laurdag 26. desember 2009

Aprikosfromasj

I går var dagen for å kose seg meg julegåvene.  Eg måtte sjølvsagt prøve ut ei oppskrift frå ei av kokebøkene eg fekk!  Hos oss vert det ikkje laga så mykje dessert elles i året. Men i jula slår vi til!  Eg er glad i aprikosar, så valet fall på Prostindens aprikosfromasj s. 322 for dei som har boka.
I oppskrifta tek ein utgangspunkt i 5 dl fløyte. Der er 250 g aprikosar i oppskrifta, medan der er 200 g i ein pakke.  Eg kjem nok til å gjere om oppskrifta til ein pakke fløyte og ein pakke aprikosar. Men eg valde å følgje oppskrifta slavisk, med eitt unnrak, eg reduserte sukkermengda.  Sukkeret ville eg ha brukt i eggedosisen.

Det er ikkje vanskeleg å lage fromasj.  Det er raskt gjort.  Men det vert ein del oppvask.

Eg starta kvelden før med å slylje og legge i blaut 250 g aprikosar i 7 dl vatn..  Desse kokte eg møyre i vatnet og tilsette 1/2 dl sukker.  Eg moste dei med stavmiksar i staden for å gni dei gjennom ein sikt.  Avkjøl. Ta av ein fløtemugge med aprikoskrem til saus.

Legg 10 gelatinplater i bløyt i kaldt vatn i eit litermål.

Pisk 5 dl kremfløyte til mjuk krem.  Krem til fromasj skal vere mjukare enn til blautkake t.d.

Pisk eggedosis av 5 egg og 1/2 dl sukker.

Vri vatnet ut av gelatinplatene når dei har lagt i vatn ca 10 minutt.  Eg brukar å sette litermålet i vassbad og ta ca 1 ms kokande vatn frå vassbadet til å smelte gelatinen i.  Gelatinen rørte eg først inn i aprikosmosen.  Deretter brukte eg slikkepott og blanda inn krem og eggedosis forsiktig.  Dette vart to skåler fromasj.

Det eg var minst nøgd med, var pyntinga.  Det hadde vore nok med nokre hermetiske aprikosar.  Så kan ein settte muggen med aprikosmos ved sida av.

I kokeboka står det at fromasjen skal serverast til mandelkransar eller fløterullar.  Eg vil seie det slik, dei fleste småkaker høver til, men det trengst ikkje.

Ingen kommentarer: