søndag 16. mai 2010

Melde for upassande innhald

Dei som er vener med meg på facebook, er kanskje skuffa over at eg ikkje svarer på alle "førespurnader" og melder meg inn i ulike grupper.  Politiske meiningar held eg stort sett utanfor facebook og blogg.  Såkalla støttegrupper for ulike saker er eg forsiktig med å "vere med".  Men no har eg støtta Støttegruppen for Ole Kristian Navrud og familien.  Viss saka er slik som den vert framstilt påTV2, så meiner er dette er for strengt. Feilen vart eventuelt gjort då dei fekk lov til å gifte seg i 2008.

Ei anna gruppe har eg meldt for upassande innhald. Det er såkalla lik dette.  why test on animals when we have pedofiles in prison. Som grunngjeving oppga eg rasistisk og krenkande innhald.  Ingenting har skjedd, for dette er kanskje greitt i USA?

Ein gong eg sat her og las ein kommentar i Vikebladet, tilkalte eg journalisten i familien.  Sjå her, sa eg.  Du må trykke på upassande innhald, svarar han, så plingar det i redaksjonen.

No håper eg at fleire enn meg reagerer og let det plinge i facebookredaksjonen - og kanskje i hovudet på nokre av dei som har trykt på lik dette.

2 kommentarer:

Anlen sa...

Du har heilt rett! Kanskje eg skal trykke litt, av og til:)

solveig sa...

Det er mykje rart på slike diskusjonsforum. I vikebladet stengjer dei i sekstida, trur eg.