måndag 31. august 2009

Turen nordover

Ein kollega undra seg over at ho hadde fått melding frå Sognefjorden. Hadde ikkje vi vore i Oslo? Jau, men vi overnatta i Kongsberg! Ein kollega med GPS forstod det fullt ut. Ho hadde reist til Austlandet over Strynefjellet, og først etter Stryn ville GPS-en over fjellet. Så vi har valt den kortaste råsa.
Vi har brukt å reise ein annan veg heim att for variasjonen sin del, men i går reiste vi attende same vegen. Det er ein mindre anstrengande tur for sjåføren. Han får strekke på beina på ferjene.

Dessverre var veret minst like elendig som på turen sørover gjennom Sogn. Men de kan skimte den flotte naturen. Her er det høge fjell og brear.
Eg treng vel ikkje å fortelje at bilda er tekne gjennom bilvindauget?





I Oslo II

Ikkje langt frå der studenten bur, fann vi ein invandrarbutikk med masse frukt og grønsaker. I tillegg til kjende sortar plukka vi med oss eit par vi ikkje hadde smakt før. Den store over, som eg ikkje hugsar namnet på, viste seg å vere ein grapefrukt. Under er også ein pakistansk mango. Akkurat då vi stod utanfor butikken, kom det ei skikkeleg regnbyge, så det vart ikkje til at eg fotograferte butikken.


I Oslo

Første punkt på programmet var sjølvsagt å få på plass TV-en og kassene med utstyr til studenten. Øystein har ein intelligens som eg manglar, nemleg retningssans. Han fann fram utan GPS. Rett nok har han budd i Oslo eit år i sin ungdom. Men uansett greier han å imponere meg.
"Hvor er Øystein?". Eg har sett på Frukost-TV at politikarane har standar på Karl Johan. Eg fekk ein idé om å bli fotografert saman med ein kjendis. Tenk å fått ei rose av Jens? Det hadde vore noko å hatt bilde av på mobilen! Dette bildet var det nærmaste vi kom ein kjendis. Dei kjende politikarane gjer vel berre små stunt, tenkjer eg.

Studenten utanfor universitetet.






Vi hadde oss ei butikkrunde også. Skøyteledningar er det stort behov for på hybelen.
Eg fekk meg ei rask runde på Christiania Glassmagasin. Der var det halv pris på alt! Køane var deretter. Eg la merke til store mengder Finn Schøll-servise. I følgje glasmagasina her som ikkje fører Porsgrunn, vert desse servisa produserte billeg i utlandet.
Det einaste eg hadde tenkt å kjøpe, var eit dørslag til studenten. Med ein fullpris på 1069 kr, slo eg det frå meg. Det finst rimelegare sjapper.
Tida gjekk svært fort i hovudstaden. Eg liker godt å nyte byliv. Det vart berre kortvarianten i år. Om ikkje før, reknar eg med å reise nedover til Norway Cup neste år.



søndag 30. august 2009

Turen sørover

Vi tok laus frå Hareid kvart på tre fredag ettermiddag i fint ver. Men i Våtedalen vart det vått!
Dei som ikkje har køyrt gjennom Sogn til Austlandet, har noko å sjå fram til! Her er utruleg flott natur. Med farsslekt frå Sogn og morsslek frå Nordfjord, køyrde eg mykje rundt i Sogn og Fjordane i min barndom. No er vegstandaren ein heilt annan! Vegane er oppgraderte og her er tunnelar som gjer reisa kort. Når du reiser etter jobb, er det fint å kunne strekke på beina på ferjene.

Vidare gjekk turen over Hemsedal. Hyttene her er mørkebrune.


Bilde til bloggen! Desse er tekne i åttetida om kvelden.

Dette vert alt for i dag. Eg skal kome sterkare attende med fleire bilde og tankar seinare.




torsdag 27. august 2009

Pakka og klart?

Mykje minner om Røvarhuset her, ingen vil rydde og ingen gjer det. Øystein har vore i Brattvåg med guttelaget medan eg har pakka og styrt på. Det er synd at skritteljaren slutta å telje tidlegare i veka. Elles kunne eg fått utteljing og dokumentasjonfor alle gongane eg har vore opp og ned trappa.

No trur eg at eg kan seie meg ferdig for i dag. Det siste eg har gjort, er å lage ein pastasalat til niste i morgon. Første gongen eg laga pastasalat, hadde eg egg i. Det har eg halde fram med. Det er mettande og godt. Den tida eg jobba med utlendingar, lærte eg at det var ein ting alle åt, nemleg hardkokte egg.

