotter som heng i makramésnorer. For meg er dette veldig 70-tal.

Lærarane del 3

Det halvtimes lange programmet måtte fordøyast før eg kunne sette ord på tankane. Eg har vore lærar i barneskulen, og det er ikkje fritt for at ein kjenner att problemstillingane.

Geburtsdagar
Viss elevane har krangla eller slåst, kan du berre gløyme å undervise før konflikten er løyst. Geburtsdagar (bokmålsord) er ein kime til konflikt. Eg har ringt foreldre, og veit kva ho snakkar om. Foreldre sender kanskje med borna lappar til alle i klassen. På vegen fram til mottakarane skjer det noko. Det kan vere "ein eller annan" som fin på at "ein eller annan" ikkje skal få kome. Lappar vert vekke. Den som ikkje vert invitert vert sjølvsagt skikkeleg såra. Her vil eg råde foreldre til å ikkje adoptere "fornærmelsen" og halde ungen heime frå heile selskapet. Foreldra til geburtsdagsbarnet er sikkert like lei seg. Det er ein kinkig situasjon. Læraren får jobben med å nøste opp alle trådane. Forhåpentlegvis vert det ein kjekk geburtsdag med alle til stades. Desse jentene såg ut til å vere på veg til å ordne opp sjølve. Inviterer ein ikkje alle, bør ikkje lappane delast ut på skulen. Det bør vere ein grei regel.

Jentemobbing
Dette er eit sårt og vanskeleg tema. Eg trur foreldra oftare oppdagar det enn lærarane. Jentene vert nedbrotne og synest det er flaut å seie frå. Mobbarane er utspekulerte og vondskapsfulle og så fine opp i fjeset at ein vil ikkje tru det om dei.

Rampeklassa
Kvar tek dei ungane frå? Er det iscenesett for å vise korleis ein kan snu ei klasse? Stakkars vikarlærar. Ho spelar ut alle korta. Kvifor snakkar ho i munnen på dei? Korleis hadde det verka om ho sette seg på kateteret og såg på dei utan å seie noko? Hm. Det er lett å gje råd når ein ser det utanfrå.

Den profesjonelle
Førsteklassingan er skjønne. Dei seier fine ting til kvarandre. Her er ein lærar som driv med fag og klassemiljø. Ho bygger opp ungane og klassa på ein flott måte.

Det vert interessant å følgje serien vidare.

onsdag 9. september 2009

Surdeig: Dag 5: Korleis skal det gjærast?

I dag skulle vere den store bakedagen. Surdeigen har vore i kjøleskåpet, men står det til liv? Etter nesten fem timar er deigen ikkje i sving. Eg vurderte om eg skulle la han stå over natta, men tok heller og rørte inn ein halv pakke gjær fot å sikre gjæring.
Kva skal eg seie? Vanskegrad: Vanskeleg tok eg som ei utfordring. Dag 2 var det skikkeleg liv i deigen med fare for overbobling. Skulle eg då ha tatt dag 3 om kvelden?
Det er berre ein ting som ergrar meg, og det er at eg brukte feil mjøltype i starten. Dermed kan eg ikkje legge noko av skulda over på brodogkorn.no.


Gårsdagens brød av kastedeig heva nok litt for kort før det kom i omnen. Det var eit ekte latmannsbrød. Eg heiv deigen rett på plata og forma det der. Men godt vart det, og oppete er det.

Om eg gjev meg i kast med surdeig att, får tida vise. Kanskje eg heller satsar på det dei kallar poolish, dvs at ein lagar ein laus deig med litt gjær deigen før ein bakar.