søndag 28. februar 2010

Velsmakande kyllingform

Eg har utfordra Gunda til å kome med middagsrettar med kyllingkjøtdeig i. Denne kjøtdeigen har ikkje vore nokon suksessfaktor på skulekjøkenet - til no kanskje.

Kvifor bør ein velje kyllingkjøtdeig framfor vanleg kjøtdeig eller karbonadedeig? For det første er kyllingkjøtdeigen rimeleg, ca 22 kr for ein pakke coop.  For det andre er kyllingkjøt miljøvennleg. Det trengst mindre fôr d.v.s. korn for å produsere det kvite kjøtet.  For det tredje er den mager med 8% feitt, og kyllingfeittet er meir umetta enn oksefeitt.
Eg har eit rikt utval i Cemo blandingskrydder, men ikkje riskrydder.   Eg las på baksida av boksane, lukta på nokre og kom fram til at eg ville bruke pastakrydderet.
Til no i dag har eg retta eit klassesett med vitaminprøver, så inspirert av det tok eg i tillegg til grønsakene i oppskrifta, med eit par gulrøter.  Då er A-vitamindosen sikra. Eg fresa 1/2 skvåsj, 2 små gulrøter, 1/2 stor raud paprika, 1 raudløk og 1 kinesisk kvitløk i litt rapsolje. Grønsakene krydra eg med 1 ts pastakrydder.

Den kvite sausen laga eg med å piske saman 1/2 liter mjølk (Med D-vitamin som ein kunne fått i sola om ein hadde kome seg ut) og 3 ms kveitemjøl.  Dette fekk smaåkoke litt før eg hadde i salt, pepar, muskatnøtt og sitronsaft.  Eg steikte 1 pk kyllingkjøtdeig i sitt eige feitt før eg hadde i tomatpure, buljong og 1 ts pastakrydder. Dette fekk koke "tørt".
Då var det berre å legge grønsakene i forma og legge kjøtdeigen over.  Eg hadde ost i sausen, men sparte litt til toppen.  Det var ei blanding av Norwegia og Jarlsberg.

Alle her var samde om at retten smaka nydeleg!  Neste gong lagar eg dobbel porsjon til oss fire. Om det var noko anna eg ville ha gjort annleis?  Kanskje laga den kvite sausen litt tjukkare.  

laurdag 27. februar 2010

Mons

Frøkna har studert ei ny kattebok, kjøpt på Mammutsal,  i ferien.  Faren har som kjent lova henne katt til sommaren.  Og så er det store spørsmålet: Kva for rase?  Eg meiner at ein heilt vanleg Mons må vere best.  Ho påpeikar som sant er, at Mons ikkje er ein katterase.  Bastard er best, hevdar eg.  Gatemix heiter viss den sorten i følgje boka.
Bilda er av katten vår som vi hadde i min oppvekst, frå eg var ti år til eg var tjue kanskje?  Ikkje var han kastrert heller, noko som no er obligatorisk i følgje frøkna.  Mons kunne vere vekke i eit par veker om gongen.  Han kom heim for å slikke sår og gjere seg klar til neste frierirunde; ein ekte hannkatt med andre ord.

Krim på NRK3

Vi har gjort ei ny oppdaging denne veka: Det går kvalitetskrimseriar på NRK3.  For oss er dette "Den gløymde kanalen".

Viss nokon synest det vert lenge å vente på curlingfinalen i kveld, eller dei rett og slett ønskjer å sjå noko anna, så klikk dykk inn her. 

Pølse+fest=sant?

Ein av matvarebutikkane her reklamerer med pølsefest. Sei meg, kva har pølser med fest å gjere?  Ikkje noko spør du meg. Finst det noko meir kvardagsleg enn grillpølser? Ein av karane her krangla med mor si om arbeid+glede heng saman.  Eg reknar med han har fått oppleve arbeidsglede.

Eit par pakkar pølser datt likevel ned i handlekorga saman med eit par pakkar lomper.  Det kan vere greit å ty til etter ein lang arbeidsdag.  Men kva skjer?  Dei vil til å loppe meg for pølsene med ein gong! 

Det er vel ikkje lenge til det dukkar opp påskegrillpølser til ein billeg penge.  Då startar grillsesongen, om ikkje før. Til jonsok ber ein oftast om nåde.

fredag 26. februar 2010

torsdag 25. februar 2010

Inspirert ...

