Viser innlegg med etiketten romanar 2009. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten romanar 2009. Vis alle innlegg

søndag 27. desember 2009

Bok 76: Langdryg krim

Då eg fann denne boka tilgjengeleg på biblioteket, vart eg glad, og ho kom øvst på leselista.  Etter å ha lese boka, noko som tok si tid av ulike grunnar, er eg ikkje like begeistra.  Kvifor har eg brukt så lang tid på å lese den?  Fordi den er lang med sine 17 CD-ar?  Fordi eg har hatt lite tid til å lese?  Kjem ein over ein pageturner, finn ein som regel tid til å lese.
Eg fann ei melding på NRK som set ord på kjensla ein sit att med etter å ha lese romanen: Spennende men lang Hole.

tysdag 8. desember 2009

Bok 75: Ei perle av ei bok


Vi har høyrt og lese delar av historia om norske Marianne som var gift med Axel Jensen, og som hadde eit forhold til Leonard Cohen.  Han laga også ein vakker song til/om henne.  De kan lese meir her.


Marianne Ihlen fortel i boka si om forholdet til Axel Jensen og Leonard Cohen.  Den første får sitt pass påskrive, likevel utan at han vert skildra i svart/kvitt.  Forholdet til Leonard er vakkert skildra.  Ho er hans første kjærleik.  Og han seier at han er like glad i guten, Axel, som han er i henne.  Men han er jøde og  kan ikkje gifte seg med ei fråskild kvinne.  Etter at forholdet tek slutt, hjelper han henne økonomisk.

Mykje av handlinga går føre seg på den greske øya Hydra.  Kunstnarmiljøet her er interessant å om. Det er sjølvsagt naivt å tru at heile sanninga kjem fram, men vi får høyre om narkotikabruk i tillegg til at alkoholen flyt heller fritt.  Kjøtkaker krydra med marihuana gjev festleg stemning i heimen.

Kos dykk med "So long, Marianne", videoen under - og boka.

torsdag 3. desember 2009

Bok 74: Krim?


Eg ser at enkelte stiller spørsmål om dette er ei krimbok. Viss ein meiner at det skal vere ei krimgåte som vert løyst, så fell denne romanen utanfor sjangeren.

Hovudpersonen er ein kar på moped som veks opp med ei alkoholisert mor.  Han gjer ein del grove rampestrekar han ikkje skjøner rekkevidda av.  ein snøball begynner å rulle.

Akkurat som i andre romanar får vi sympati for personane, både dei "vonde" og dei "gode".  Her er spenning til siste slutt!

Dette er ei bok blogglesarane må få med seg anten dei liker krim eller ikkje.

onsdag 25. november 2009

Bok 73: Reprise


Denne boka trudde eg ikkje at eg hadde lese.  Men eg vart meir og meir usikker, for her var mykje eg drog kjensel på.  Heilt sikker vart eg ikkje før eg plutseleg såg for meg eine blomsterbedet mitt.  Eg må ha hatt den på øyret medan eg luka.

Dette er Fossum i kjend stil. Vi får innsikt i forbrytaren sin tankegang, og vi får nesten sympati for han.  Det er ein stakkar på mange måtar.  Eit innbrot går gale og han vert drapsmann.  Sejer løyser sjølvsagt saka.

Dette er god krim som toler å bli lesen om att.  No har eg fått tak i ei til av same forfattar som eg gler meg til å lese.  Elles så minner eg om Dagbladet si kåring av beste krim.  Vinnaren er ei av mine yndlingsbøker.

søndag 22. november 2009

Bok 72: Rivertonprisvinnar

I fare for å gjenta meg sjølv: Varg Veum er best i lydbok! Lasse Lindtner gjev boka ein ny dimensjon.  Når han les sunnmørsk damestemme t.d., viser han stort skodespelartalent.

Sjølve historia er i kjend Staalesen-stil.  Her er trådar attende til fortida. 

Språket er karakteristisk.  Det er proppfullt av samanlikningar og sarkasmar, noko eg har stor sans for.  Han gjev gjerne personane namn med bokstavrim som Bodil og Berit Breheim, Solveig Sletta m. fl.  Dette gjer dei lettare å hugse jfr: Håvamål. (Dette er til 10.klassingane mine!) Veum føler seg vis som Salomon, men ikkje høgare i hatten enn Jørgen hattemakar ved eitt høve.  Eit blomstrande språk med andre ord.

