torsdag 20. mai 2010

Torsdagstur

I dag sette resten av gjengen i gang med husarbeid og hagearbeid medan eg tok meg ein bytur. 
Ærendet var, ikkje overraskande, ein tur på biblioteket.  Blogglesarane ser vel kva bok eg skal lese først av desse?
I staden for å vente til neste år, kjøpte eg meg eit par bunadsøyredobbar som eg kan pakke vekk saman med resten av sølvet.  Eg kunne hatt både raude og grøne steinar i om eg ville.  Tredje alternativet var nokre litt mindre enn dei eg enda opp med.  Ein må no få velje litt sjølv!  Eg meiner at eigentleg kan ein ha det sølv ein vil.  Dei som har arva søljer, må sjølvsagt få bruke det sjølv om det ikkje står i boka til den bunaden ein har.  Viss ein skal ta utgangspunkt i tradisjonar, er no vel arv den eldste?

Amfi har fått blomsterbutikk.  Denne spanske margeritten måtte eg berre ha med heim!  Eg reknar med at blogglesarane ser for seg denne saman med appelsintreet og daturaen!

6 kommentarer:

Besta sa...

Blomstrane var fine. Øyredobbar til bunad har eg lite peiling på. Den øvste boka ser eg ikkje tittelen på, men mannen på bildet kjenner eg. Den boka eg ville valt å lese er Jan Mehlum si, for den er god. Eg har lese både den og Skumringstimen(?)

Besta sa...

PS: Du kan helse Milena og fortelje at rosetreet eg fekk med henne lever! Det er håplaust å få rydda i bedda sidan løkblomstrane er så seine i år.

solveig sa...

Jan Mehlum vert truleg nr to, viss eg klarer å halde meg, men kanskje den øvste først for å lese noko anna enn krim. Eg såg eit intervju med MN.

ariel sa...

Nydelege margerittar!

solveig sa...

Fargen var ny for meg!

Wenche sa...

Sånne øredobber har jeg også.