... av Alt godt si kyllingform, hadde eg middagsplanen klar. Men på min veg bort til kyllingkjøtdeigen, dumpa det ei svinesteik til 20 kr kiloen oppi handlevogna ...
Eg skar vekk svoren og feittet og delte steika opp i skiver.  Eg krydra kjøtskivene med Cemo stek- og kotelettkrydder.  Salt og pepar går heilt fint sjølvsagt. (Eg veit ein bør ha mindre kjøt i panna om gongen.)
Eg tok dei grønsakene eg hadde og delte opp.
Deretter la eg grønsakene opp i Nowo-steikepanna. Eg hadde litt salt og oregano oppå grønsakene. Kotelettane la eg oppå, og til slutt helte eg i ein boks tomatar.  Eg hadde lok på panna og sette henne inn steikeomnen ca 45 minutt.
Eg serverte poteter til. Neste gong eg lagar retten, kjem eg til å skjere poteter i skiver og ha oppi.  Her vart rikeleg med væske.  Ein kan gjerne servere brød til.

Rettskrivings kurs



No er det lenge sidan eg har lagt ut orddelingsfeil. Den i overskrifta er min favoritt i dag. Sjå og lær!

onsdag 24. februar 2010

Mjøkeruta for å få rømmegraut

Facebooklesarane mine lurer kanskje på kvifor eg tok buss til Ørsta i dag.  Svaret på det er at ein lampe i bilen som ikkje skal lyse, lyser no.  Eg såg for meg motorhavari i botnen av tunnelen, og bestemte meg for å reise kollektivt.  Ei forseinka morsdagsgåve tok eg med i eit nett med "Miljøvennlig" berre for å understreke situasjonen.

Elstemann tok bussen til Volda berre i naudstilfelle då han studerte der.  Han orka ikkje å ta mjølkeruta, brukte han å seie.  Eg ser poenget.  Vi visste om reisetida, så vi utstyrte oss med underhaldning, det vil seie kvar sin MP3/I-pod.

Turen gjekk greit.  Eg har eit par bemerkningar til forbetringar av bussruter.  For det første må dei gå ofte.  Det er ikkje mange bussar som går frå Hareid til Ørsta.  Vi valde ein av dei som ikkje gjorde det, for at det skulle passe med tida.  Bussen stoppa i Furene og for til Volda. Nokre ungdomar trudde dei skulle kome seg til Ørsta, men nei, dei fekk tilbod om å vere med til Volda og ta timeekspressen.  Ein 10-minuttstur vart då til ein timestur.  For det andre, så verka det litt treigt å måtte sitte i Ulsteinvik i 20 minutt og berre vente.  Busskifte gjer at born ikkje har lyst å reise åleine, eller sjølv som eg kallar det.  Eg spør og grev slik at eg veit korleis turen kjem til å arte seg.

I Ørsta fekk vi nydeleg rømmegraut. Ungane fekk boltre seg i snøen saman med søskenbarn.

p.s
Satsar på at systa tilgjev at eg knabba bilde frå henne.  Eg finn ikkje ladaren til fotoapparatet etter rydderunda før helga.

Bok 9: Mørkemannen

Dette er boka som kjem etter Honningfellen.  Eg fekk låne papirboka av ein kollega av meg.  Eg oppdaga ganskje raskt at eg hadde lese boka før.  Men eg hugsa ikkje så godt oppklaringa, og sidan denne også kanskje dukkar opp som fil etter OL, bestemte eg meg for å lese den om att.

Då eg las boka sist, hadde eg ikkje peiling på Marian Dahle si tolle i teamet.  Sidan då har ho og fått eit andlet i TV-serien.  I Honningfellen var hennar forhold til psykiatrien viktig.  I Mørkemannen kjem dette med adopsjonen inn.  I tillegg anar vi at ho kan ha vore utsett for fleire ting i oppveksten.

Boka er for all del spennande.  Men no er eg meir kritisk til Marian Dahle si rolle.  Privatlivet til Cato Isaksen er vel oppbrukt i tidlegare bøker.

Sjølve mordgåta er noko innfløkt. Oppklaringa er logisk, men litt søkt etter min smak.

Les gjerne meir om romanen her.

tysdag 23. februar 2010

Barselvisitt

Sidan vi har tenkt oss til Ørsta i morgon, tok vi likegodt og stakk ned til naboane med ei lita gåve.  Jenta er akkurat tre veker, men har ikkje fått namn enno.

