laurdag 31. oktober 2009

Fyldig fiskesuppe


Eg har laga fiskesuppe eit par gongar i det siste med utgangspunkt i ei oppskrift i skulekokeboka og mamma si oppskrift.  Dette er populær mat i heimen.  Eg begynte med steg for steg-bilde, men gløymde å ta bilde av den ferdige suppa.  Ein kan greie seg med ingrediensane på det store bildet, men i dag hadde eg nydeleg torksefilet også. 

Eg starta med å koke opp
1 liter fiskebollekraft+vatn
1 fiskebuljongterning
1/2 ts salt (ev meir når ein smakar til suppa)
Så delte eg grønsakene i strimlar
2 små gulrøter
1/2 purreløk
2 tynne skiver sellerirot
Dette fekk koke litt før eg hadde på ristejamning
1 1/2 dl mjølk
3 ms kveitemjøl
(Her kunne eg vel ha brukt vatn sidan eg har i fløyte/rømme seinare)
Suppa fekk koke vidare 7-8 minutt.  Eg valde å ha fiskebollane i mot slutten.
Det som er "vanskeleg" er tilsmakinga. Eg hadde i
1/2 boks rømme
i dag.  Sist hadde eg i 1/2 pk kremfløyte.  Mengda sitronsaft vert ulik.  Til fløyte kanskje 1 1/2 ms, til rømme berre 1/2.  Her må ein smake seg fram.  I dag kom eg fram til at det er enklast med fløte.
fiskefilet
Denne skal berre trekke i suppa til slutt. 

Blogglesarane må gjerne kome med synspunkt på suppa.  Er det noko poeng å bruke eddik når ein har sitron i huset t.d?

Laurdagsdikt

Diktet er tatt frå same diktsamlinga som under.  Eg har funne det i eit sidemålskurs for ungdomsskulen. Men det kan hende at vi vaksne som har vakse opp i monopoltida,  har betre bakgrunn for å forstå det.

Kjensler for hest
Eg likar ikkje hestar,
eg hatar gamle gampen
som luntar rundt på travbanen
midt i tippekampen.

Eg kjem til å hata hestar
til dagen eg ligg død,
eg står fast på min parole,
hest er best på brød.

fredag 30. oktober 2009

Dagens dikt

Heiter hylla di Ivar?
Eg har ei hylle som heiter Ivar.
Eg har eit bord som heiter Kjell,
mens sofaen eg ligg i,
den heiter Isabell.

Eg har ei lampe som heiter Tommy,
og nattbordet Jonatann,
senga eg søv søtt i,
den heiter Mimiann.

Eg ynkar, stønnar og ber meg,
eg er ein einsleg og vilter ramn
som hoppar til sengs med ei seng,
ei seng som har damenamn.

Eg rullar meg rundt i dynene
på Mimianns mjuke laken
gnir meg inntil ho,
men berre eg er naken.

Men så får eg ein kniv i ryggen,
så drepande og kvass,
for eg gløymde at det eg ligg på,
er Frode overmadrass.

Frå Jon Hjørnevik: I ein sofa frå Korea - dikt i utsal,
Det norske Samlaget 2001

torsdag 29. oktober 2009

Bok 68: Ukonvensjonell barndom


Denne boka har eg hatt lyst til å lese ei stund etter å ha lese meldingar av ho.  Laurdag såg eg intervjuav  forfattaren som var gjest i "Viggo på lørdag".

Handlinga går kort sett ut på at mor forlet far og datter.  Far har alkoholproblem og er som regel blakk.

Kan det bli god litteratur av dette? Ja, for boka handlar om så mykje meir!  Den handlar mellom anna om klasseskilje og stoltheit.  Den handlar om kjærleik og overlevelsesevne.  Og ikkje minst, så handlar den om kva som er god omsorg.  Kor viktig er reine laken?  Kven svik kven?

Dette er ei barndomsskildring som skil seg ut.

Les denne omtalen, og les boka!

Over Eidet etter bøker II


I dag har eg vore over Eidet att.  Etter to langdagar med kontaktmøte til 17, var det godt å ta seg ein biltur.  No kan blogglesarane uttale seg om kva for bok eg skal lese først, ei av desse eller Faldbakken?

tysdag 27. oktober 2009

Orddeling


denne sida finn de tips som kan gjere det meir morosamt, og kanskje lettare, å lære om orddeling.


måndag 26. oktober 2009

Gratulerer!


I dag vil vi gratulere bror min med dagen! 

