søndag 28. februar 2010

Velsmakande kyllingform

Eg har utfordra Gunda til å kome med middagsrettar med kyllingkjøtdeig i. Denne kjøtdeigen har ikkje vore nokon suksessfaktor på skulekjøkenet - til no kanskje.

Kvifor bør ein velje kyllingkjøtdeig framfor vanleg kjøtdeig eller karbonadedeig? For det første er kyllingkjøtdeigen rimeleg, ca 22 kr for ein pakke coop.  For det andre er kyllingkjøt miljøvennleg. Det trengst mindre fôr d.v.s. korn for å produsere det kvite kjøtet.  For det tredje er den mager med 8% feitt, og kyllingfeittet er meir umetta enn oksefeitt.
Eg har eit rikt utval i Cemo blandingskrydder, men ikkje riskrydder.   Eg las på baksida av boksane, lukta på nokre og kom fram til at eg ville bruke pastakrydderet.
Til no i dag har eg retta eit klassesett med vitaminprøver, så inspirert av det tok eg i tillegg til grønsakene i oppskrifta, med eit par gulrøter.  Då er A-vitamindosen sikra. Eg fresa 1/2 skvåsj, 2 små gulrøter, 1/2 stor raud paprika, 1 raudløk og 1 kinesisk kvitløk i litt rapsolje. Grønsakene krydra eg med 1 ts pastakrydder.

Den kvite sausen laga eg med å piske saman 1/2 liter mjølk (Med D-vitamin som ein kunne fått i sola om ein hadde kome seg ut) og 3 ms kveitemjøl.  Dette fekk smaåkoke litt før eg hadde i salt, pepar, muskatnøtt og sitronsaft.  Eg steikte 1 pk kyllingkjøtdeig i sitt eige feitt før eg hadde i tomatpure, buljong og 1 ts pastakrydder. Dette fekk koke "tørt".
Då var det berre å legge grønsakene i forma og legge kjøtdeigen over.  Eg hadde ost i sausen, men sparte litt til toppen.  Det var ei blanding av Norwegia og Jarlsberg.

Alle her var samde om at retten smaka nydeleg!  Neste gong lagar eg dobbel porsjon til oss fire. Om det var noko anna eg ville ha gjort annleis?  Kanskje laga den kvite sausen litt tjukkare.  

7 kommentarer:

Besta sa...

Dette høyrdest godt ut. Men korleis du fekk til å steike kylligkjøttdeigen i sitt eige feitt er litt av ei gåte for meg.Er den ikkje omtrent feittlaus?
Eg eksperimenterer med krydderblandingar. I dag var det svinekotelettar med kalkunkrydder.Godt det også.Billigsal på apoteket av nokre sortar Cemo, 20 kr pr. boks, mot normalt ca 45 kr.

Alt godt sa...

Prøv med ein sprut sitron i kvitsausen. Eg syns det gjer smaken meir "meieri-aktig", og veldig god.

solveig sa...

Eg hadde i ca 1 ms trur eg. Det frioska opp.

Elin sa...

Kyllingkjøtdeig har eg ikkje draget på. Kjøper de krydder på apoteket? Ser vi høyrer same bok for tida, eg er nettopp begynt på Hundre år. Flink å lese, ho dama. Så er det påattatt i mårå då, ha ei fin veke!

solveig sa...

Ja, Hundre år har rette opplesaren. Kryddera kjøper eg litt her og litt der. Best utval på Gåvebuda på Amfi i Ørsta. Elles nokre på Til Bords på Blåhuset og av og til på Glassmagasinet på Amfi i Ulsteinvik. Apoteket har til jul.

Besta sa...

Minner denne retten litt om Lasagne?
Cemo-krydder på apoteket er ikkje vanleg, men akkurat no hadde dei nokre få sortar på tilbud.Det er Glassmagasinet som har krydder, den andre halvdelen av butikken, Gåvebuda, ligg att i gågata. Det er der dei har Ekelund.
Eg likte veldig godt å høyre HUNDRE ÅR i lydbokversjonen.

solveig sa...

Retten liknar på lasagne, men med grønsaker i staden for pasta. Du har rett i Glassmagasinet. Eg ser på det som same butikken ...
Apoteka har gjerne krydder til jul.