Det søte liv

I dag har eg hatt hyggeleg besøk av mi venninne M.  Ho hadde med seg ei nydeleg potterose som vi begge håper skal få eit langt liv i hagen etter at den har pynta opp inne.
Eg fekk lyst på vaflar i dag.  Og så fekk eg lyst til å smake eit produkt eg kjøpte ein dag dei ikkje hadde posar med bringebær i butikken.  Eg er i utgangspunktet skeptisk til kjøpesylte.  Den brukar å vere altfor søt.  Denne vil eg heller seie er sur nok.  Den inneheldt 80% bær.  Mine rørte jordbær, som eg også hadde tatt fram, inneheld 3 dl sukker pr kilo bær.
Alt er ei vanesak.  Det er betre sylta er for lite søt enn for mykje søt.

Bibliotek

I går ettermiddag skulle eg eigentleg berre levere inn att nokre bøker, for no er eg på etterskot.  MP3-en inneheld nok å lese til påske.  Men så fann eg desse to!  Den eine kjem nok til å snike i køen.

Elles har eg oppdaga at biblioteket er ei gullgruve også når det gjeld blad/magasin.  Kanskje det var der ein skulle sette seg ned i staden for framfor dataskjermen.

måndag 22. februar 2010

Vi du vere venen min?

No har eg altså, med god hjelp, kome meg på facebook.  Eg har lenge brukt som argument at eg ikkje trur eg vil få vener der.  Det blæs dei av.  Men ikkje alle her vil vere ven med meg.  Det ser eg på som eit sunt trekk.  Det finst folk som er vener med foreldra sine og skriv om ting dei ikkje har lov til.  Ikkje særleg lurt må eg medgje.

Kva eg skal på facebook er ei anna sak.  Men når Besta veit meir enn meg om andre familiemedlemer, føler eg eit visst press.  Viss dei vil vere ven med meg, altså.

Eg liker eigentleg godt bloggmediet.  Her kan ein legge ut det alle kan vite.  Dei som ikkje er interesserte i matoppskrifter og veret på Sunnmøre, gidd vel ikkje å lese bloggen.

Frøkna har sendt ut nokre slike "vil du vere venen min"-spørsmål.  Og så har eg fått beskjed om å skrive dialekt.  Det sit langt inne.  Facebook har forresten mange flotte nynorskuttrykk!

Lær å like kyllingkjøtdeig - del 2

I dag var vi berre tre til middag, og eg tenkte vi kunne ete litt frå frysaren. Eg brukte minestronesuppeoppskrifta i frå nye "Frå bollar til burritos".  Eg steikte (litt for svak varme, så den vart helst kokt) først kyllingkjøtdeigen.  Så surra eg bitar av potet, gulrot og purreløk.   Eg hadde ein heil kinesisk kvitløk i.
Deretter hadde eg i resten av ingrediensane: Ein buljongterning, ein boks tomatar (+ like mykje vatn, 4 dl), 1 ts oregano, salt og pepar.  I staden for makaroni hadde eg i litt kvite bønner frå frysaren.  Eg kokte ein pakke som eg hadde kjøpt på ein innvandrarbutikk for ei stund sidan, og fraus ned i små porsjonar.  Suppa vart god den, men hadde nok vore minst like god med vanleg kjøtdeig ...

Gratulerer Audun!

I dag kan vi gratulere Audun med 20-årsdagen!  Bildet er frå i fjor då vi var i Oslo med TV og andre ting.  No har han flytta eit par gongar sidan då.  Det gjeld å finne seg ein hybel ein trivst på når ein skal studere i mange år.

Vi ser at han skal feire dagen med fotballtrening i kveld.

søndag 21. februar 2010

Typical Norwegian

Hovedgjesten i går er ei svært omgjengeleg og triveleg dame.  For oss nordmenn er det artig å høyre kommentarane ein utlending kjem med undervegs.  Det var to ting som gjorde inntrykk på henne:  Kakebordet og engelskkunnskapane til nordmenn.

Dei fleste kakene kom gjestene med.  I sunnmørsk målestokk er vel dette eit normalt kakebord. 

Når det gjeld engelskkunnskapane, så var nok ikkje forsamlinga heilt representativ.  Her var både ein amerikanar og ein engelskmann i tillegg til fleire engelsklærarar både frå vidaregåande og ungdomsskulen.