Medan ein pakkar flyttelass til ein som skal studere i fem år, gjer ein seg opp nokre tankar, til dømes om den dagen ein skal hente flyttelasset. Kvar vegen går då, vil tida vise.

I morgon satsar vi på å ta ferje over Sognefjorden i. Det er kortaste vegen, og så får ein pausar der ein får strekke på beina.

Då står det berre att å ønskje blogglesarane ei riktig god helg!

onsdag 26. august 2009

Hybelutstyr

Eg har drive og sagt at eg gler meg til ungane blir fattige, slik at eg kan få kvitte meg med ein del ting. Eldstemann reiste til Bodø med koffert for tre år sidan. Vi sende nokre ting etter han i Norgespakkar. Men stort sett har der vore utstyr der han har kome.

Jusstudenten har omtrent ingenting. Han reiste på fly med ein koffert. No driv eg og samlar saman ting og tang som vi skal ta med til helga. Det han saknar mest, er sjølvsagt TV-en. No har vi bestemt at han kan få vår gamle, som kun har bruksverdi, så kan vi endeleg kjøpe oss flatskjerm med godt samvit. (Men har El-kjøp dei flatskjermane som dei reklamerer for i ørten flygeblad? Det får bli eit anna innlegg.)TV-en hans kan stå att her til bruk i feriar.

No har eg leita fram panner, glasbollar og kjøkenklutar. Tekstilane og krusa er nye. Eg har kjøpt dei på ulike kupp. Krusa kjøpte eg for -70% av 99,-men minkar det her heime då? Det kan no vere kjekt å ha fine krus om ein får gjester!

Det er ikkje lurt å kjøpe ihop for mykje i tilfelle det vert flytting på han. Elles er det greit at tinga ikkje er verd så mykje. Sennepsglas og asjettar der koppane som høyrer til er knuste, kjem ingen til å sakne.

Det skal bli kjekt å sjå korleis han bur. Ting ein får kjøpt i Oslo, er det ikkje vits å kjøpe her. Elles blir det kjekt å treffe slekt i Kongsberg.

p.s
Middags- og suppetallerkane har eg arva av Besta. Dei er lysebrune med ekkel lyd.

tysdag 25. august 2009

Bok 53: Krim frå Svalbard


Eg visste ikkje at denne dama skreiv krim. I utgangspunktet er eg litt skeptisk når kjendisar vert forfattarar. Vert det stilt same kvalitetskrav til dei, eller skal namnet selje?
MK skriv her frå eit miljø ho kjenner, nemleg Svalbard. Det er alltid interessant å lese bøker frå nye miljø. Det gjeld også denne romanen. Sjølve krimhistoria er grei. Dette er lettlesen og god underhaldning. Slutten er litt sær.

No er det ikkje berre i Ørsta...

.... at det finst uvettig bilbruk. Rånarar høyrest litt tøft ut. Då har eg meir sansen for uttrykket vandalar. Medan mange bruker hundrevis av timar til dugnadsarbeid, greier andre å øydelegge på nokre få minutt.

måndag 24. august 2009

Må eg følgje oppskrifta?

Dette spørsmålet får eg ofte på skulekjøkenet. Og kva svarer eg? Følg oppskrifta første gongen, og så kan du begynne å eksperimentere.

Første gongen eg kokte plommesylte følgde eg oppskrifta. Ein skulle blande bær og sukker og så koke opp sylta. Dette synest eg er tungvint med plommer. Så i går sette eg plommene på plata på 1 og let dei safte seg og koke møre før eg hadde i syltesukker. Medan sylta kokte opp, tok eg ut steinane. Dette gjekk heilt fint. Sylta vart like stiv som med den første framgangsmåten.

søndag 23. august 2009

Bok 52: Med åtvaring


Det burde stått en advarsel på bøkene til Mo Hayder. «Kuren», hennes tredje roman på norsk, er definitivt ikke noe for lesere med dårlige nerver.


For meg er dette reine reklamen. Dette bør vere krim på høgt nivå?


Eg har Besta sin omtale i bakhovudet når eg begynner å lytte til denne lydboka. Og akkurat som henne slit eg med namna. Her er mange parallellhandlingar og mange namn. Boka er spennande, men det spørs om den er best som papirbok. Det hadde sikkert vore ein fordel å ha lese dei to første bøkene. Då hadde i alle fall politifolka/detektivane sine namn vore kjende i utgangspunktet.
Dette er ei bok for oss som "liker" seriemord.

laurdag 22. august 2009

Grøne stikkelsbær............

...trudde eg skulle gje lys, omtrent fargelaus saft. Det meiner eg å ha drukke i Innvik i min barndom. Men desse barndomsminna stemmer ikkje alltid. I dag plukka og safta vi resten av dei grøne stikkelsbæra. Fargen vart nydeleg oransje. Desse flaskene skal frysast til seinare bruk. Resten skal i kjøleskåpet. Safta smakar godt av stikkelsbær.

