onsdag 24. februar 2010

Mjøkeruta for å få rømmegraut

Facebooklesarane mine lurer kanskje på kvifor eg tok buss til Ørsta i dag.  Svaret på det er at ein lampe i bilen som ikkje skal lyse, lyser no.  Eg såg for meg motorhavari i botnen av tunnelen, og bestemte meg for å reise kollektivt.  Ei forseinka morsdagsgåve tok eg med i eit nett med "Miljøvennlig" berre for å understreke situasjonen.

Elstemann tok bussen til Volda berre i naudstilfelle då han studerte der.  Han orka ikkje å ta mjølkeruta, brukte han å seie.  Eg ser poenget.  Vi visste om reisetida, så vi utstyrte oss med underhaldning, det vil seie kvar sin MP3/I-pod.

Turen gjekk greit.  Eg har eit par bemerkningar til forbetringar av bussruter.  For det første må dei gå ofte.  Det er ikkje mange bussar som går frå Hareid til Ørsta.  Vi valde ein av dei som ikkje gjorde det, for at det skulle passe med tida.  Bussen stoppa i Furene og for til Volda. Nokre ungdomar trudde dei skulle kome seg til Ørsta, men nei, dei fekk tilbod om å vere med til Volda og ta timeekspressen.  Ein 10-minuttstur vart då til ein timestur.  For det andre, så verka det litt treigt å måtte sitte i Ulsteinvik i 20 minutt og berre vente.  Busskifte gjer at born ikkje har lyst å reise åleine, eller sjølv som eg kallar det.  Eg spør og grev slik at eg veit korleis turen kjem til å arte seg.

I Ørsta fekk vi nydeleg rømmegraut. Ungane fekk boltre seg i snøen saman med søskenbarn.

p.s
Satsar på at systa tilgjev at eg knabba bilde frå henne.  Eg finn ikkje ladaren til fotoapparatet etter rydderunda før helga.

4 kommentarer:

ariel sa...

Klart du er tilgitt!

Anlen sa...

Kollektivtransport er verkeleg for tolmodige sjeler... Det er ikkje noko eg gjer meir enn eg må! Men timeekspressen til Molde er ok, den klarer å gjere jobben. Heilt til vi skal ta båten heim, der er det sjølvsagt ikkje mogleg å samarbeide buss-båt. Livet skal nok vere litt tungvint når ein vil vere miljøvenleg!

Hildegard sa...

Kollektiv tek tid, berre kvinnfolk, pensjonistar og småbarns-mødre tek seg tid til slikt, og går det fly er det det mannfolk i sin beste alder benyttar seg av. Har erfaring med dette frå den tida eg reiste ein del i jobben!
Kris pendlar kvar helg Ålesund - N.eid t/r og det går greitt. Han har headset og underhaldning og tek det med ro. kr 175 kvar veg, men det kostar å vere i bya også.
Eidabesta

solveig sa...

Vi betalte 160 kr for to vaksne og eit barn frå Ørsta til Hareid. For ein person vert det billegare å ta buss, men det er dyrt å ha vaksne born. På hurtigbåten får ein halv pris for resten av familien når ein person løyser vaksenbillett. Kanskje ein ide for bussen og. 3/4 stod tom til ei kvar tid.