Elles så forstod eg kva ho meinte då ho såg  sofahjørnet vårt med panelvegger og Ekornes bogesofa og utbraut: Typical Norwegian! 
I mitt stille sinn tenkjer eg: Oppussingsobjekt ...

laurdag 20. februar 2010

Ei bikkje av kvart slag - Alle hus treng ein fest 2

Når ein inviterer 24 gjester som ein vil fordele rundt tre bord, har ein ei utfordring.  Slik er det i alle fall her i huset.  Eg har 12 av nokre ting og 18 av andre. No har eg telt opp og dekka på. 
Dei to borda som er i same rommet, er nesten like. Berre skeiene har ulikt mønster.  Lys og serviettar har eg tatt frå samlinga mi.
Bordet i det andre rommet har eg dekka litt annleis.  Glasa og har annan farge.  Her fann eg nokre andre serviettar i samlinga mi.
Kva eg har kjøpt?  Eg har kjøpt like dukar til alle borda (Kid kupp), også dei små borda og kjøkenbordet. Det håper eg vil gje eit litt rydig inntrykk. I tillegg har eg kjøpt til nokre asjettar i Tid. Då kan eg sette dei på kakebordet til kaffien. Eg har ikkje asjettar til kornblomstkoppane mine.  Dei kjøpte eg til konfirmasjonane, for at dei skulle passe til dei kvite middagstallerkane.  Til dessert bruker ein ofte glasfat.

fredag 19. februar 2010

Alle hus treng ein fest 1

Dette bruker Finn på Frukost-TV å seie.Eg må berre seie meg einig. Ein treng å sjå heimen med andre sine auge.  No har eg ikkje akkurat tid til å gjere store endringar.  Men litt har eg no pjaska med. 

Nokre innkjøp har eg gjort, og noko skal eg dele med blogglesarane etter kvart.  På blomsterbutikken såg eg freistande Campunala.  Dei er flotte no, men klarer ein å ta vare på dei til våren, kan ein ha glede av dei i mange år. Eg såg etter potter opp etter to reolar, men såg ikkje nokre eg likte.  Først då eg skulle til å betale, såg eg desse saman med nokre rammer. Dei glir rett inn saman med dei eg har frå før.

torsdag 18. februar 2010

Solveigs skjulte sider 1

Det begynte med kulden.  Det vart vanskeleg å finne varme nok vottar.  Berre Olaug sine tova vottar som Besta strikka då 6. klassingane skulle til Dombås i fjor, heldt mål.

Så sat ein av kollegaene mine og strikka Blåfjellvottar.  Det såg så enkelt og kjekt ut!  Eg investerte i trepinnar og garn.  Olaug fekk velje fargar sjølv.  Dei til høgre i cerise og raudt har ho strikka.  Vi tova dei i maskina på 40 grader.  Vottane til venstre har eg strikka.  Besta kom både med mønster og tråd.  No er dei i maskina.   Det vert spennande.

Eg synest det er veldig kjekt å strikke.  Eg skulle ønske skuldra mi ikkje sette stoppar for aktiviteten.  No har det gått heilt fint, berre eg har vit til å strikke ein vott i veka.  Handarbeid var alltid yndlingsfaget mitt på skulen.  I ungdomsskulen på 70-talet kunne ein ha både tre timar valfag og tysk.  Slik skulle det ha vore no og dersom eg hadde bestemt. 

onsdag 17. februar 2010

No har også eg ...

... vorte cdon-kunde.  Dei andre myndige i familien bestiller seg ofte både musikk og film frå denne adressa.  Eg kjøper heller sjeldan slike varer til meg sjølv, men får det gjerne i gåver.

Etter eit tips frå ein kollega av meg som er minst like kriminteressert som meg, bestilte eg fem sesongar av "Arr i sjelen".  Den sjette har visst ikkje kome til landet enno, men er i kjømda. 

No har vi bestemt oss for same strategi: Vi begynner på den første, og viss vi ikkje hugsar for mykje, ser vi dei kronologisk. 

Prisen?  246 kr for alle fem sesongane - til saman.  Løp og kjøp!

tysdag 16. februar 2010

Slutten på romanen

Romanen eg nettopp har lese ferdig, sluttar med at hovudpersonen, Sven Foyn, sit og lyttar til denne melodien. Han gjer Cohen sine ord til sine eigne om Janis Joplin når han tenkjer på Jasmin.  I don't even think of you that often.