Les meir her og høyr gjerne boka. 
For dei som likte filmane: Bøkene er mykje betre!

fredag 13. november 2009

Bok 71: Kokkekrim


Dette er den andre boka i serien med kokken Fredric Drum som detektiv. 

Eg har vorte temmeleg kresen på krim, og eg har nok likt betre dei andre nyare eg har lese i serien. Nygårdshaug skriv artig, men ein gissar løysinga litt for lett.  Dette er grei underhaldning.  Terningkast 3 frå meg.

Les gjerne meir om boka her.

måndag 9. november 2009

Bok 70: Grei krim


Faldbakken skriv godt, og krimgåta vert oppklart på ein truverdig måte.  Likevel sit ein att med ei kjensle av at han helst har lyst til å skrive om parforhold som knirkar. Men krim gjev inntekter!?

Det er kanskje menneskeskildringane og skildringane av forhold mellom menneske som gjer boka til litt over gjennomsnitt god. Eg ser at  anmeldarar gjev boka terningkast 3, sjølv ville eg ha landa på 4.

Les gjerne meir om boka her.

måndag 2. november 2009

Bok 69: Finsk forteljarglede


Dette er forteljinga om ei gammal dame som vert terrorisert av ein nevø som ho har vore som ei bestemor for.  I staden for å la seg knekke, går ho til, ikkje berre forsvar, men motangrep.

Her er det berre å la seg rive med i forteljinga og vere med på reisa..  Dette er ei lettlesen bok som høver for alle som elskar finsk humor.

Les meir om boka her og unn deg å lese boka, gjerne som lydbok.

torsdag 29. oktober 2009

Bok 68: Ukonvensjonell barndom


Denne boka har eg hatt lyst til å lese ei stund etter å ha lese meldingar av ho.  Laurdag såg eg intervjuav  forfattaren som var gjest i "Viggo på lørdag".

Handlinga går kort sett ut på at mor forlet far og datter.  Far har alkoholproblem og er som regel blakk.

Kan det bli god litteratur av dette? Ja, for boka handlar om så mykje meir!  Den handlar mellom anna om klasseskilje og stoltheit.  Den handlar om kjærleik og overlevelsesevne.  Og ikkje minst, så handlar den om kva som er god omsorg.  Kor viktig er reine laken?  Kven svik kven?

Dette er ei barndomsskildring som skil seg ut.

Les denne omtalen, og les boka!

laurdag 24. oktober 2009

Bok 67: Brutal balanse



Dette er ei bok med mange sider, ikkje bokstavleg, men denne boka rommar mykje.

Utgangspunktet for boka er eit vanskeleg far-son-forhold.  Der far og son står steilt mot kvarandre politisk.  I ein fireårsperiode nektar sonen, altså forfattaren, å snakke med faren.  Faren les inn ting han har lyst til å seie, på kassettar.  Etter kvart finn sonen ut at han må skrive far si historie.  Her går han inn i noko han ikkje veit kva som vil kome ut av.

I byrjinga får vi høyre om Petter frå Raufoss.  Det er historia om den einsame guten som vert ihuga nazist.  Vi følgjer han i krigen der han mellom anna får alvorlege frostskadar i Ukraina.

Far vil ikkje fortelje alt.  Noko har han fortrengt.  Vi følgjer sonen attende til Ukraina.  Eit sentralt spørsmål er om faren var med på nedslaktingar av jøda.  Eit anna tema er anger.

Vert rasisten omvend på slutten av livet?  C. I. Hagen er for lite tøff for faren. Han melder seg inn i blåare/brunare parti.  (Her vil eg ikkje bruke namn som gjer at desse partia vert knytte til bloggen min.) Han bur i eit strøk med mange mørkhuda som han føler seg trua av.  Muslimar legg han for hat.  Ironisk nok får han ein pakistansk fastlege på sine gamle dagar. Han er den første legen som tek krigsskaden hans på alvor, føler han.

