torsdag 10. september 2009

Mamma kan du makramé?

Eg skal berre tilstå med ein gong: Eg prøvde å få det over på lærarane. Nei, læraren kan ikkje makramé! Heile prosjektet skulle starte på Biltema med innkjøp av tau og perler. No hadde eg ikkje noko ærend på andre sida av Eidet, så det vart eit kompromiss. Hyssing vart henta, og så var det store spørsmålet: Kva hugsar ein frå barneskulen på 70-talet?

Etter nokre runder der det gjekk rundt, gjekk lyset opp og makraméen var flat. Olaug tok det med ein gong berre ved å ha sett kva eg gjorde og fekk laga det armbandet ho hadde planar om. Og for å vere ærleg er dette kjempeenkelt. Problemet er korleis ein skal begynne. Skal ein feste det fast i noko? Her har minnet svikta.

Eg vil alltid knytte ugler til makramé. Eg har eit vagt minne om ei ugle i vindauget med treklossar som klirra. Elles ser eg for meg blomsterpotter som heng i makramésnorer. For meg er dette veldig 70-tal.

10 kommentarer:

Besta sa...

Ugla er ikkje så langt unna, men eg trur ikkje der er makramé på den? Eg hadde ei klasse som var parallell til den du gikk i, der lærte eg alle å knyte makramé. Vi knytte endane fasr i stolbeina, meiner eg.Det var liksom typisk 70-tal og husflidsindianarar.

solveig sa...

Det er kanskje vanskeleg å seie kvifor ein knyttar eitt minne til eit anna!
P.s.
Eg er ikkje ute etter den ugla!

solveig sa...

No er det moderne med makramêsmykke, så eg kan aldri forstå at det har vore 70-tals! :/

solveig sa...

-Olaug

arieldog sa...

Eg har aldri laga makramé, men eg òg meiner å hugse ei ugle. I tillegg hugsar eg ei anna ugle, raud, trur eg, som laga lyd med hengande trådar og sponbitar på? Eg har sett at ungdomane går med sjølvlaga smykke, og ein gong i fjor gjorde eg store auge då elevar sat inne i friminuttet og laga/knytte makramé. Det er artig når dei vil lage noko, synest eg.

Besta sa...

Eg lengtar litt tilbake til 70-talet, dvs.til mentaliteten. Då meiner eg folk var meir idealistiske og politisk engasjerte enn no. Men kanskje eg tek feil. Eg er i alle fall sikker på at eg gikk til skulen i ein vest som Solveig hadde vove på handarbeid, for det har eg bilde av.

solveig sa...

Og så laga vi skikkelege ting på handarbeid som var eit viktig fag, og ikkje minst det kjekkaste eg visste. Vi må tilbake til ein grunnskule med meir vekt på praktiske fag, som igjen vil gje overskot til dei teoretiske.

Besta sa...

Eg HATA handarbeid all mi skuletid og kom i ugreie med alle handarbeidslærarar, til og med på Lærarskulen. Eg likte heller ikkje andre praktiske fag. Så ingen er like.

Anlen sa...

7.klassingane i fjor fekk lage makramesmykke dersom dei vart ferdige med andre prosjekt i god tid:)Eg var med på dei timane, og kosa meg med å lære vekk korleis ein kan lage både flat og snurrende makrame...

Olaug får sikkert prøve det på skulen i år, men då kan ho vere til hjelp for dei andre som ikkje kan!

Eg brukar å starte med ei løkke, men eg ser at andre har starta med å knyte gjennom ei perle. Det fungerer okkesom:)

solveig sa...

Takk for tips! No har vi vore på Biltema og skaffa perler, og på Jernia for å skaffe tråd.