I remember you well in the Chelsea Hotel,
you were talking so brave and so sweet,
giving me head on the unmade bed,
while the limousines wait in the street.
Those were the reasons and that was New York,
we were running for the money and the flesh.
And that was called love for the workers in song
probably still is for those of them left.



Ah but you got away, didn't you babe,
you just turned your back on the crowd,
you got away, I never once heard you say,
I need you, I don't need you,
I need you, I don't need you
and all of that jiving around.



I remember you well in the Chelsea Hotel
you were famous, your heart was a legend.
You told me again you preferred handsome men
but for me you would make an exception.
And clenching your fist for the ones like us
who are oppressed by the figures of beauty,
you fixed yourself, you said, "Well never mind,
we are ugly but we have the music."


And then you got away, didn't you babe...


I don't mean to suggest that I loved you the best,
I can't keep track of each fallen robin.
I remember you well in the Chelsea Hotel,
that's all, I don't even think of you that often.

Bok 8: Krim med aktuell problemstilling


Krimhelten, advokat Sven Foyn med St Bernhardhunden, fell for den iranske asylsøkaren Jasmin. Han får vite noko av historia hennar.  Så forsvinn ho.

Foyn begynner å forske i fortida hennar.  Her er mykje å ta tak i. Når liket dukkar opp, og politiet gjer lite, er det Foyn som tek ansvar.  Han reiser og til Iran og møter familien hennar.

Vi får vite noko om korleis det er å vere kvinne frå Iran, og ikkje minst kor vanskeleg det er å vere asylsøkar i Norge.

Boka er spennande.  Sjølv om Foyn som vanleg er døden nær fleire gongar, er dette det eg kallar kosekrim.  Språket er frodig med innlagt humor.  Ola Otnes les godt. 

Eit lite minus vil eg gje for slutten.  Rett nok vert gåta logisk løyst.  Men eg hadde ønskt meg ein annan mordar.

måndag 15. februar 2010

Forfattarbesøk

Til helga kjem Christine De Luca til Ivar Aasen-tunet i høve morsmålsdagen.  Arrangementet er komande søndag.  De kan lese meir i Vikebladet.

Laurdagskvelden har vi invitert henne hit.  I tillegg kjem ein del vener og kollegaer.  Så spørs det kva ein serverer i eit slikt høve?  Kva er typisk norsk som utlendingar liker?

søndag 14. februar 2010

Morsdag - litt historikk

Som mange andre merkedagar, så kjem også morsdag frå USA.  Det har vore ein høgtidsdag der sidan 1814.  I Sverige vart morsdagen lagt til siste søndagen i mai.  I Norge vart morsdagen innført under første verdskrige som "mødrene sin heidersdag", først i ei metodistkyrkje i Bergen.  På grunn av 1. mai og 17. mai, høvde det ikkje så godt med morsdag i mai her i landet.

Les gjerne meir her.

I Fjordamat kan vi lese at ein prøvde å utarbeide eit program for dagen.  Her kjem eitt framlegg for feiring:

Mor skulle stå opp i varmt rom, etter at ho først hadde fått kaffi på senga.  Skorne hennar skulle pussast, golvet vaskast.  Frukostbordet skulle vere festpynta, om mogeleg prydd med kvite blomar.  Ved mors plass skulle det ligge ei gåve, helst noko dei visste ho hadde ønskt seg.  Ved ettermiddagskaffien eller ved kveldsbordet skulle det sameleis vere noko ekstra, med lesing og godord til mor. 

Først på 50-talet vart det vanleg å lage morsdagskort på skulane.  Hugsar Besta noko om dette?

Morsdag, valentin og fastelavn

Eg veit ikkje om det er slik i andre heimar, at når nokon flyttar heimanfrå, då vert plassen deira ståande ledig.  Slik er det i alle fall her.  Derfor vert pådekkinga slik den vert.
Yngstemann er reist til Sunnmørshallen for å spele fotball.  Eg laga bolledeig etter frukost, slik at han skulle få seg ein bolle før han for.  Brødbakemaskina fekk kna deigen.  Eg har oppskrifta i hovudet.  Blogglesarane har sikkert sine eigne oppskrifter.  Eg bruker egg, meierismør og raud gjær i min deig.
Kvar og ein får fylle sin bolle med jordbærsylte og krem.  Som de ser er det ein som er glad i melis.

laurdag 13. februar 2010

No igjen

Eg har vore i tvil om eg skulle vise blogglesarane at eg har gjort det igjen: Kjøpt ny steikepanne.  Eg har til gode å kome over ei steikepanne med eit belegg som varer.  Jamiepanna mi kan ikkje brukast til eggerøre lenger.  Men eg kan no slite på den til kotelettar og liknande.