I går sylta eg 3 kg plommer. No skal eg til å røre inn sukker i 8 kg til, fordelt på to panner.

Shop og drop

Laurdagane er ein fin dag å nå bibliotek og apotek. Sidan vi var i nærleiken, droppa vi innom skobutikken. Der fall eg for dette paret som hadde kome inn for to dagar sidan.
På Nille fann vi desse tinga, alt til 14,90 pr stk. De er vel ikkje i tvil om min favoritt?

p.s.
For dei som vil følgje jusstudenten si fotballkarriere, har eg lagt til ein link til høgre.

Seinsommarstaudar


fredag 21. august 2009

30% på hele butikken

Eit par av butikkane på Amfi lokka med 30 % på alle varer. Då vert eg freista til å kjøpe det eg treng/har lyst på. Kle held eg utanfor bloggen, men kjøkenreiskapa eg kjøpte skal de få sjå! Begge var nye for meg. Eg undrar meg over fargevalet på vispen. Den er mjuk. Skeia/sleiva tenkte eg til å til dømes ta ris med. Eg kjem til å gje vekk "gammalt" utsyr til dei som flyttar heimanfrå.

Elles var der omtrent ikkje verande på Amfi i går. No driv dei og riv Meny og heilrenoverer for å starte Kiwi. Det går visst ikkje an å drive gjenbruk av hyller og frysediskar!

torsdag 20. august 2009

Fotball og fønvind




I dag spelte dei to yngste kamp samtidig. Jentekampen var ein treningskamp, så det vart til at eg såg gutekampen der Hareid vann 3-1.
Her har det vore varmt ver med fønvind.

Bare barnemat?

Då ungane var mindre, laga eg ofte barnevennleg middag til heile familien. Fekk dei mat dei likte, slapp ein å mate på dei. Ein av dei populære rettane var pølsegryte. Den vil dei framleis ha. Ideen fekk eg ein gong eg såg naboen kjøpe pulverpølsegryte.

Gryta er svært enkel. Eg lagar tomatsaus ved at eg først brunar smør og mjøl litt og så tilset eg tomatpuré, vatn, buljongpulver, salt og pepar og etter kvart grønsakkraft. Oppi pølsegryta har eg gulrøter som eg først kokar i mikroen, og pølser i ringar. Gryta serverer eg med rikeleg poteter. I dag hadde eg kokt blomkål og brokkoli til.

onsdag 19. august 2009

Mat og helse

-Fe oss lage nåke også?

I dag starta eg med alle fag. Etter matfriminuttet stod det tre timar Mat og Helse på timeplanen. Dette visste sjølvsagt ikkje elevane som fekk kaste seg rett ut i faget første skuledag, då dei pakka sekken. Derfor vart det ekstra kjekt å få lage seg mat.

Vi starta med å bake ut grovbasktrundstykke og lage pastasalat. Tidlegare år har elevane fått velje mellom fin og grov pasta. I år tenkte eg at tida er moden for å kutte ut den fine. Ingen mukka. Då dei åt, spurde eg om dei brukar grov pasta heime. "For å vere ærleg", var det ei som sa, "så merka eg ikkje så stor forskjell."

Generelt sett er elevane meir opptekne av å ete sunn mat enn dei var for 20 år sidan. Som eg har sagt før, er elevane også mykje mindre heimealne. Dei reiser meir utanlands, og dei et i fleire heimar. Dette gjer at dei fleste er meir villege til å smake på nye ting.

måndag 17. august 2009

Lære for livet - eller næringslivet

I dag har vi hatt ein innhaldsrik dag. Vi starta med planlegging på eigen skule.

Klokka to var alle lærarane i kommunen samla til fellesmøte på Hareid skule. Der var det innlegg frå mellom anna musikkskulen, den nye områdeleiaren, ordføraren og kommunelegen.

Orføraren la fram tema vi kunne reflektere over, mellom anna det som står i overskrifta. Sjølv har eg alltid hatt som utgangspunkt at elevane skal lære for livet. På 70-talet sat vi nemleg med store auge og såg på ein svensk TV-serie med same namn. Der hadde dei OBS-klasse. Elles hugsar eg ikkje så mange detaljar anna enn at der var mykje slags åtferd vi ikkje hadde sett før.

I dagens skule er det mykje fokus på ulike karleggingsprøver. Sjølv er eg ikkje i mot desse, men meiner dei har lite i avisa å gjere, spesielt på skular der forholda er små. Dei som har vore lærar nokre år, veit at variasjonane mellom kulla kan vere store. Dessutan har det vist seg at enkelte skular "juksar" med å halde elevar som vil drage ned snittet utanfor.

