torsdag 4. februar 2010

Bok: 6 No veit eg kven som er mordaren ev. mordarane

Men blogglesarane må anten lese boka eller sjå 3. episode måndag!

Når ein nærmar seg slutten av ein krimroman, er det sjølvsagt vanskeleg å legge boka frå seg.  Slik var det også med denne.

Eg synest boka innfrir: Mysteriet vert løyst på ein truverdig måte.

Familielivet til Cato Isaksen er lite med i denne boka.  Bente sit heime og er sjalu.  Kanskje like mykje på jobben som på Mariann.  Hunden hennar som han irriterer seg over, får ei viktig rolle i oppklaringa av saka.  Den overlever så vidt.  Humorhøgdepunktet er når Cato sier:
- Det er sykelig å være så opphengt i et sånt semsket krapyl av en hund.
Håper dette ikkje vert for sterk kost for hundeelskarar.

Ingen kommentarer: