onsdag 21. januar 2009

Bok 4: Prisvinnar


Denne boka kjøpte eg til Øystein. No har eg lese ho først. Trass Bragepris og "fornøgdgaranti" må eg innrømme at eg vart ikkje så begeistra over boka. Kanskje eg ikkje greier å trenge gjennom den heller stilleståande handlinga og antydningane.
---
Øystein og eg les vanlegvis ikkje same bøker, så det kan hende denne boka var meir for han?
---
No reknar eg med å få blogglesarar på nakken!

5 kommentarer:

Elin sa...

Har ikkje lese denne boka. Eg ligg milevis bak når det gjeld litteratur no om dagen. Men eg hugsar eg likte veldig godt den andre, kva ho no heitte igjen...

Besta sa...

Eg har berre lese ei bok av PP:Ut å stjæle hester, og den likte eg veldig godt. Berre ein ting irriterte meg; den slutta for brått. Den boka las eg to gonger.Håper denne kjem som lydbok.

solveig sa...

Den er på lydbok. Forfattaren les sjølv! På biblioteket er det kanskje lettare å få tak i lydbøker enn papirbøker. Eg trur deio kjem ut omtrent samtidig.

Hildegard sa...

Eg les denne boka også no, fekk den til jul. Har ikkje heilt bestemt meg for kva eg tykkjer om ho. Eidabesta

solveig sa...

Ikkje Øystein heller. Du får ta eit blogginnlegg på det!