søndag 4. juli 2010

Svar på utfordring

For to veker sidan fekk eg denne utfordringa:
"Skriv seks fine ting om deg selv, og post et bilde av deg selv som du er fornøyd med. Når det er gjort skal du utfordre seks andre til å gjøre det samme."

Kva er tanken bak denne utfordringa, var den første tanken min.  Er det for at eg skal begynne å tenke positive tankar om meg sjølv, eller er det fordi blogglesarane vil vite meir om meg?

Medan systra mi som utfordra meg først hadde tenkt på ulike variantar av arbeidssam, var det som først slo meg ulike variantar av flink.  Eg er oppseda i ei tid då gutane fekk koppar med flink gutt på, og jentene fekk kopp med snill pike på.  For opplyste foreldre var det viktig å oppsede borna likt.

Elles synest eg det er vanskeleg å seie at ein eigenskap berre er positiv eller negativ.  Staheit vert t.d. vanlegvis rekna som negativt, men det har vel hjelpt mange.  Eg meiner og at snillheit ofte vert misbrukt.  Eg skal ikkje utdjupe dette meir, men ber dykk om å ta dette for det det er!

Eg er/har passeleg:
stabil
omsorgsfull
ansvarsfull
bra humor og humør
makeleg anlagt, men ikkje så verst sprek
til å stole på

Oi, når eg først var i gang, kunne list blitt lengre;-)  Men eg får stoppe der.

Bilde av meg sjølv blir eg aldri fornøgd med.  Eg ser meg sjølv i speilet kvar morgon og seier at betre vert det ikkje.  Bildet på profilen min som vart tatt på mamma sin 70-årsdag, er det næraste eg kjem.  Men eg har funne fram eit bilde der eg må vere 15-16 år.  Kanskje litt artig for elevane som er innom bloggen.  Kanskje noko for interiørbloggarane og?

Utfordringa går vidare til alle som er innom bloggen!

3 kommentarer:

Besta sa...

Det med eigenskapar som kan oppfattast ulikt, har du heilt rett i.Å vere snill har faktisk fått tydinga dumsnill for mange.Eigentlig er det jo positivr å vere snill, men det er ikkje det første som fell meg inn når eg skal beskrive deg-eller meg sjølv.
Dei gardinene på bildet kan eg ikkje hugse, eller kanskje eg har fortrengt dei? Frisyren var tidstypisk.

Besta sa...

Eg fann eit anna ord for snill:
VELMEINANDE.
I det ordet legg eg at ein gjer det som ein meiner er best for dei rundt oss der og då, sjølv om dei ikkje oppfattar det som snilt.
Velmeinande er vi vel alle, kvar på vår måte.

solveig sa...

Av og til meiner eg at folk brukar at dei er så snille som ei unnskyldning for å ikkje ta tak i ting. Av og til treng folk eit spark bak, ikkje eit klapp på skuldra. Då meiner eg t.d. friske ungdommar.