Det er berre vel eit år imellom oss, så vi leika mykje saman i barndomen. I elleve år gjekk han ei klasse under meg.  Seinare valde vi ulike utdanningsstader og vi har busett oss på kvar si side av landet. Men jammen har vi ikkje enda opp i same yrke som systra vår!

Vi skulle sjølvsagt ønska at vi budde nærare kvarandre slik at vi fekk sjå dei oftare.  Om ikkje bror min endrar seg så mykje mellom kvart treff, så utviklar gutane seg i raskt tempo.

Ha ein fin dag!
Helsing frå alle frå Hareid

søndag 25. oktober 2009

Sukkerbrød med kakao


Kva kake skal eg lage? Blautkake?  Sjokoladekake?  Når ein har avgrensa med tid, kan ein slå til med ei sjokoladeblautkake.  Eg laga dobbel porsjon i ei 28 cm.  Etterpå tenkte eg at eg kunne heller ha laga to 22 cm store botnar og steikt dei samtidig.

Ein slik botn pyntar ein som ei vanleg blautkake.  Eg brukte Piano vaniljekrem, vanleg krem og pærer.  Eg dynka med sukkerlaken frå pærene. Til pynt kan ein sjølvsagt bruke all slags sjokolade.  Eg raspa berre litt kokesjokolade.  Breuker ein sjokoladesaus på flaske, noko ungane liker godt, er det lurt å ha på rett før servering, eller la kvar ta på til seg sjølv.


Denne oppskrifta er frå den blå "Frå bollar til burritos".  Det er med andre ord ei enkel og grei oppskrift.

3 egg
1 dl sukker

1 dl kveitemjøl
3 ms kakao
1 ts vaniljesukker
1/4 ts bakepulver

Rund form 22 cm.
Steik ved 175 grader i ca 30 minutt.

  1. Pisk eggedosis av egg og sukker.
  2. Sikt på det tørre.  Bruk sleikjepott, ikkje maskin.
  3. Slå røra i ei form kledd med bakepapir og steik kaka.

Moldensarar på middag


I dag har vi hatt triveleg besøk frå Molde.  Som observante blogglesarar kanskje ser, har eg kjøpt meg ny duk.  Eg fann den på eit 50-kronersbord på Kid torsdag.  Serviettane fann eg på ein butikk på same kjøpesenter som hadde "Halv pris på hele butikken".  Enkelte i huset kommenterer dei knørva dukane mine.  Venninna mi som vi var hos i går kveld, hadde skaffa seg nervøs fløyel frå Jysk.  Det spørs om ikkje eg og skal kjøpe meg nokre meter neste gong eg er i Ørsta.  Alternativet er sjølvsagt å ta fram strykejernet i god tid før gjestene er venta.

Kva som stod på menyen? I dag vart det god, gamaldags svinesteik med frukt og krem til dessert.

laurdag 24. oktober 2009

Bok 67: Brutal balanse



Dette er ei bok med mange sider, ikkje bokstavleg, men denne boka rommar mykje.

Utgangspunktet for boka er eit vanskeleg far-son-forhold.  Der far og son står steilt mot kvarandre politisk.  I ein fireårsperiode nektar sonen, altså forfattaren, å snakke med faren.  Faren les inn ting han har lyst til å seie, på kassettar.  Etter kvart finn sonen ut at han må skrive far si historie.  Her går han inn i noko han ikkje veit kva som vil kome ut av.

I byrjinga får vi høyre om Petter frå Raufoss.  Det er historia om den einsame guten som vert ihuga nazist.  Vi følgjer han i krigen der han mellom anna får alvorlege frostskadar i Ukraina.

Far vil ikkje fortelje alt.  Noko har han fortrengt.  Vi følgjer sonen attende til Ukraina.  Eit sentralt spørsmål er om faren var med på nedslaktingar av jøda.  Eit anna tema er anger.

Vert rasisten omvend på slutten av livet?  C. I. Hagen er for lite tøff for faren. Han melder seg inn i blåare/brunare parti.  (Her vil eg ikkje bruke namn som gjer at desse partia vert knytte til bloggen min.) Han bur i eit strøk med mange mørkhuda som han føler seg trua av.  Muslimar legg han for hat.  Ironisk nok får han ein pakistansk fastlege på sine gamle dagar. Han er den første legen som tek krigsskaden hans på alvor, føler han.

Dette er ei bok med mange forteljingar.  Når du skal skrive om far som er nazist og rasist, må du balansere alt du skriv.  Dette gjer forfattaren på ein meisterleg måte.  Boka er ein sterk kandidat til "Årets bok" på bloggen min.  Virkelegheita overgår ofte fantasien.  Dette er ei slik bok.  Og den er full av tankar som set lesaren sine tankar i sving, og den er ærleg.  Dette er ei bok som alle vaksne vil ha glede å nytte av å lese.