På skulekjøkenet kjøpte vi slike Nowopanner for eitt år sidan.  Dei har halde seg fine.  Eg ser også at Wenche bruker dei på Frukost-TV. 

Nyepanna mi er 28 cm i diameter og har 7 cm høge kantar. Kapasiteten skal vere på 3,5 l.  Handtaket kan takast av.  Det kan vere greit både til servering og dersom ein vil putte den i steikeomnen.

Vermelding og vårteikn

Når sola kryp over Melshornet, og vi har sol heile dagen, då er vinteren på hell.  Det går mot lyse tider.  Men verken i går, 12. februar er merkedagen, eller i dag. ser det ut til å skine opp.  Her er 2 plussgrader i dag, og snøen smeltar.

fredag 12. februar 2010

Shopping og handling

I dag har eg vore i næraste by og shoppa. Dei fleste har vel fått med seg at eg ikkje er nokon stor tilhengar av Halloween og Valentine. Sånn sett er det greitt at Valentine fell på morsdag.  Men desse serviettane fall eg pladask for!  Til jul gav eg vekk mange ostehøvlar.  Kvifor?  Fordi eg trong det sjølv sjølvsagt.
Handelen gjorde eg på Hareid til slutt.  Viss nokon eg glad i havregryn, så kan eg anbefale desse.  Dei smakar heilt fantastisk samanlikna med vanlege typar.  Dei er økologiske og merka med "Norsk kulturarv".

torsdag 11. februar 2010

Bleik om nebbet?

Frøkna følgjer med eit program som heiter Dyrlegene.  Då vert det til at mor kikar bort på programmet i ny og ne.  I går sette ein fotballkamp stoppar for yndlingsprogrammet, men ho var tidleg oppe i dag for å få det med seg i opptak.

Ser de undulaten?  Han vart operert i gårsdagens program.  Vengene vart teipa og han vart lagt i narkose.  Etter operasjonen utbryt ein lykkeleg eigar, ein mann eldre enn meg: "Se, nebbet har skiftet farge!".  Det er då eg lurer på om uttrykket bleik om nebbet kjem av noko heilt konkret?

Resultat?

No har nyttårsforsettet begynt å gje resultat.  Frysarane tømest.  Når eg kjem ned til to halve, skal det verkeleg bli godt å få avise ein for ein. 

Men så var det desse stega attende.  Eit par slike pakkar hamna i frysaren min då butikken selde dei for 12 kr eit par dagar før dei gjekk ut på dato.  Eigentleg er eg ikkje så glad i kyllingprodukt.  Prior pølser og blandingsprodukt inneheld eit krydder, eller kan det vere ein smaksforsterkar, som eg meiner gjer dei uegna til menneskemat.

Eg søkte råd hos Alt godt og ho foreslo godt krydra suppebollar.
Eg laga kjøttførse av 400 g kyllingkjøtdeig, 1/2 ts salt, 2 kryddermål pepar, 1 krm muskatnøtt, 1 krm ingefær og 1 ms potetmjøl.  Eg let dette gå i foodprosessoren medan eg spedde med 1 dl ekstra lett mjølk.

Søndag hadde vi kotelettar til middag (frå to posar eg fann i frysaren).  Beina som eg hadde salta på, vart det kokt kraft på i dag.  I tillegg til vanlege grønsaker ...
... hadde eg sjølvsagt i noko grønt, purreløk og brokkoli i dag.  Suppebollane vart gode dei!  Kan middagen bli stort sunnare?

No er det visst ikkje alle som er like glad i suppe.  Denne karen har laga sin eigen ironiske blogg.

P.S.
Blogglesarane har vel fått med seg at Pizza Grandiosa fyller 30 år i dag?  Eg har også lært noko nytt i dag!  Eg har nemleg undra meg på kva som er poenget med pizzadressing?  Jau, den skal vere på salaten ein alltid serverer til!  Er det sånn som ungdommen likar?

onsdag 10. februar 2010

Miljøvennleg?

