måndag 24. mai 2010

Dagens focaccia

Utgangspunktet for dagens focaccia var eit fetaostglas tomt for fetaost, men med ein del olje att.  Oljen gjekk i brødet.  I staden for å spreie olivenane utover brødet, fann eg ut at eg kunne lage eit brød med halvparten oliven, rosmarin og salt og halvparten berre rosmarin og salt.  Så kan folk ete frå den enden dei vil!

Rosmarinen smakar kjempegodt når han får tørke oppå brødet.  I dag serverte vi ost attåt til kveldsmat.  Elles er dette godt suppebrød.  Oppskrift finn du her.


8 kommentarer:

Tove sin strikkeside sa...

Jeg har et dumt spørsmål: hvordan spiser man dette brødet? Skjærer i skiver? bryter? Jeg har aldri laget det før, men vil prøve snart

solveig sa...

Ein skjer det vel helst i firkantar. Her skjer dei breie strimlar ... I konfirmasjonen eg var, delte eg det i relativt små firkantar, slik ar det konkurrerer med pariserloffen. Folk har då lyst til å smake ulike brød.
Men til suppe kan ein ha litt større bitar.
Her må gjerne andre uttale seg!

Alt godt sa...

Einig med deg, Solveig om oppskjeringa. Dette er jo blant det ein kallar "metningsgarnityr", og det gjeld å tilpasse porsjonane til det ein skal ha rundt. Men vart det litt lite steikt? Mitt er nok noko brunare.

solveig sa...

Eg er fæl å steike brød og kaker litt rikeleg, men ikkje i dag ...

Besta sa...

Etter mi meining skal gjærbakst vere GODT steikt.Men eg merka at den eine gongen eg laga Focacciabrød gikk det treigt å få farge på det. Er det på grunn av oljen, kanskje.

Alt godt sa...

Det kan hende. Kjøt og fisk steikt i olje får ikkje så fin skorpe som når det er smør eller margarin inne i bildet. men ei blanding går fint.

solveig sa...

Eg steiker kjøt og fisk i smør/margarin. Flytande typar er reinsleg og enkelt å bruke. Kjørdeig synest eg er greit å steike i olje. Då krydrar ein så godt at smørsmaken har mindre å seie. Ein vil heller ikkje bli for feit kring hjarterøtene ...

Besta sa...

Eg steiker fisk/fiskekaker i ei blanding av margarin og olje, så slepp eg at feittet blir for brunt.Fisk blir absolutt best på smak når ein steiker i margarin!Smør brukar eg aldri til steiking, berre til flatbrød+kokt fisk. Kvitseidsmør er den største utskeiinga vi har i matvegen. Det er godt!!!!!