Les meir her - og les boka.

fredag 23. oktober 2009

Vert bloggen nynorsk?

Det kan godt hende at dette er eit sånt "Velkomen etter"-innlegg.

Den siste veka har eg vore plaga med at bloggen min ikkje vert oppdatert på andre bloggar sine blogglister.  Det har gjort at eg har vore inn og sett på ein del innstillingar.  Under ser de at eg har trykt på nytt oppdateringsprogram.  Det ser no ut som på bildet over.

I dag skulle eg sjekke noko, og kom tilfeldigvis over "språk".  Eg var sjølvsagt raskt ute med å endre til nynorsk.  No er eg spent på kva for endringar som vil kome.

Ei anna endring: Eg har endeleg fått stilt klokka!

Kva med oppdateringa på blogglistene?  Nei, det er framleis eit mysterium.  I går sletta eg Besta sin blogg frå blogglista mi.  Då eg la ho inn att, vart ho oppdatert på alle sine bloggar.  Som ei naudløysing, la eg meg inn på mi eiga bloggliste.  Viss nokon veit ein betre metode, så berre gje meg eit hint!

torsdag 22. oktober 2009

Over Eidet etter bøker


I dag har eg vorte kunde på biblioteket i byen.  Eg vart ikkje imponert over utvalet av lydbøker, men eg håper å ha funne ei perle. 

Boka eg les no, har eg hatt liggande ei stund.  Men den finn eg mykje meir interessant enn eg hadde trudd.

Flott dag på fjellet




I dag har ungdomsskulen vore på skuletur.  Veret var nydeleg, berre sjå!

onsdag 21. oktober 2009

Skulekonsert



Desse karane heldt konsert 2. time hos oss i dag. Dette var musikk som fenga elevane. Videoen gjev ikkje same opplevinga som å høyre dei live. Når det er musikk elevane liker, vert det ei positiv musikkoppleving for lærarane og.

Korleis slette MP3 - filer

Eg er berømt,eller berykta, alt etter korleis ein ser det, for mine steg for steg-forklaringar. Denne rekka er til ein blogglesar som slit med å slette filer på MP3-en sin.


Når ein koplar til MP3-en , får ein opp denne menyen.  Dobbeltklikk der du ser pila.

Klikk deg vidare her.

Då får du opp denne menyen.  Klikk på Music.


Anten ligg albuma her, eller så må du klikke vidare på Unknown.


No kan du høgreklikke og slette ein og ein album, eller halde nede Ctrl-knappen oh merke fleire.


Ja!

Stadig like forvirra?
Lykke til!

Bok 66: Eventyr for vaksne



Dette er den siste boka av forfattaren.  Det var denne eg lånte først, før eg kom på at eg ville lese den andre dei hadde på biblioteket først.  Eg har no kome til eit punkt der eg har lese alle lydbøkene på biblioteket anten som lydbok eller papirbok.

Eg har sansen for språket i boka og delar av forteljinga.  Det er ikkje det at alt eg les må vere sannsynleg.  Men dette vert berre for fjernt for meg.  Utanomjordiske vesen har eg ikkje sansen for.  Og heller ikkje "Eg vakna og så var det berre ein draum".  Til det har eg lese for mange skulestilar. Ei anna svakheit med boka er at lesaren forstår meir enn helten tidleg i boka.  Som eg skreiv om den andre boka av forfattaren, er det fare for  mislikar sjangeren meir enn romanen. 

Les om boka her.

P.s.
I morgon skal eg på biblioteket i nabobyen og finne ei bok eg veit eg vil like.

måndag 19. oktober 2009

Raud te

Venninna mi og eg trudde vi drakk rooiboste då ho var på besøk i haustferien. Etterpå har eg kosa meg med denne teen. Men eg hadde ein opna pakke i skapet som eg ville drikke opp først.

Her ein dag begynner eg å studere det som står på pakkane. På den raude pakken, som systra mi har kjøpt i Volda,kan vi lese om den sørafrikanske busken. Dei kallar han Rooibushte. Blogglesarane finn ein artikkel her. På pakken frå Cemo står der: Rooibos Jordbærdrøm Rød te med rund smak av vanilje og tørkede jordbær. Kva er det som gjer denne teen raud?
Eg måtte sjølvsagt prøvesmake teane. Mi subjektive meining er at den ekte teen har ein betre smak enn den frå Cemo som smakar likt alle andre frukttear.
Men kan denne marknadsføringa frå Cemo vere lovleg?

søndag 18. oktober 2009

Eg tok til meg handa att



Eg var på veg til å putte ein raud pakke med sylteflesk oppi handlekorga. Sylteflesk får ein vel kjøpt heile året, men no har dei fått raud innpakning. Dette var etter at eg hadde passert ein haug med dadlar.