Dette er ei bok med mange forteljingar.  Når du skal skrive om far som er nazist og rasist, må du balansere alt du skriv.  Dette gjer forfattaren på ein meisterleg måte.  Boka er ein sterk kandidat til "Årets bok" på bloggen min.  Virkelegheita overgår ofte fantasien.  Dette er ei slik bok.  Og den er full av tankar som set lesaren sine tankar i sving, og den er ærleg.  Dette er ei bok som alle vaksne vil ha glede å nytte av å lese.

Les meir her - og les boka.

onsdag 21. oktober 2009

Bok 66: Eventyr for vaksne



Dette er den siste boka av forfattaren.  Det var denne eg lånte først, før eg kom på at eg ville lese den andre dei hadde på biblioteket først.  Eg har no kome til eit punkt der eg har lese alle lydbøkene på biblioteket anten som lydbok eller papirbok.

Eg har sansen for språket i boka og delar av forteljinga.  Det er ikkje det at alt eg les må vere sannsynleg.  Men dette vert berre for fjernt for meg.  Utanomjordiske vesen har eg ikkje sansen for.  Og heller ikkje "Eg vakna og så var det berre ein draum".  Til det har eg lese for mange skulestilar. Ei anna svakheit med boka er at lesaren forstår meir enn helten tidleg i boka.  Som eg skreiv om den andre boka av forfattaren, er det fare for  mislikar sjangeren meir enn romanen. 

Les om boka her.

P.s.
I morgon skal eg på biblioteket i nabobyen og finne ei bok eg veit eg vil like.

torsdag 15. oktober 2009

Bok 65: X-faktor?


Idéen bak denne boka er kanskje det mest spesielle. Paret som begynner å kjede seg, og som begynner å gå på visningar. Han får tilbod om å skrive eit filmmanuskript til ein såkalla erotisk film. Denne heiter sjølvsagt Visning. Kva er verkelegheit og kva er filmmanus? Manuskriptet vert forkasta, men dukkar det opp att? Kvifor går ho med parykk? Ho forsvinn, og det vert ei kriminalsak.
---
I byrjinga synest eg boka var heilt middels. Men etter å ha lese boka, må eg medgje at der er noko med den. Men det er vanskeleg å forklare kva det er. Kanskje det er denne X-faktoren?
---
Les meir om boka her.

søndag 11. oktober 2009

Bok 64: Kortprosa

I går plukka eg med meg denne boka frå biblioteket. Det er ei lita bok med korte tekstar.

Denne forfattaren synest eg er flink til å skildre stemningar. Les gjerne omtalar her. Og som eg har skrive før, så er språket godt.

Elles vil eg oppmode blogglesarane om å ta med seg denne boka heim frå biblioteket neste gong dei er der. Boka er annleis enn alt anna ein har lese. Nokre tekstar tek ein med ein gong, andre må ein grunde litt på.



laurdag 10. oktober 2009

Bok 63: Eventyrroman

Helten i denne boka er ein arkeolog som er albino. Han løyser mysterium over heile verda. Denne romanen tek oss mellom anna til Island, Dollsteinhola, stavkyrkja i Lom, Roma, Egypt, New York og Den Dominikanske republikk. I tilleg foregår historia frå vikingtid til notid. Kven som er skurkar og kven som er gode hjelparar, "paktens voktere", er uvisst før i siste kapittel.

Forfattaren vert samanlikna med Dan Brown, og det kan ein forstå.

Eg synest det er vanskeleg å ha noko meining om denne boka. Det er ikkje min sjanger. Det ville vere som å melde actionfilmar. Det finst gode og dårlege, men eg liker eigentleg ikkje sjangeren.

måndag 5. oktober 2009

Bok 62: 13 på dusinet


Eg vil ikkje gje meg ut på noko bokmelding av denne romanen. For meg vart den temmeleg "intetsigande". Av meldingane de finn her, vil eg slutte meg til den med overskrifta "lite fengende", men som de ser, folk har ulike meiningar. Viss ein liker Woody Allen- og Scener fra et ekteskaps-liknande filmar, ja då kan de hende ein liker denne romanen.

