onsdag 25. november 2009
Er budd
Som de ser har eg sikra med mykje godt lesestoff frå biblioteket her i bygda.
Bok 73: Reprise
Dette er Fossum i kjend stil. Vi får innsikt i forbrytaren sin tankegang, og vi får nesten sympati for han. Det er ein stakkar på mange måtar. Eit innbrot går gale og han vert drapsmann. Sejer løyser sjølvsagt saka.
Dette er god krim som toler å bli lesen om att. No har eg fått tak i ei til av same forfattar som eg gler meg til å lese. Elles så minner eg om Dagbladet si kåring av beste krim. Vinnaren er ei av mine yndlingsbøker.
tysdag 24. november 2009
måndag 23. november 2009
He du månge yndlingsdikt?
Du må ikke sove
Jeg våknet en natt av en underlig drøm,
det var som en stemme talte til mig,
fjern som en underjordisk strøm -
og jeg reiste mig op: Hvad er det du vil mig?
- Du må ikke sove! Du må ikke sove!
Du må ikke tro, at du bare har drømt!
I går blev jeg dømt.
I natt har de reist skafottet i gården.
De henter mig klokken fem imorgen!
Hele kjelleren her er full,
og alle kaserner har kjeller ved kjeller.
Vi ligger og venter i stenkolde celler,
vi ligger og råtner i mørke hull!
Vi vet ikke selv, hvad vi ligger og venter,
og hvem der kan bli den neste, de henter.
Vi stønner, vi skriker - men kan dere høre?
Kan dere absolutt ingenting gjøre?
Ingen får se oss.
Ingen får vite, hvad der skal skje oss.
Ennu mer:
Ingen kan tro, hvad her daglig skjer!
Du mener, det kan ikke være sant,
så onde kan ikke mennesker være.
Der fins da vel skikkelig folk iblandt?
Bror, du har ennu meget å lære!
Man sa: Du skal gi ditt liv, om det kreves.
Og nu har vi gitt det - forgjeves, forgjeves!
Verden har glemt oss! Vi er bedratt!
Du må ikke sove mer i natt!
Du må ikke gå til ditt kjøpmannskap
og tenke på hvad der gir vinning og tap!
Du må ikke skylde på aker og fe
og at du har mer enn nok med det!
Du må ikke sitte trygt i ditt hjem
og si: Det er sørgelig, stakkars dem!
Du må ikke tåle så inderlig vel
den urett som ikke rammer dig selv!
Jeg roper med siste pust av min stemme:
Du har ikke lov til å gå der og glemme!
Tilgi dem ikke; de vet hvad de gjør!
De puster på hatets og ondskapens glør!
De liker å drepe, de frydes ved jammer,
de ønsker å se vår verden i flammer!
De ønsker å drukne oss alle i blod!
Tror du det ikke? Du vet det jo!
Du vet jo, at skolebarn er soldater,
som stimer med sang over torv og gater,
og opglødd av mødrenes fromme svig,
vil verge sitt land og vil gå i krig!
Du kjenner det nedrige folkebedrag
med heltemot og med tro og ære -
du vet, at en helt, det vil barnet være,
du vet, han vil vifte med sabel og flag!
Og så skal han ut i en skur av stål
og henge igjen i en piggtrådsvase
og råtne for Hitlers ariske rase!
Du vet, det er menneskets mening og mål!
Jeg skjønte det ikke. Nu er det for sent.
Min dom er rettferdig. Min straff er fortjent.
jeg trodde på fremgang, jeg trodde på fred,
på arbeid, på samhold, på kjærlighet!
Men den som ikke vil dø i en flokk
får prøve alene, på bøddelens blokk!
Jeg roper i mørket - å, kunde du høre!
Der er en eneste ting å gjøre:
Verg dig, mens du har frie hender!
Frels dine barn! Europa brenner!
Jeg skaket av frost. Jeg fikk på mig klær.
Ute var glitrende stjernevær.
Bare en ulmende stripe i øst
varslet det samme som drømmens røst:
Dagen bakenom jordens rand
steg med et skjær av blod og brand,
steg med en angst så åndeløs,
at det var som om selve stjernene frøs!
Jeg tenkte: Nu er det noget som hender. -
Vår tid er forbi - Europa brenner!
