søndag 11. januar 2009

Bok 2 Folkets favoritt



Eg fekk føre meg at eg kunne ikkje ha på meg at eg ikkje har lese Noregs beste bok gjennom tidene. "Favoritt for folk flest" er ikkje nødvendigvis noko argument som bit på meg. Men keeperen i familien snakka varmt om boka, og det var hans bok eg fekk låne.

Boka er absolutt god. Handlinga stiller mange spørsmål. Kanskje kan ein tolke inn eit frampeik mot 11. september. Vi får vite korleis ein gut vert terrorist for å redde regnskogen.

Dei som skal lese boka, må tole å lese om tortur og drap. Romanen inneheld mange fantastiske historier.

Er ho Noregs beste bok gjennom tidene? Neppe. Men eg tek ikkje på meg å finne noko alternativ.

Les om boka her og her.

3 kommentarer:

arieldog sa...

Eg las boka i 2008, og likte den ei stund, men så tok det litt av...

Besta sa...

Skal vi kåre Norges beste bok gjennom tidene? Eg trur eg held ein knapp på Sult. Eller kanskje Markens grøde? Men det har rent mykje vatn i havet sidan desse kom ut, og mange gode bøker har sett dagens lys.Og kva er eigentleg ei god bok?

solveig sa...

Eg meiner det er umuleg i utgangspunktet. Ei bok må kanskje lesast ut i frå samtida. Eller så må det vere ei bok som held seg til alle tider?