måndag 26. juli 2010

Jordbær med fløyte

Ein gong i året - minst - må ein unne seg jordbær med sukker og rein kremfløyte. 

I dag hadde dei 4 kilos kartongar med reinsa jordbær frå Valldal på Prix.  Vanlegvis må ein bestille, men i år ville dei ta inn litt ekstra kvar dag.  Eg sikra meg to kartongar i dag med nydelege solmodne bær.  Det som ikkje gjekk med til dessert, skal rørast.

Jordbær er nydeleg og kan etast med godt samvit året rundt.  Det inneheld både jern og vitamin C, ein god kombinasjon for å få jern i blodet, populært kalla "blodprosenten".

P.S.
Det rørte syltetøyet skal sjølvsagt leggast i den reine frysaren.  Frå den andre tok eg opp sei til middag.  WISP- Work in slow process.

3 kommentarer:

Besta sa...

No blei eg misunnelig. Vi plar alltid ha så mykje jordbær i eigen åker at vi har til ein porsjon eller to med jordbær og fløte.Men ikkje i år. Åkeren er for ny og veret for dårlig. På Austlandet og i Sverige var det jordbær til sals over alt, men her har det vore lite. Forresten har eg nesten ikkje vore på butikk etter at vi kom heim. Tenkte at eg skulle kjøpe litt bær og røre i lag med rips, som har hopa seg opp i frysaren.

solveig sa...

Ripsen er grøn her, så eg må vel gjere det omvendt ... Ein god kombinasjon.

Alt godt sa...

Rensa bær, ja, now we're talkin'...