Arnulf Øverland
-1937-
Nei og ja
søndag 22. november 2009
Bok 72: Rivertonprisvinnar
I fare for å gjenta meg sjølv: Varg Veum er best i lydbok! Lasse Lindtner gjev boka ein ny dimensjon. Når han les sunnmørsk damestemme t.d., viser han stort skodespelartalent.laurdag 21. november 2009
Fellesfeiring
Ein annan tradisjon i familien er julemiddag denne dagen. Moren er annleis i indre strøk enn i ytre. Her på Øya er det Brudevollmôr, medan i Ørsta/Volda er det Jacobsen/Melle-môr som tel. Dei er gode på kvar sin måte.fredag 20. november 2009
Pasta/kyllingsalat
onsdag 18. november 2009
Besteforeldrefest
tysdag 17. november 2009
Ulv, ulv?
Her i huset vakna 15-åringen og var kvalm og elendig etter å ha følt seg litt dårleg kvelden før. Eg frykta sjølvagt influensaen med ein gong. Og eg slapp å ta stilling til om han skulle vaksinerast eller ikkje. Eg såg heller ikkje noko hansikt i å vaksinere systra når smitten først var komen i hus.
Vi hadde sjølvsagt ekstra lang dag på skulen i dag. I matfriminuttet stod det til liv. Klokka to var han litt betre. Og no har guten kvikna litt til! Kva skal ein tru? Har han sove sykja av seg? Vi får vel ikkje vite det viss han ikkje vert sjuk ein gong til. Men i morgon får han roe seg ned heime i tilfelle...
Eg har som første mål å få vere frisk i morgon. Då er det den årlege besteforeldrefesten. Andre mål er feiringa til helga.
P.s.
Eg er spent på kva slagt LinkWithin som kjem under denne overskrifta.
måndag 16. november 2009
Vent, vent til advent?
I dag kom eg over desse fylte ildtoppane (Kva heiter desse på nynorsk?). I november synest eg det er flott med rosa plantar. Eg ser at butikkane har kvite variantar av mange sortar, men no treng vi fargar!
søndag 15. november 2009
Fotballhistorie

laurdag 14. november 2009
Gratulerer!
Feiringa får vi ta att! I dag er eg heime åleine utan bil. Det er innandørsturneringar og kvalifiseringar i dag. Jentene er på Vatne og gutane som Øystein trenar på Emblem. Heia Hareid!
fredag 13. november 2009
Bok 71: Kokkekrim
Eg har vorte temmeleg kresen på krim, og eg har nok likt betre dei andre nyare eg har lese i serien. Nygårdshaug skriv artig, men ein gissar løysinga litt for lett. Dette er grei underhaldning. Terningkast 3 frå meg.
Les gjerne meir om boka her.
onsdag 11. november 2009
Å rette baker for smed
tysdag 10. november 2009
Lefsebaking heile veka
I dag hadde vi og besøk frå Vikebladet. Dei vil ha ein reportasje i adventsnummeret sitt. Så lenge til, tenkte eg først. Men eg innsåg raskt at det er berre to veker til advent.
Sidan eg ikkje kan legge ut bilde av elevar, fann eg fram dette to år gamle bildet av meg sjølv.
p.s.
I går la eg inn LinkWithin. Så får vi sjå korleis datamaskina tenkjer. Eg trudde eg måtte finne sakene sjølv, men dei kjem opp av seg sjølv.
måndag 9. november 2009
Bok 70: Grei krim
Det er kanskje menneskeskildringane og skildringane av forhold mellom menneske som gjer boka til litt over gjennomsnitt god. Eg ser at anmeldarar gjev boka terningkast 3, sjølv ville eg ha landa på 4.
Les gjerne meir om boka her.
søndag 8. november 2009
Fisk på farsdag
laurdag 7. november 2009
Korps og kor
Fag utan fasit?
Kan ein finne gode døme på samanlikningar, metaforar, symbol, besjeling og personifisering? Märtha du er som en lysfontene, slår an. I læreboka vår er det dessutan spørsmål om kva ein påfugl kan vere symbol for.
No prøver eg å opparbeide eit lite lager på språklege artigheiter av ulike slag. Denne og/å setninga fann eg i "Saksa" i Sunnmørsposten i dag: Dronning Sonja, som er kjend for å elske og gå i fjellet.