Vidare låg der både peparnøtter og julemarsipan strategisk plassert. For ikkje å snakke om store mengder paparkakeboksar. Nokre av boksane var veldig fine.

Noko inni meg strittar imot å begynne på julematen midt i oktober. Men noko raudt hadde no snike seg oppi handlekorga. Eg var vel ikkje heilt upåverka. Men, sei meg, kor tid vart edamerost juleost? Vaksa dei i utgangspunktet edameren raud fordi han skulle seljast til jul?

I min barndom låg der meieriutsal i den gata i Ørsta som no vert kalla spøkelsesgate. Då fekk ein kjøpe edamerostar med bulkar litt rimelegare, reknar eg med. Framleis vert vel edamerosten laga i Ørsta. Den er alltid på tilbod før jul, og vi får høyre at han bør vere på alle julebord. Men er det ein juleost?

laurdag 17. oktober 2009

Smuldrepai med eple II

I dag laga eg dobbel porsjon smuldrepai i den store eldfaste forma. Her skal de få oppskrifta med steg for steg-bilde.
Til smuldredeigen brukte eg:
4 dl kveitemjøl
5 ms sukker
1 dl malne nøtter
150 g smør

Køyr i foodprosessoren til det vert ei grynete masse. Når smøret kjem frå kjøleskåpet, er det kaldt, så eg mol det først, og tok det att etter at eg hadde laga til epla. Då vart det lett ei grynete masse.

I forma:
1 kg eple
1 dl rosiner
1 dl sukker
Smuldre deigen over.
I dag steikte eg paien ved 225 grader i 25 minutt.
Servér med mjukpiska krem med litt ekte vaniljesukker i!
---
Som eg har skrive før, kan ein bruke anna frukt som pærer, fersken, nektarinar og/eller plommer. I staden for nøtter kan ein bruke mandlar eller havregryn. Kva trur de om å bruke demerarasukker over frukta?




Familien samla

I dag har vi hatt besøk av Besta og Besten, og vi må nesten seie at eldstekarane er heime på besøk. Øystein var på svelesteiking for korpset medan eg laga mat og Olaug dekka bord. Ho fekk velje serviettar og glas sjølv, og så fann ho fram "sølvlys". På menyen stod sosakjøt med eplepai og/eller hermetiske kirsebær til dessert.

p.s. Eg hugsa å ta fram rognebærgeleen slik at alle fekk smake han. Det vert nok eple i geleen i komande år også!

Stemneveke

Det er stemneveke på Hareid med ulike arrangement kvar dag. Onsdag hadde musikkskulen ein fantastisk konsert. Alle 6. klassingane i kommunen danna kor, og så kom musikantar og songarar på scenen med ulike innslag. Musikkskulelærarane hadde danna orkester. Olaug var med på linedance, men viser ikkje på bilda. Dei dansa medan koret song "Forelska i lærer'n". Fleire bilde finn de på Vikebladet.

Det er ikkje få timar arbeid og øving som ligg bak ein slik konsert utan "døpunkt", og utan playback.

fredag 16. oktober 2009

Fletteloff



Denne veka har vi starta med fletteloff på skulekjøkenet. Det er like kjekt kvart år. Elevane få velje kor mange dei vil flette med. Dei fleste greier 6-flette. Eg viser ei enkel 3-flette med ei tynn 3-flette oppå, og ei 6-flette.

Denne videoen frå Youtube meiner eg viser det på beste måte. Enkelte damer på youtube let emna ligge på benken. Eg liker best å ha dei i lufta. Ut i 6.minutt kjem 6-fletta.

Hvilken dag er det i dag?

Alt og alle vil ha sin eigen dag. Og 16. oktober?
Svaret finn du her.

torsdag 15. oktober 2009

Bok 65: X-faktor?


Idéen bak denne boka er kanskje det mest spesielle. Paret som begynner å kjede seg, og som begynner å gå på visningar. Han får tilbod om å skrive eit filmmanuskript til ein såkalla erotisk film. Denne heiter sjølvsagt Visning. Kva er verkelegheit og kva er filmmanus? Manuskriptet vert forkasta, men dukkar det opp att? Kvifor går ho med parykk? Ho forsvinn, og det vert ei kriminalsak.
---
I byrjinga synest eg boka var heilt middels. Men etter å ha lese boka, må eg medgje at der er noko med den. Men det er vanskeleg å forklare kva det er. Kanskje det er denne X-faktoren?
---
Les meir om boka her.

onsdag 14. oktober 2009

Populære piker

Tidlegare laga vi tilslørte bondepiker i skåler slik at kvar elev kan ta så mykje han eller ho vil. Eg har ikkje rekna desserten som populær tidlegare. I dag tok vi fram stetteglasa og laga ein porsjon til kvar. Aldri har det vore ete så mykje "bondepiker" på mitt skulekjøken før!

