onsdag 21. juli 2010

Innearbeid

I serien "uansett ver - det er alltid noko å gjer' ", har eg i dag kome til fryseboksane.  Ja, eg har sjølvsagt to, noko som og er ein fordel når dei skal avisast, vaskast og ryddast. Ein kan ta ein om gongen medan ein kan bruke den andre til å oppbevare mat i mellombels.

I dag kombinerte eg mat frå hagen og mat frå fryseboksen.  Det vart minestronesuppe etter denne oppskrifta. I frysaren hadde eg kjøtdeig, skvåsj og kvite bønner.  I hagen fann eg frisk oregano og kvitløk. Graset på kvitløken og oreganoen hakka eg i stavmiksaren.

1 kommentar:

Besta sa...

Litt til gagns har eg også gjort i dag. Vi har klipt ned all grasløken, og eg har klipt opp og frose ein heil plastboks. Når løken veks opp att skal eg lage til meir. Fint å ha i eggerøre etc. utover vinteren. Ruccolaen veks utover alle bakkar så eg klipte av dei lengste stenglane. Det var mykje meir som skulle vore gjort ute, men det er så klissete og vått........To frysarar? Vi har 4 viss eg reknar med den som er i kjøleskapet.