søndag 3. oktober 2010

Bartolomeogryte

 Når niandeklassingane skal fortelje om noko godt dei laga på barneskulen, er svaret som regel "Bartolomeogryte".  Eg vil helst kalle dette ein gammaldags gryterett.  Skal tru om nokon veit kor gammal den er?  I dag ville ein ikkje finne på å ha kveitemjøl i ein slik rett.  Ein ville heller hatt i grønsaker.  Når vi har laga den på ungdomsskulen, har temaet vore restemat.  Oppskrifta er skriven for ungdommar.

I går stod eg der med eit par kjøtdeigpakkar og lurte på kva eg skulle lage.  Det var frøkna som ønska seg Bartolomeogryte.  Sidan eg både hadde osterestar og x antal flasker ketsjup i kjøleskåpet, slo eg til.  Gryteretten vert best med tomatpuré, så eg hadde i litt av kvart.  Bildet er tatt før eg hadde i osten.

Gryterett
1 ms olje
1 løk, finhakka
200 g kjøtdeig

1 ms kveitemjøl
1 ½ dl mjølk
2 ms tomatpuré/ ½ dl ketsjup
1 krm karri
1 krm pepar
1 krm salt

½ dl riven ost

Ris
3 ½ dl vatn

1 krm salt
1 ½ dl ris

Slik gjer vi:
1. Steik løk og kjøtdeig i jerngryta.

2. Rør inn mjølet og ha i mjølk, ketsjup/tomatpuré og krydder. Lat dette koke i minst 5 minutt.

3. Strø over riven ost rett før servering.

Ris
Kok opp vatnet til risen i ei titanpanne med glaslok. Ha i ris og slå plata ned på 1.
Lat loket vere på slik at vatnet ikkje fordampar.
Når risen har kokt i 15 minutt, kan du slå av plata og la risen stå i 5 minutt til og trekke på ettervarmen.




                                       Eg prøvde riskrydderet mitt i går, og hadde i nokre frosne erter mot slutten av koketida.  Det var populært her i huset.  Krydderet var temmeleg smaklaust, så om ein vil, kan ein ha i pepar og salt i tillegg.

1 kommentar:

Besta sa...

Det einaste som var litt originalt med denne gryteretten var vel osten, elles høyrest det ikkje særlig spennande ut. I dag prøver eg ut eit "nytt" Toro-produkt og lagar gratinert kylling i omnen.Kyllingfiletane skulle leggast rå i forma, men eg steikte dei eit øyeblikk på panna så dei skulle fastne litt. Som regel likar eg best mine heimelaga oppskrifter-den "man tager hva man haver", det blir alltid godt.