laurdag 12. desember 2009

12 desember: Heilsteikt kalkunfilet med pesto og omnsteikte grønsaker


I går var eg på hotellet og åt julemiddag.  Kalkunretten eg laga i dag, høver godt mellom norsk tradisjonsmat t.d. i romjula.  Oppskrifta fann eg i kokeboka for ungdomsskulen.  Mange av blogglesarane har boka.  Dei kan berre slå opp side 84.



Eg starta med å steike kalkunfiletane i flytande bremykt.  Etterpå krydra eg dei med 1/2 ts salt og 1 krm pepar kvar.
Omnsteikte grønsaker:
12 mandelpoteter, delte i fire båtar
3 greiner stilkselleri, i grove bitar
2 skiver sellerirot, i grove bitar
2 løk, i båtar
1 raud paprika, i grove bitar
2 gulrøter i grove bitar
1 fedd kvitløk, finhakka
1-2 ms olje eller flytande margarin
(eg brukte olivenolje)
1/2 ts salt
1 krm pepar
I boka er der oppskrift på pesto, men ein kunne kjøpe eit glas, noko eg gjorde.  Halve glaset skulle over kalkunfiletane.  Resten skulle over grønsakene i tillegg til 2 dl vatn. 
Retten skal steike  i 160 grader ca 40 minutt.
8 små tomatar skal i forma dei siste 5 minutta.
Eg prøvde ut retten med tanke på bruk på skulekjøkenet også.  Det eg ser, er at retten måtte stå lenger i omnen enn dei 40 minutta.  Det kan nok ha med mengda å gjere.  Sjølv om eg hadde bestemt meg for å følgje oppskrifta omtrent slavisk, så hadde eg i litt meir grønsaker og poteter.  I boka stod 600 g kalkunfilet.  Eg hadde 1kg. Grønsakene skulle vere i grove bitar.  Dei kunne nok ha vore skorne litt mindre.  T.d. ville eg ha skore stilksellerien over på langs til tynnare stenger.

Det var ikkje mykje mat att etter denne middagen.  Den fall i smak hos alle!

6 kommentarer:

ariel sa...

Det såg utruleg godt ut! Sikkert eit godt alternativ i jula, og smart idé om å lage fileten sjølv av heil kalkun.

solveig sa...

Det er ikkje vanskeleg å skjere ut fileten. No ser eg at dei har frosen filet til 80 kr kiloen. Det er eit godt alternativ.

Anlen sa...

Det ser skikkeleg godt ut! Eg trur eg må prøve å ha ingrediensane i hus til ein dag i romjula:)

Besta sa...

DEt såg godt ut. Erfaringa mi er at skulekjøkkenrettar er godt utprøvde og nokså "safe".Grønsakene fristar meg mest, eg er ikkje så veldig begeistra for kalkunsmaken, men med pesto blir den nok ikkje så framtredande.

solveig sa...

Kalkunfileten er ganske nøytral. Kunsten med kalkun meiner eg er å ikkje steike så mykje at ein må ete av han i fleire dagar i strekk..

Besta sa...

Ja, der er du inne på noko vesentlig.Kalkun er veldig godt av og til,men bør ikkje serverast for ofte. Etter min smak.