Syng på siste verset
Sant å seie har eg vore skuffa over denne planten. Han brettar ut blomane berre i full sol, men i dag har dei glimta til, både han og sola.
fredag 6. november 2009
Supporterutstyrtabbe
torsdag 5. november 2009
Lyrics
but my name was Elisa Day
Why they call me it I do not know
For my name was Elisa Day
From the first day I saw her I knew she was the one
As she stared in my eyes and smiled
For her lips were the colour of the roses
That grew down the river, all bloody and wild
When he knocked on my door and entered the room
My trembling subsided in his sure embrace
He would be my first man, and with a careful hand
He wiped at the tears that ran down my face
Chorus
On the second day I brought her a flower
She was more beautiful than any woman I'd seen
I said, " Do you know where the wild roses grow
So sweet and scarlet and free?"
On the second day he came with a single red rose
Said:"Will you give me your loss and you sorrow?"
I nodded my head, as I lay on the bed
He said, "if I show you the roses will you follow?"
Chorus
On the third day he took me to the river
He showed me the roses and we kissed
And the last thing I heard was a muttered word
As he stood smiling above me with a rock in his fist
On the last day I took her where the wild roses grow
And she lay on the bank, the wind light as a thief
As I kissed her goodbye, I said, " All beauty must die"
And lent down and planted a rose between her theeth
Chorus......
Langhelg i Oslo
Å vakne til musikk
Vekkjarklokka vår er stilt inn litt før nyheitene startar klokka sju. Av og til set musikken ein får høyre fast resten av dagen, og kanskje dagen etter.
tysdag 3. november 2009
Bygdekino
Det er aldri godt å vite kva som fengjer elevane. Eg var skeptisk undervegs, spesielt til om dei kom til å "godta" denne engelen. Men det er tydeleg at både forfattaren og filmmakarane veit kva som skal til. Filmen var gripande, fekk eg høyre av 10-klassingane. De kan lese meir om filmen her.
Over Eidet etter bøker III
Kvifor eg får høyre slikt? Jau, for då eg skulle til å rippe den eine boka eg lånte torsdag, viste den seg å ha ein liten sprekk. Då eg skulle til å sjå nærare på innpakninga var der ein bit vekke på ringen i midten. Eg meinte eg ikkje hadde fare stygt åt med den, og viss eg hadde øydelagt den, skulle plastbiten ligge der. Men så er det dette å vere 100% sikker. Viss eg vert for påståeleg, så skuldar eg førre lånar for å vere uærleg. Kva gjer ein? Seier det som det er sjølvsagt. Når eg tenker meg om, har eg aldri møtt på ein utriveleg bibliotekar. Ikkje i dag heller. Ho meinte det er slikt som skjer. Dei kan kanskje få tak i eit anna eksemplar og kopiere den eine plata.
Boka til høgre har eg ikkje lese før. Det er andre boka i serien med kokk som helt. Boka til venstre er svært kjend, men eg trur ikkje eg har lese den før. Eg gler meg til begge to!
måndag 2. november 2009
Bok 69: Finsk forteljarglede
Her er det berre å la seg rive med i forteljinga og vere med på reisa.. Dette er ei lettlesen bok som høver for alle som elskar finsk humor.
Les meir om boka her og unn deg å lese boka, gjerne som lydbok.
søndag 1. november 2009
Røyr og krede
Røyrfiske
November er så trist og grå....
Medan nokre orkidéar blomstrar av, kjem andre med nye blomsterstilkar.
Vi har grave opp dei første jorskokkane i dag. Vi liker dei best omnsbakte. Kaninane kastar seg over dei som dei fekk.
laurdag 31. oktober 2009
Fyldig fiskesuppe
1 liter fiskebollekraft+vatn
1 fiskebuljongterning
1/2 ts salt (ev meir når ein smakar til suppa)
Så delte eg grønsakene i strimlar
2 små gulrøter
1/2 purreløk
2 tynne skiver sellerirot
Dette fekk koke litt før eg hadde på ristejamning
1 1/2 dl mjølk
3 ms kveitemjøl
(Her kunne eg vel ha brukt vatn sidan eg har i fløyte/rømme seinare)
Suppa fekk koke vidare 7-8 minutt. Eg valde å ha fiskebollane i mot slutten.
Det som er "vanskeleg" er tilsmakinga. Eg hadde i
1/2 boks rømme
i dag. Sist hadde eg i 1/2 pk kremfløyte. Mengda sitronsaft vert ulik. Til fløyte kanskje 1 1/2 ms, til rømme berre 1/2. Her må ein smake seg fram. I dag kom eg fram til at det er enklast med fløte.
fiskefilet
Denne skal berre trekke i suppa til slutt.