Endeleg har Coop-kjeden forstått at dersom folk skal bruke miljønett, må dei vere betre enn plastnetta.  Dei nye er sydde i bevernylonstoff og har normal storleik.  Dei som har prøvd å bruke dei svarte dei har gitt vekk gratis innimellom, forstår kva eg snakkar om. Vi bruker dei til å samle tomflasker i.
Denne typen meiner eg er best.  Dei veg omtrent ingenting og er i lett "regndresstoff".  Dette er frå meny, men både Kiwi og Rema 1000 har dei i grelle fargar.
Observante blogglesarar har kanskje fått med seg at faren i huset har sagt at når vi får ny garasjeport, kan vi ha katt i garasjen.  Eg fall for dette på Nille.  Det er midt i blinken til å henge på ei knaggrekke på rommet med ein eller annan aktivitet oppi, kanskje eit strikketøy?

tysdag 9. februar 2010

Bok 7: Korset


No har eg kome til vegs ende i trilogien om Kristin Lavransdatter.  Desse bøkene las eg då eg var 18.


Det eg hugsar frå siste boka, var at Erlend flytta frå Kristin.  Eg trudde boka handla mest om klosterlivet og svartedauden.  Det gjer ho ikkje.  Vi får høyre om forholdet til søstra til Kristin, Ramborg, som er gift med Simon. 

Simon elska Kristin til han døydde i armane hennar.  Dette var ho den einaste som ikkje forstod.  Ramborg giftar seg rask på nytt med "en som har tenkt på henne i lang tid".  Ho vart "noget fet" etter kvart.
Elles får vi høyre korleis det går med sønene til Kristin.  Ho får vesle Erlend etter eit forsoningsmøte med ektemannen.  Dette barnet har bygdesladderen gjeve Ulf farskapet for. Dette fører til Erlend sin død under dramatiske omstende. 

Dei fem elste sønene lever opp.  Når Gaute tek over garden begynner ho å føle seg til overs.  Ho vel klosterlivet.  På slutten av livet får ho møte att ein del slekt og vener. 

Sigrid Undset skreiv bøkene i 1920-22.  I 1928 fekk ho Nobels litteraturpris.  Det er det berre to andre nordmenn som har fått; Bjørnstjerne Bjørnson og Knut Hamsun.

måndag 8. februar 2010

TV-kvelden 8. februar

Sidan eg har begynt å kommentere, og prøvd å skape debatt om, TV-serien 10B, så får eg prøve å kome med nokre tankar i dag og.

10B
Det mest interessante i dag var innvandrarjenta som hadde foreldre som hadde sett urealistiske mål for henne.  Det er ei jente som slit med det norske språket slik mange born av innvandrarar gjer.  Dei kan vere fødde i Norge, men likevel slite med språket fordi foreldra meistrar det dårleg.  I stilen sin hadde ho sett ord på tankane sine.  Dei andre elevane fekk noko å tenke på.

Munnlege prøver for dyslektikarar burde vere ei sjølfølgje i munnlege fag.  Det kan ofte vere nok at ein "assistent" les opp spørsmåla og skriv ned det eleven svarer.  Elles er det vel vanleg i slutten av 10-ande at alle elevane vert "spurt".  Både engelsk og norsk har eigen munnlegkarakter.

Krim
Når ein nettopp har lese boka, ser ein filmatiseringa på ein litt annan måte.  Ting skjer ikkje akkurat i same rekkjefølgje som i boka.  Jentene i kjellaren sat på golvet i boka.  Dei slapp med skrekken.  Eg ville ha gjeve Anne Marit Jacobsen som Vera Mattson, prisen for beste skodespelar. 

For eit (null)føre!

Eg kan ikkje hugse at brøytekantane har vore så høge og bardane så høge så lenge eg har køyrt bil!  Då må det presiserast at så lenge eg hadde små born som eg trilla, gjekk eg og handla omtrent kvar dag.  Det var alltid nokon som trengte ein luftetur.  Slik som vegane er i dag, finst det ikkje tyngre underlag å dra ei vogn på.  Eg håper dei skrapar snart.

Det får vere dagens hjartesukk.

På biblioteket var eg heldig i dag!  Ærendet var å levere inn to lydbøker og berre sjekke om der var ei bok eg ikkje har lese.  Der hadde akkurat vore ein person og levert inn desse tre.  Forfattarane er nye for meg, men eg meiner den kvinnelege er lege.

No er eg nesten ferdig med Kristin Lavransdatter, så det er berre å anbefale!