laurdag 17. januar 2009

Sviskekake

Mi venninne og kollega K fyller 50 år i dag. Vi turvenninnene skal fram med gåve og kake. K er veldig flink til å bake, men det kan no vere kjekt å få litt hjelp. Denne kaka fann eg oppskrift på i Sunnmørsposten då Heidi hadde fast spalte. Det er ei enkel kake å lage. Den er ikkje akkurat diabetesvennleg.....

Botn

4 dl brunt sukker

4 eggekvitar

Ha sukker og eggekvite i miksaren og pisk til ein tjukk marengsmasse. Smør marengsen utover ei langpanne med bakepapir. Steik botnen på 150 grader i 1 time.

Sviskekrem

1 pakke svisker

ca 2 dl vatn

5-6 dl kremfløyte

Kok sviskekompott av svisker og vatn. Avkjøl kompotten og pisk fløyten. Bland saman med slikkepott. Del marengsbotnen i 2. Ha sviskekrem mellom laga og på toppen. Kaka bør stå i minst 5-6 timar å trekke. Pynt er etter eigen fantasi. Eg brukar dajmcrisp.

Som de ser, er ikkje kaka mi firkanta. Eg brukar saks på marengsbotnen. Det eg klipper vekk, legg eg der det høver.

10 kommentarer:

Turid sa...

Hei på deg!
Ser ut som ei deilig kake, har skrevet av oppskrifta, du sier du deler marengsbotn, skiver du den eller skjærer du den i to? Håper du forstår spr. mitt.
Takk for oppskrift!

solveig sa...

Eg trur det! Det vart ikkje trin for trinn bilde denne gongen. Marengsen dekker heile langpanna 30x40 cm, så skjer eg den til 30x 20 cm.

Elin sa...

Denne kaka er heilt ny for meg. Takk for oppskrifta. Går det bra med ferdigkjøpt kompott?

arieldog sa...

Eg har aldri prøvd å lage denne kaka, men eg likar den veldig godt! Eg har høyrt folk seie at dei teiknar sirklar på bakepapir og fordeler marengsen i desse sirklane. Det har dessutan blitt meg fortalt at ein kan oppbevare marengsen nokre dagar før ein fyller kaka - det kan vere nyttig viss ein skal ha selskap og vil unngå stress i siste liten.

solveig sa...

Eg trur ikkje det går bra med kjøpekompott. Den er nok for rennande. Den er vel potetmjølsjamning e.l.på.
Marengsbotnar står seg veldig lenge tett innpakka.
Ein kan sjølvsagt lage runde botnar. Men snu bakepapiret opp ned. Eg har opplevd å få blyantstrek på kvit marengs. Sikkert ikkje så farleg, men...

arieldog sa...

Gubben her i huset likar ikkje svisker. Skal tru om ein kan erstatte dei med t.d. aprikosar?

Elin sa...

Aprikosaar var ein kjempeide. Nesten som gammaldags bløtkake...

solveig sa...

Vi veit det vel ikkje før vi prøver! Det er ein her i huset som ikkje likar svisker og. Elles er det no godt med lys marengs, vaniljekrem, ripsbær og vanleg krem også.

ada sa...

Jeg mener å ha vært borti denne kaka før, laget med brunt sukker. Det gir en litt brent, karamellaktig smak. Nam :)

solveig sa...

Det skal vere brunt sukker!!!!!!!
Feilen er retta