fredag 2. oktober 2009

Bok 61: Liv, død og galskap


Eg var i utgangspunktet skeptisk til denne boka, ikkje til forfattaren rett nok. Men når den skal handle om ei ung kvinne som gjer sjølvmord og vaknar opp med skada hjerte slik at ho berre har få dagar att å leve, då lurer ein på om dette kan bli vel sært, sjølv for meg.
--
Men boka handlar om så mykje meir. Psykiatrien får sitt. Fordommane våre vert utfordra. For kva er normalt? Kva gjer livet verd å leve? Skal vi leve for andre?
--
Eg ser at ein av anmeldarane her ikkje likte slutten. Det gjorde eg! Eg synest den var både overraskande og "logisk". Les boka!

søndag 27. september 2009

Bok 60: Lettlesne noveller


Denne krimnovellesamlinga er frå 1992.
---
Novellene er ulike, og det vert sjølvsagt til at ein liker nokre betre enn andre. Sjølv har eg spesielt sansen for "Polarsafari" der naturen tek ein grusom hevn.
---
Boka er god underhaldning.
Les gjerne meir her.

fredag 25. september 2009

Bok 59: Svensk krim...


.... bruker å falle i smak, men denne boka sleit eg med å få med meg. Det er som med ein del andre lydbøker med mange personar og parallellhandlingar, når trådane vert samla, har ein gått glipp av ein del samanhengar. Forfattaren introduserer mange personar og deira privatliv, men det vert på ein slik måte at det går over min forstand eller fordøyelse.
---
No ser eg at denne anmeldaren er inne på noko av det same som eg:
"Det er ikke så lett å holde rede på de forskjellige karakterene, på handlingen og på hvem som befinner seg hvor til enhver tid i Arne Dahls nye thriller ...."

fredag 18. september 2009

Bok 58: Sidesnuar - sidevridar

Eg har prøvd å kome på eit norsk ord for pageturner. Denne gongen var eg heldig og begynte på den første boka i serien. Hovudpersonane vert bygd opp og skildra slik at det var lett å henge med i svingane.

Hovudpersonen er ein politietterforskar som har overlevd eit fangenskap. Han har eit ambivalent forhold til denne seriemordaren som han no besøker kvar søndag. På grunn av dei medisinske ekperimenta ho påførte han, et han altfor mange piller og er til tider rusa på jobb.

I denne boka er journalisten Susan i ferd med å skrive artiklar om han. Vi ser henne for oss med rosa hår.

Dette er absolutt "min" type krim, seriemord og psykologi. Les gjerne meir her.

måndag 14. september 2009

Bok 57: Barnebok?




Denne boka har eg lese høgt i 10. klasse som ei førebuing til tematuren deira med Kvite bussar.
---
Dette er ei barnebok som fengjer både vaksne og ungdommar. Vi opplever å sjå krigen gjennom Bruno, kommandanten sin son, sine auge. Dei vaksne forklarer ikkje han noko om krigen, så han dannar seg sine eigne bilde av det som skjer. Forfattaren kallar fangeleiren og huset "Alt trist". Føraren får namnet røvaren t.d. Medan mannfolka i filmen er nazistar (ordet vert ikkje brukt), er kvinnene kritiske til det som skjer.
---
Brono flyttar frå Berlin til eit hus utanfor fangeleiren der faren vert kommandant. Guten har stor utfiorskartran og kjem heilt inn til gjerdet til fangeleiren der han møter "Guten i den stripete pysjamasen". Bruno misunner han livet innanfor gjerdet der det er mange born. Mot slutten av boka, lagar gutane i filmen eit hol i gjerdet. Shmuel har skaffa Bruno ei fangedrakt, og dei to tek til å utforske leiren. Eg skal ikkje røpe slutten, berre seie at dette er ei sterk bok.
Filmen med 11 års aldersgrense, verkar etter mitt syn meir barnsleg enn boka. Elevane såg filmen saman med ein annan lærar, så eg er spent på å høyre deira meining i morgon. Vi skal diskutere bok og film som sjanger m.a. No er eg ikkje redd for at dei ikkje skal synest at både boka og filmen er interessant. I Schindlers liste får dei eit vaksnare perspektiv på jødeutryddinga.
---
Konklusjonen må vere at dette er ei barnebok også for ungdommar og vaksne.