søndag 9. mai 2010

Konfirmasjonshelg i bygda


Det vert lagt ned mykje arbeid i ein konfirmasjon, ikkje berre i familien til konfirmanten, men også i andre heimar.  Ikkje minst vert det baka kaker til slekt og vener.  Her var det to konfirmasjonsgudstenester laurdag og ei søndag.

I dag har eg gjort eit dagsverk som kjøkenhjelp.  Eg hadde med meg heimebaka brød som eg har skrive om før.  Elles har eg gjort vanleg arbeid som å ta imot koldtbord, varme kylling, koke kaffi og ikkje minst vaske og rydde opp.  Tida fyk når ein har mykje å gjere.

Elles har det vore snø i lufta.  Kanskje det held heilt til den 17.?

P.S.
Orkidéen fekk vere illustrasjonsfoto sidan eg fekk den av tanta mi til konfirmasjonen i fjor.

8 kommentarer:

Alt godt sa...

Eg har også vore i konfirmasjon i dag, som gjest. Mitt bidrag var at eg hadde lagd desserten, sjokolademousse og appelsinsjokolademousse, slik eg lagde i vår konfirmasjon for ti veker sidan.

solveig sa...

Godt å ha gode vener! Likte godt den ideen med desset i glas. Vi brukar det på skulekjøkenet med sjokolademousse. mange synest det ser lite ut - før dei et.

Besta sa...

Dei er no heldige dei som får så kapabel kjøkkenhjelp.
Er det koldtbord i alle konfirmasjonar no for tida? Ingen som har gammaldags middag med suppe som forrett?

solveig sa...

Der var nærare 50 gjester! Skal ein ha middag til så mange, må ein nok ha eit institusjonskjøken.

Besta sa...

Det med konfirmasjonar har utarta veldig sidan eg var konfirmant i 1954. Då var det foreldre, besteforeldre og fadrar stor sett. Folk hadde ikkje verken så god plass eller så god råd som no.Og vår familie var veldig liten - den gongen.Alle hadde selskapet heime hos seg sjølve.

Alt godt sa...

Det er vel ein underdrivelse å kalle det eit koldtbord, det er ofte varme rettar og på ein slik buffet, slik at alle skal finne noko dei likar. Det er vel slik overfloda kjem til uttrykk, at ein kan forsyne seg med mange ting.

Eg lagde ein konfirmasjonsmiddag i fjor til ei venninne, då gjorde vi det på gamlemåten. Det var på hausten, og vi hadde soppsuppe (mørk kraft av blanda skogsopp) til forrett, heilsteikt entrecote til hovudrett og pannacotta til dessert. Til slutt var det kakebord. Datra mi var i ein annan konfirmasjon i går, der fekk dei noko med laks først, så biff stroganoff og noko med sjokolade til dessert. Så trerettaren er vel ikkje heilt borte.

solveig sa...

Eg er som kjendt altetande, men ... I mamma sin 70-årsdag var det flott buffe med fleire varme rettar som var nye for meg.
Har sansen for suppe som forrett.
I familien som eg hjelpte til hos i går, er ungane galne etter kylling. Her i huset sende eg kyllingen med heim til ho som hjelpte meg, slik at ho sparte seg middagslaging.
Eg tenkte eg skulle spørre Gunda kor mange ho kokte til?
Her har ein kanskje noko å strekkje seg etter?

Alt godt sa...

Den konfirmasjonen i fjor var 25 gjestar, så det var overkomeleg. Dei hadde heldigvis to steikeomnar, elles hadde det ikkje gått med både heilsteikt entrecote, bakte grønsaker og båtpoteter.