laurdag 3. januar 2009

Blogging 2009

I dag er blogging tema i Sunnmørsposten del 3. Folk gjev opp ulike grunnar for å blogge. Det kan vere at ein har ei så sjeldan interesse at ein har lyst til å kome i kontakt med folk i fleire land med same interesse, eller det kan vere ei dagbok for kjentfolk.

Då eg starta å blogge, tenkte eg at det ville vere for familien med mykje fotballstoff i og med at det er det ungane er mest opptekne med. No har ikkje karane noko stor interesse av å verte skrivne om på bloggen, så eg har gått meir over til å skrive om eigne interesser.

Som det vert nemnt i avisa, er det mange fleire enn ein skulle tru som er innom bloggen i løpet av ein dag, men få kommenterer. Kven er lesarane? Eg veit at slekt og vener er innom av og til. Enkelte elevar og kollegaer har kome over bloggen. Bloggen er open for alle, så ver ikkje redde for å kommentere.

I 2009 skal eg:
- Skrive om bøker eg les. Eg satsar på ei i veka!
- Legge ut bilde frå familieselskap. Venner, kollegaer og naboar held eg utanfor.
- Interiør? Dette er ingen interiørblogg, men eitt og anna bord kan dukke opp.
Eg likar å sjå på interiørbloggar.
- Handarbeid? Eg har tekstilforming som fag i utdanninga mi, men har gitt opp handarbeidskarriera p.g.a. ei vond skulder. Det er kjekt å sjå kva andre lagar.
- Matoppskrifter og idéar.
- Hage og blomster.
- Opplevingar elles.

Godt nytt bloggår!

9 kommentarer:

Besta sa...

Eg ser på bloggen min som ein familieblogg, først og fremst, men har ikkje noko imot at andre kjem inn på.Eg skriv ikkje om meir "intime" ting for å seie det slik.Eg begynte med blogg fordi eg hadde kjensle av at eg sat og skreiv om dei same tinga til fleire.Eg les helst bloggane til dei andre i familien, er berre ein sjelden gong inn på framande bloggar.

Besta sa...

PS: Sa opp Sunnmørsposten frå nyttår, så viss der er viktige saker, får de tipse oss.

Elin sa...

Ser det er 2 damer frå Eid i denne artikkelen. Burde vel kjøpe avisa. Eg lurer av og til på kvifor folk er så engasjerte i bloggen min og aldri legg igjen ein kommentar...men eg får av og til munnlege kommentarar som t.d. kvifor skriv du på engelsk, no er det lenge sidan siste innlegg osb...altså litt småkritiske røyster. Jaja...
Kom det elles fram i artikkelen noko om desse "teljemaskinene", at dei er veldig misvisande? Det er dei nemleg, ifølgje ein nevø av meg som har greie på det.
Vel, denne helga er eg krimsjuk, hehe, der såg eg koplinga, eg er veldig tung for brystet (influensa?) + at eg driv og avsluttar Mannen som hater kvinner (sjølv om eg har sagt at eg ikkje skal lese meir krim i denne kriminelle verda).
Eg likar godt å lese bloggen din, og har den på lista mi. Dei andre i familien din har eg på ei "skjult" liste, feeds. Elles så går eg via-via, eller surfar, som det heiter.
Ha ei riktig god helg!

solveig sa...

Det vert berre nemnt at dersom du legg ein kommentar på ein blogg, får du meir trafikk på din eigen. Eg har mellom 60-100 "treff" for dag, men står nok for ein del sjølv.... Men der må vere ein del fleire enn tjukkaste slekta. Det er greitt å vere obs på det og skrive for det publikummet ein har. Eg såg nokre som kritiserte slike opptrykte julebrev, at alle barn vert positivt omtala, då seier eg "hallo, sjangeren er slik, du heng ikkje ut nokon i julebrev!". Slik er det med blogg. Det er ein sjanger. Som lærar på ein ungdomsskule er du ikkje særleg anonym i utgangspunktet....
Elles må eg sitere Sunnmørsposten: "Namna på lokale bloggar viser også kreativitet, slik som Lappetausa, Mallemor og Strikkemor."
No er vel Strikkemor(o) meir krativt Sunnmørsposten!

arieldog sa...

Vi tenkjer - ikkje uventa - ganske likt om blogginga. Det er kjekt å vere oppdatert om slekt og familie, og så har ein ei slags dagbok å sjå tilbake på sjølv òg. Eg skal snart undervise om blogging i norsk, og då vurderer eg å la elevane prøve. Problemet kan vere å få dei til å skrive så og seie feilfri nynorsk, for mange ungdomar likar betre å skrive dialekt eller bokmål når dei bloggar.

solveig sa...

Eg såg ei som hadde link til ordlista på bloggen sin....
http://www.dokpro.uio.no/ordboksoek.html
Eg synest alle bør få synge med sitt nebb, men på nynorsk!
Dialekt er trass alt ditt eige språk. Kanskje det er verre at dei legg om til sidemål?

Besta sa...

Eg hallar til den gamle gode parolen:SKRIV nynorsk(ev. bokmål)-TAL dialekt.Vi har to normerte skriftspråk i Norge i tillegg til samisk, men ikkje noko normert talespråk.Skriftspråka brukar vi når vi skriv. Men-eg skal innrømme at det er fristande å bruke somme ord frå talespråket, som t.d. dokke,"dykk" synest eg det er fælt å skrive i private brev o.l.

Hildegard sa...

Artig diskusjon. Til Besta: Eg skriv dykk, ikkje dokke. Min første sjef frå 1972(skal ikkje nemne namn)las gjennom all korrespondanse som gjekk ut av banken. Han var streng, var noko feil, måtte ein berre gjere det om att, så eg har gått ein hard skule.
Eidabesta

solveig sa...

Eg er enig i at bankar og skular bør sende ut informasjon med korrekt språk. Eg har kava med å få både elevar og vaksne til å skilje mellom de og dykk. Eg ber dei tenke eintal/fleirtal; du/de og deg/dykk. Eg veit at Besta kan det, men mange skriv dokke fordi dei ikkje skil mellom de og dykk.
Eitt ord som kollegaene mine nekta å tru ikkje er lov på nynorsk er "forrige", eg kallar det ein liten feil, for eg likar ikkje "førre".