For ordens skuld: De ser at bildet er frå kokeboka!

Tips: Vi knuser grove kavringar, såkalla skorper. Det smakar mykje betre enn om ein kjøper strøkavring.



måndag 12. oktober 2009

Nye panner - igjen

Desse pannene kom i posten i dag. Dei er av same type Høyang Polaris som eg kjøpte til blomkålsuppe (m.m.)i sommar. Handtaka kan takast av, noko som er ein fordel i panneskapet. Og ein kan setje dei i steikeomnen. Dei pannene som skal ut av skapet, kjøpte eg då vi budde i Ulsteinvik, altså for 22 årsidan.

Kvifor dei kom i posten? Jau, eg fekk dei "gratis" på trumf/flust.

For nokre år sidan kjøpte eg meg større panner. No vert det bruk for mindre panner i kvardagen, men større innimellom. For å seie det slik, eg trur eg er utrusta til dei fleste familiemiddagar, også om storfamilien kjem.

søndag 11. oktober 2009

Bok 64: Kortprosa

I går plukka eg med meg denne boka frå biblioteket. Det er ei lita bok med korte tekstar.

Denne forfattaren synest eg er flink til å skildre stemningar. Les gjerne omtalar her. Og som eg har skrive før, så er språket godt.

Elles vil eg oppmode blogglesarane om å ta med seg denne boka heim frå biblioteket neste gong dei er der. Boka er annleis enn alt anna ein har lese. Nokre tekstar tek ein med ein gong, andre må ein grunde litt på.



Kan nokon seie meg....


......kva eg gjer gale? Denne hage(?)hortensiaen har stått i ei krukke ute sidan i fjor. Først no har han planar om å blomstre! Det einaste eg kan tenke meg, er at eg ikkje har klipt den ned på rett måte.

laurdag 10. oktober 2009

Bok 63: Eventyrroman

Helten i denne boka er ein arkeolog som er albino. Han løyser mysterium over heile verda. Denne romanen tek oss mellom anna til Island, Dollsteinhola, stavkyrkja i Lom, Roma, Egypt, New York og Den Dominikanske republikk. I tilleg foregår historia frå vikingtid til notid. Kven som er skurkar og kven som er gode hjelparar, "paktens voktere", er uvisst før i siste kapittel.

Forfattaren vert samanlikna med Dan Brown, og det kan ein forstå.

Eg synest det er vanskeleg å ha noko meining om denne boka. Det er ikkje min sjanger. Det ville vere som å melde actionfilmar. Det finst gode og dårlege, men eg liker eigentleg ikkje sjangeren.

Latskap er en dyd

.... i alle fall i matematikken! Dette brukte mattelæraren min på 2MNA og seie. Seinare i livet har eg overført dette til andre område. Kan ein gjere ting enklare, er ingenting betre enn det.
Bakar ein ofte og har to bakebollar, er det ingen grunn til å vaske bollen mellom kvar bakerunde. På bildet ser de ein hevedeig laga av 2 dl vatn, 3 dl kveitemjøl og ein ertestor bit fersk gjær ev. ei teskei tørrgjær. Hevedeigen lagar ein om kvelden før ein skal bake.
Deretter er det berre å ha i 1/4-1/3 pk gjær og bake etter vanleg oppskrift anten ein no blandar mjøl sjølv eller bruker ferdigblandingar.

I dag brukte eg 4-kornbrød blanda med sammalen kveite, fin.
Etter to timar hadde deigen heva nok. (I pausen var eg ute i hagen og grov opp knollar etter første frostnatt.)
Eg let maskina slå ned deigen. Og så eit lite triks; eg har i litt olje mot slutten.

Deigen blir litt feit på utsida, og eg kan bake utan mjøl og utan å skitne ut bakematta.

Eg treng heller ikkje å smørje formene. Og hendene vert ikkje tørre!
Brøda fekk heve i 45 minutt før eg steikte dei ved 200 g ca ein time. Formene er "like fine". Eg vaskar dei ikkje mellom kvar bakerunde.
Brød bakt med hevedeig vert gode på smak og smuldrar mindre enn brød bakte på vanleg måte. Berre prøv!