fredag 19. mars 2010

Dronningsjokoladekake

Dei som kjenner meg, veit at eg ikkje er spesielt glad i sjokoladekaker.  Her i huset vert det helst baka til barnebursdagar.  Studenten var ikkje heime på 20-årsdagen sin, så i dag slo eg til med ei skuffekake.
Ei venninne tipsa meg om at det er ei oppskrift på ei mager surmjølksjokoladekake bak på 200 g-pakkane med Dronningsjokolade.  Eg fekk lyst til å prøve ei ny oppskrift både på botn og glasur.  Elles så må eg berre seie at om denne kaka er mager, så er sukkerinnhaldet tilsvarande høgt.  Eg nektar å ha like mykje sukker og mjøl i ei kake!  Halvering må til!  Trykk på bilda om du vil sjå oppskrifta.
Vurdering: Glasuren var god!  Kaka var grei nok, men gamleoppskrifta mi er betre!
Tilføying: Olaug er ueining. Kaka var spesielt god.

Til glasur kan ein sikkert bruke den sjokoladen ein likar best, kanskje med appelsinsmak?  Til nøttebotnar har eg smelta firkløver i mjølk.  Det har gått heilt fint.

11 kommentarer:

Besta sa...

Eg er heller ikkje spesielt glad i sjokoladekake, men eg anar ikkje kor mange kvikklunsjkaker eg har bakt, både heime og på skulen. Det er ei grei oppskrift som ungar likar, og som ein kan variere i det uendelige ...og i det heile tatt. Kaker inneheld som regel både søtt og feitt, det er derfor vi ikkje skal ha kaker STØTT, noko som faktisk er/ har vore vanleg i seinare år.I min barndom var det kaker stort sett berre til bursdagar. Då var menyen som regel smørbrød+ bløtkake med krem. Somme hadde også sjokoladekake, helst Tropisk Aroma.
Dei sunnmørske kakeborda vart etter kvart berømte/ berykta over heile landet.Så tok andre landsdelar etter, men no trur eg faktisk det er litt på retur. Ikkje lenger ei kake pr. person? Eller?

solveig sa...

Folk bakar til etterpålag!

Teta Pehta sa...

Sjokoladekake er det beste eg veit!
Eg har ein perm med sjokoladekake oppskrifter og ein del bøker...men leita etter ein god oppskrift enda..he he:-)

solveig sa...

Det finst gode sjokoladekaker som smakar godt i små mengder, men slike barnekaker er sånn passe ...

Besta sa...

Ja, det finst SJOKOLADEKAKER og sjokoladekaker. Dei gode er dei som er lite søte med smak av mørk sjokolade.Har hatt lyst å prøve sjokoladekake med chili- er det nokon som har ei god oppskrift? Sjokolade+ appelsin er også ein fin kombinasjon.

solveig sa...

Eg smakte ei på kafe her ein dag med nøttebotn, appelsinfromasj og sjokoladetrekk. den smelta på tunga.

Teta Pehta sa...

Har oppskrift med chilli...sender til Sloveig!
;-)

ariel sa...

Eg ELSKAR sjokoladekake! Billege, magre, dyre, feite, med og utan tilsetjing av frukt og grønt.

Besta sa...

Då håper eg du vil like den eg har laga også. Den er av typern "vaksen".

Alt godt sa...

Det er faktisk 9 dl sukker i mi langpanneoppskrift og... Det er feil å kalle den mager, ja. Eg hadde rive appelsinskal og safta frå appelsinen i glasuren, det vart snyta godt!

solveig sa...

Eg har laga mi eiga oppskrift til skulekjøken/kantine-bruk. Det vil seie eg har tatt det beste frå mange. 5 dl sukker og 11 dl kveitemjøl i den - heilt nok! Mi erfaring er at det er berre å trappe ned sukkermengda utan at det forringar. Wenche på frukost- TV seier det ofte når ho bakar. Vi har så sjeldan sjokoladekake at det er ikkje for sunnheita sin del, men for smaken. Appelsin er heilt sikkert godt både i kake og glasur. Det passar godt til sjokolade, friskar opp.