laurdag 15. mai 2010

17.mai-stemning på Hareid den 15.

I dag hadde handelsstanden fått samla alle korpsa i kommunen til eit felles tog.  Flott ver bidrog til reine 17-mai-steminga.  Så mange korps får vi ikkje høyre då.

I Ørsta var eg van med at alle krinsane kom til sentrum til felles tog. Vi gjekk i tog ut ungdomsskulen.  Der var mange som ikkje gjekk i korps eller speidar, så dei gjekk saman med klassa si.  Alle klassene hadde faner.  Her feirar kvar krins for seg.  Det gjer at toga vert noko korte.

Men i dag var altså toga samla til felles jegermarsj.

Resten av ettermiddagen har gått med til grilling på altanen og hagearbeid.  Vi har testa ut Coop-kjeden sine 3 for 69-pølser.  Dei argentinske fall i smak her.

2 kommentarer:

Besta sa...

Trur det er slutt på at ALLE krinsane feirar i sentrum, det vart berre for stort. Har ikkje vore å sett på barnetoget etter at eg slutta å gå i det, så det begynner å bli nokre år. Brukar å sjå tog på TV og så ev. fare ned og sjå på folketoget. Tog er til å GÅ i ikkje til å SJÅ på. Men hadde eg hatt barnebarn i bygda, hadde eg nok stilt opp.Men det er alt for tidlig på morgonen!!!!!!!

solveig sa...

Her går ikkje toget før etter kyrkjetid, og det er berre eitt tog.