søndag 11. juli 2010

Daftö i Strömstad

Det viste seg at campingplassen der vi hadde bestilt ei overnatting, var ein bror min bruker å campe på.  Det er ikkje vanskeleg å forstå at dei minste borna liker seg der.  Der var høvelege basseng og ein stor, trygg leikeplass der dei verkeleg kunne boltre seg.  Vi fekk møte minstemann som vi ikkje har sett før!
Temaet på campingplassen, eller campingbyen som eg vil kalle det, var piratar.
Vi hadde bestilt familierom med hotellstandard.  Rommet var kjempestort.  Utanom sesongen vert det brukt til konferansar.  Toaletta var i gangen, men dusjane var i fellesanlegga.  Frukosten var heilt grei.

3 kommentarer:

Besta sa...

Koselige bilde frå Daftø. Snakka med Rasmus ista, då var dei komne heim. Vi reiser kanskje austover om ein dag eller to. Ser at Ingar blir meir lik Storebror enn Mellombror.
Kunne hatt slektsstemne på det familierommet.

solveig sa...

Der var ei dobbelseng til 3 til saman!

Orlaug sa...

Hei på deg!
Takk for besøk på bloggen min.....det var koseleg.
Ha ein fin ferie i Sverige!