laurdag 6. februar 2010

6. februar

I dag har det vore ein nydeleg dag med plussgrader og sol.  Det har runne jamnt frå taket slik det gjorde her sist det var mildver.  Det har ikkje gitt oss same problema som i Ørsta.

Eldstemann har vore på fotballturnering i Ulsteinvik.  Yngstemann spelte treningskamp mot Hødd klokka 12.  Faren var publikum.  Eg fekk vaska hus i fred og ro med Korset på øyrene. Mannen i huset vaska sin del/etasje i går, berre så det er sagt. 
Etterpå kom vi oss opp i bakkane. Sidan han er så mykje sprekare enn meg, passar det best å gå runder, ikkje frå A til B der han går med meg på slep.


Medan eg vaska, kokte eg ein knoke og ein pakke gule erter.  Begge delar hadde lagt i vatn i natt.  Eg bruker ikkje oppskrift til ertesuppe.  Det er berre å koke erter, svineknoke og hakka løk eit par timar.  Etter skituren hadde eg poteter og gulrøter i og smakte til med pepar.  Salt berre viss det er nødvendig.

Til slutt får vi minne om at i dag er det samefolkets dag.

2 kommentarer:

Besta sa...

Takk for at du minte meg på at det er samefolkets dag! I heile dag har eg gått og lurt på kva det er med 6. ferbruar. Sjekka merkedagboka-men der var ingen ting og eg kom heller ikkje på nokon som hadde fødselsdag. Hadde eg sjekka dagboka hadde eg funne det ut.

arieldog sa...

Eg også meinte det var noko med datoen...