laurdag 24. juli 2010

Majones frå grunnen av

Det har eg aldri laga før!  Før eg for på ferie, fekk eg smake heimalaga aioli utanfor Prix.  Det var kjempegodt.  I dag tenkte eg å begynne med det enklaste, nemleg vanleg majones.  Så eg tok fram den velbrukte raudruta kokeboka mi. 

Eg rørte først saman:
2 eggeplommer
1 ts sennep, dijon
1/3 ts salt
1/5 ts kvit pepar (eg hadde berre svart om nokon ser prikkar)
1 1/2 ms sitronsaft

Så spedde eg med 3 1/2 dl olje (eg brukte oliven, men ser at der står solsikkeolje i andre oppskrifter)
NB! Tynn stråle!

Dette gjekk heilt fint.  Majonesen tjukna etter kvart som ein hadde meir olje i.

Majonesen min vart nok ikkje så mild som Mills, kanskje fordi eg var litt raus med sennepen, eller fordi eg brukte olivenolje. Her tek eg imot gode råd!  Ikkje fordi at det er noko poeng at den skal smake kjøpt...

Kva som kom opp av frysaren i dag? Ja, ein pakke heimelaga fiskekaker.  I staden for å lage coleslaw, fann eg ut at eg kunne lage remulade.  Det er så gammaldags at dei yngste her ikkje hadde smakt det før.  Kanskje eg skal lage cabaret av nokre reker frå frysaren ein annan dag! Eg blanda litt lettrømme og hakka sylteagurkar i litt av majonesen.  Ærleg talt så trudde eg ikkje dette ville falle i smak, men det gjorde det!

6 kommentarer:

Besta sa...

I min barndom fanst det ikkje majones å få kjøpt, så ville ein ha, måtte ein lage den sjølv.
Mamma brukte av og til å lage diverse selskapsmat på bestilling og ein av rettane ho laga var italiensk salat.Då måtte ho røre majonesen sjølv, for hand. Eg vart send på apoteket for å kjøpe olivenolje, slikt var ikkje å få kjøpt på butikkane.
Eg hugsar også då dei første glasa med Mills majones kom i handelen, det var storveges. Og tenk majonesen var på glas som kunne brukast som drikkeglas !!!!

Anlen sa...

Dette ser snadder ut:) Men eg trur kanskje ikkje at eg kjem til å lage majones sjølv...

Milena sa...

Hvis Mills majones var laga med oliven olje var den sikkert mykje dyrare:-)
Eg laga også majones,men bare til meg sjølv..ungane lika den kjøpte. Bearnaise saus laga eg også sjølv,den kjøpte er alt for salta for min smak.Den er nokså enkel å lage og passa godt til både fisk og biff!

solveig sa...

Vi bruker ikkje så mykje majones. Men det kan no vere greit å kunne det meste frå grunnen av, i tilfelle ein ikkje har pakkar og posar i hus. Kanskje ein skulle sjekke E-stoffa ...

Alt godt sa...

Viss du skal bruke olivenolje anbefalar eg den milde. Extra Virgin vert for pepra og bitter til å verte brukt åleine i majones (og til aioli og, syns eg). Eg brukar solsikkeolje, soyaolje eller druekjerneolje i majones og i aioli. Når eg lagar aioli tek eg i litt extra virgin til slutt, for å få litt "punch".

Alt godt sa...

Når far min gjekk på framhaldsskule "oppi vik" bude han på hybel, og ordna seg sjølv med det meste. Det einaste han åt på brødskiva var majones. Då han var ferdig kom han heim med tjue (!!) drikkeglas til ne bestemor. Ho hadde framleis att av dei glasa då eg var lita.