måndag 1. februar 2010

TV-kvelden 1. februar

Klasse 10 B
Livet går vidare i klasse 10 B.  Elevane er opptatt av at dei eigentleg går i ei klasse med godt samhald.  Dei er ikkje inndelte i gjengar.  Dette får vi vite før einskildpersonar brakar i hop.  Det vert behov for konfliktløysing.  Rådgjevaren snakkar med dei to elevane kvar for seg før dei får snakke saman med tilsyn.  Akkurat den delen var eg ikkje imponert over.  Jenta fekk sitte på golvet og overhøvle guten som sat med gråten i halsen og med hetta over hovudet. Eg trur dei hadde fått ein betre samtale om dei sat på kvar sin stol utan høve til å gøyme seg.

Det vart også tatt opp at konkurranse har to sider.  Eg bruker å seie at det går an å framheve seg sjølv utan å trykke ned andre.  Det tek tid å lære.  I denne klassa har det skjedd som ofte skjer i klasser utan styring: Det vert slengt stygge kommentarar.  Viss ein konfronterer elevar med at dei kanskje sårar andre, får ein gjerne høyre at "det er berre på kødd" "ha/ho synest det er berre artig" "oss bruker å snakke slik"  eller liknande.  Den skal vere tøff som torer å seie at ein vert såra.  Her må dei vaksne gripe inn, og det arbeider dei med her.

Honningfellen
I dag kom eg meg til s. 233 av ca 350 i boka.  Det er interessant å sjå skilnadene mellom boka og filmen.  Noko er direkte "feil" i filmen medan andre ting må dei omarbeide.  Det irriterer meg at Wiggo ser så gammal ut.  Han skal vere 21 år og innbille jentene at han er 18.  Dei er 11 og seier dei er 14. Film må vise, ikkje seie. Eg liker både boka og filmen.  Men eg trur ein er mordar i boka og ein annan i filmen!  Her kan ein lett bli klistra til stolen!

1 kommentar:

Besta sa...

Eg såg litt av skulefilmen, men eg likar ikkje å bli mint om gamle konfliktsituasjonar. Konfliktløysing tek mykje tid i skulen, og er ei vanskelig oppgåve som min generasjon var lite opplærde om.
Krimmen er sånn passe.....
Vi ser Beck i reprise sundagskveldane. Det er vår favorittkrim.