Blogglesarane må gjerne kome med synspunkt på suppa. Er det noko poeng å bruke eddik når ein har sitron i huset t.d?
Laurdagsdikt
Kjensler for hest
Eg likar ikkje hestar,
eg hatar gamle gampen
som luntar rundt på travbanen
midt i tippekampen.
Eg kjem til å hata hestar
til dagen eg ligg død,
eg står fast på min parole,
hest er best på brød.
fredag 30. oktober 2009
Dagens dikt
Eg har ei hylle som heiter Ivar.
Eg har eit bord som heiter Kjell,
mens sofaen eg ligg i,
den heiter Isabell.
Eg har ei lampe som heiter Tommy,
og nattbordet Jonatann,
senga eg søv søtt i,
den heiter Mimiann.
Eg ynkar, stønnar og ber meg,
eg er ein einsleg og vilter ramn
som hoppar til sengs med ei seng,
ei seng som har damenamn.
Eg rullar meg rundt i dynene
på Mimianns mjuke laken
gnir meg inntil ho,
men berre eg er naken.
Men så får eg ein kniv i ryggen,
så drepande og kvass,
for eg gløymde at det eg ligg på,
er Frode overmadrass.
Frå Jon Hjørnevik: I ein sofa frå Korea - dikt i utsal,
Det norske Samlaget 2001
torsdag 29. oktober 2009
Bok 68: Ukonvensjonell barndom
Handlinga går kort sett ut på at mor forlet far og datter. Far har alkoholproblem og er som regel blakk.
Kan det bli god litteratur av dette? Ja, for boka handlar om så mykje meir! Den handlar mellom anna om klasseskilje og stoltheit. Den handlar om kjærleik og overlevelsesevne. Og ikkje minst, så handlar den om kva som er god omsorg. Kor viktig er reine laken? Kven svik kven?
Dette er ei barndomsskildring som skil seg ut.
Les denne omtalen, og les boka!
Over Eidet etter bøker II
tysdag 27. oktober 2009
Orddeling
måndag 26. oktober 2009
Gratulerer!
Det er berre vel eit år imellom oss, så vi leika mykje saman i barndomen. I elleve år gjekk han ei klasse under meg. Seinare valde vi ulike utdanningsstader og vi har busett oss på kvar si side av landet. Men jammen har vi ikkje enda opp i same yrke som systra vår!
Vi skulle sjølvsagt ønska at vi budde nærare kvarandre slik at vi fekk sjå dei oftare. Om ikkje bror min endrar seg så mykje mellom kvart treff, så utviklar gutane seg i raskt tempo.
Ha ein fin dag!
Helsing frå alle frå Hareid
søndag 25. oktober 2009
Sukkerbrød med kakao
3 egg
1 dl sukker
1 dl kveitemjøl
3 ms kakao
1 ts vaniljesukker
1/4 ts bakepulver
Rund form 22 cm.
Steik ved 175 grader i ca 30 minutt.
- Pisk eggedosis av egg og sukker.
- Sikt på det tørre. Bruk sleikjepott, ikkje maskin.
- Slå røra i ei form kledd med bakepapir og steik kaka.
Moldensarar på middag
laurdag 24. oktober 2009
Bok 67: Brutal balanse
Dette er ei bok med mange sider, ikkje bokstavleg, men denne boka rommar mykje.
Utgangspunktet for boka er eit vanskeleg far-son-forhold. Der far og son står steilt mot kvarandre politisk. I ein fireårsperiode nektar sonen, altså forfattaren, å snakke med faren. Faren les inn ting han har lyst til å seie, på kassettar. Etter kvart finn sonen ut at han må skrive far si historie. Her går han inn i noko han ikkje veit kva som vil kome ut av.
I byrjinga får vi høyre om Petter frå Raufoss. Det er historia om den einsame guten som vert ihuga nazist. Vi følgjer han i krigen der han mellom anna får alvorlege frostskadar i Ukraina.
Far vil ikkje fortelje alt. Noko har han fortrengt. Vi følgjer sonen attende til Ukraina. Eit sentralt spørsmål er om faren var med på nedslaktingar av jøda. Eit anna tema er anger.
Vert rasisten omvend på slutten av livet? C. I. Hagen er for lite tøff for faren. Han melder seg inn i blåare/brunare parti. (Her vil eg ikkje bruke namn som gjer at desse partia vert knytte til bloggen min.) Han bur i eit strøk med mange mørkhuda som han føler seg trua av. Muslimar legg han for hat. Ironisk nok får han ein pakistansk fastlege på sine gamle dagar. Han er den første legen som tek krigsskaden hans på alvor, føler han.
Dette er ei bok med mange forteljingar. Når du skal skrive om far som er nazist og rasist, må du balansere alt du skriv. Dette gjer forfattaren på ein meisterleg måte. Boka er ein sterk kandidat til "Årets bok" på bloggen min. Virkelegheita overgår ofte fantasien. Dette er ei slik bok. Og den er full av tankar som set lesaren sine tankar i sving, og den er ærleg. Dette er ei bok som alle vaksne vil ha glede å nytte av å lese.
Les meir her - og les boka.
fredag 23. oktober 2009
Vert bloggen nynorsk?
Kva med oppdateringa på blogglistene? Nei, det er framleis eit mysterium. I går sletta eg Besta sin blogg frå blogglista mi. Då eg la ho inn att, vart ho oppdatert på alle sine bloggar. Som ei naudløysing, la eg meg inn på mi eiga bloggliste. Viss nokon veit ein betre metode, så berre gje meg eit hint!
torsdag 22. oktober 2009
Over Eidet etter bøker
Boka eg les no, har eg hatt liggande ei stund. Men den finn eg mykje meir interessant enn eg hadde trudd.
onsdag 21. oktober 2009
Skulekonsert
Desse karane heldt konsert 2. time hos oss i dag. Dette var musikk som fenga elevane. Videoen gjev ikkje same opplevinga som å høyre dei live. Når det er musikk elevane liker, vert det ei positiv musikkoppleving for lærarane og.
Korleis slette MP3 - filer
Bok 66: Eventyr for vaksne
Dette er den siste boka av forfattaren. Det var denne eg lånte først, før eg kom på at eg ville lese den andre dei hadde på biblioteket først. Eg har no kome til eit punkt der eg har lese alle lydbøkene på biblioteket anten som lydbok eller papirbok.
Eg har sansen for språket i boka og delar av forteljinga. Det er ikkje det at alt eg les må vere sannsynleg. Men dette vert berre for fjernt for meg. Utanomjordiske vesen har eg ikkje sansen for. Og heller ikkje "Eg vakna og så var det berre ein draum". Til det har eg lese for mange skulestilar. Ei anna svakheit med boka er at lesaren forstår meir enn helten tidleg i boka. Som eg skreiv om den andre boka av forfattaren, er det fare for mislikar sjangeren meir enn romanen.
Les om boka her.
P.s.
I morgon skal eg på biblioteket i nabobyen og finne ei bok eg veit eg vil like.
måndag 19. oktober 2009
Raud te
Her ein dag begynner eg å studere det som står på pakkane. På den raude pakken, som systra mi har kjøpt i Volda,kan vi lese om den sørafrikanske busken. Dei kallar han Rooibushte. Blogglesarane finn ein artikkel her. På pakken frå Cemo står der: Rooibos Jordbærdrøm Rød te med rund smak av vanilje og tørkede jordbær. Kva er det som gjer denne teen raud?
søndag 18. oktober 2009
Eg tok til meg handa att
Eg var på veg til å putte ein raud pakke med sylteflesk oppi handlekorga. Sylteflesk får ein vel kjøpt heile året, men no har dei fått raud innpakning. Dette var etter at eg hadde passert ein haug med dadlar.
Vidare låg der både peparnøtter og julemarsipan strategisk plassert. For ikkje å snakke om store mengder paparkakeboksar. Nokre av boksane var veldig fine.
Noko inni meg strittar imot å begynne på julematen midt i oktober. Men noko raudt hadde no snike seg oppi handlekorga. Eg var vel ikkje heilt upåverka. Men, sei meg, kor tid vart edamerost juleost? Vaksa dei i utgangspunktet edameren raud fordi han skulle seljast til jul?
I min barndom låg der meieriutsal i den gata i Ørsta som no vert kalla spøkelsesgate. Då fekk ein kjøpe edamerostar med bulkar litt rimelegare, reknar eg med. Framleis vert vel edamerosten laga i Ørsta. Den er alltid på tilbod før jul, og vi får høyre at han bør vere på alle julebord. Men er det ein juleost?














