tysdag 29. desember 2009

Julegåver


Dette er ikkje ei julegåve eg har fått, men ei eg har gitt til frøkna.  Eg har vore spent på om denne serien framleis fengjer.

Eg trur alle jenter på min alder (og mange andre, for der var berre ein kanal) sat klistra til Tv-en og såg denne serien.  Eg trur den gikk på søndagane.  Eg meiner nemleg å ha sett nokre episodar på Eid saman med Strikkemor(o) og Lille Mø.  Dei var litt yngre enn meg, og sat med puter klare fordi det kunne bli nifst.  Heimturen måtte utsetjast til etter "Huset på prærien".  No finst altså denne serien i boksar.  Eg kjøpte berre første sesong med 23 episodar. Der finst i alle fall tre slike boksar til. I går såg vi første episode. Det var eit artig gjensyn.  Sidan historia er lagt til 1800-talet, ser eg ikkje vekk frå at den også kan vere interessant for den oppveksande slekt.

3 kommentarer:

Lappetausa sa...

Dette var artig! Eg kjøpte mange av desse cd-ane til jul i fjor, mest til meg sjølv...veldig kjekk serie når ein er interessert i lappeteknikk og nybyggjarar og amerikansk historie.

ariel sa...

Eg har sett episodar i seinare år og synest at serien held seg, men ikkje kjenningsmelodien! Hugsar enno at eg var betatt av "Pa Ingalls".

solveig sa...

Ho med krøllane gjorde sterkt inntrykk på meg. Slike finst vel til alle tider...