Eg trur det er viktig med mange aktivitetar i skulen, slik at vi får fram mange talent.

Elles forstår eg det slik at rundt om i Norge skal alle lære å vaske hender og nyse i innsida av albogen. Etter helsepersonell og kronisk sjuke kjem turen til lærarar og førskulelærarar når det gjeld vaksinering. Eg nektar!

Bok 51: Monologantologi

Denne boka må eg berre bryte saman og tilstå at eg lånte på grunn av tittelen. Det er ei bok som har vorte til etter ei konkurranse.

No har eg ingen planar om å møte opp på nokon audition. Eg har lese tekstane for det dei er. Når det er så mange ulike tekstar og forfattarar, så vil ein naturleg nok like nokre betre enn andre. Enkelte ser du for deg typen!

Dette er ei artig og tankevekkande bok. Den er lettlesen, men ein bør sette av litt tid til ettertanke.

søndag 16. august 2009

Eg begynte å blogge på grunn av slekta - og no er eg hekta?

Ein liten statusrapport:

I morgon begynner eg i full jobb for første gong i mitt liv. No er ikkje 80% jobb og fire born noko latmannsliv heller. Men etter kvart som borna vert eldre og flyttar ut, synest eg det er greit å trappe opp lønnsarbeidet.

Om det vert mindre til til blogging, får vise seg etter kvart. Eg synest det er ein fin måte å kommunisere med slekt og vener på. På besøkstala ser eg at eg har fleire lesarar, og det er berre koseleg. Legg gjerne att kommentarar!

Bloggen har vorte til etter kvart som eg har skrive. Romanane/bøkene har det vorte ein del innlegg om. Eg liker å høyre lydbøker. I sommar har eg hatt tid til å lese fleire papirbøker. Då har eg prioritert nynorske bøker.


Bokmeldingane får de ta for det dei er, nemleg mi meining om bøkene. Grunnen til at eg ikkje skriv titlar på bøkene, er at eg ikkje vil legge ut linkar til dei.

I det siste har eg skrive om film. Det er også som amatør.

Eg er glad i blomster, plantar og hagestell. Denne rosa Ynda fekk eg i sommar.


Desse rosene fekk eg av dei som besøkte oss før helga.








Arbeiderpartirose! Politikk kjem eg til å halde utanfor bloggen. Men for å seie det slik; når naboar ringer på døra og gjev vekk roser, tek eg imot. Det vert vel inga bombe om eg skulle skulle seie at eg er uroa over den store framgangen til FRP på meiningsmålingane.




Jobb
Det hender eg kjem over artige dikt eller gode idear og oppskrifter på jobb. Desse kan kome på bloggen.







Familieliv
Då eg starta bloggen, meinte eg å skrive mest om familien og dokumentere alle aktivitetar. Noko vert det, men ikkje alle vil vere med på bloggen. Dei kan de lese om på Hareid IL si fotballside.

Eg har ikkje vore så redd for å legge ut bilde av oss sjølve. Avisene viser oftast meir.




Middagstips og baking
I kvardagen vert det ofte ekel matlaging. Sjølv kan eg bli inspirert av andre bloggar både når det gjeld oppskrifter og tips.

I går dreiv eg privatundervisning i dajmiskake. Eg var ned til den tamilske nabodama og rettleia henne medan ho baka. Kanskje det ikkje er så dumt med slike biletseriar der ein går i detaljar?


Kvardagsliv
Av og til gjer ein seg tankar i kvardagen som det vert blogginnlegg av. Eg liker å sjå kva andre kjøper, så noko av det eg kjøper, kanskje spesielt til kjøkenet, vert til blogginnlegg. I går var her tomt for pizzakrydder, og det er langt til butikk med cemokrydder. Då kjøpte eg eit glas og helte over. Legg merke til kor mykje meir plass runde ting tek! Eg har brukt tome cemoboksar til krydder som ikkje finst på slike boksar. Det synest eg gjer det mykje enklare å halde orden.

Ha eit fint skuleår!

laurdag 15. august 2009

Bok 50

Eg ser at andre får meir ut av denne boka enn det eg gjer. For å vere heilt ærleg er eg redd eg hadde lagt den frå meg hadde det ikkje vore for at opplesaren, Terje Strømdahl, gjer ein glimrande jobb. Han har hatt ei utfordring, for boka foregår på fleire plan. Eg vil ikkje seie at boka er kjedeleg heller. Ideen er god, men eg synest forfattaren kunne gjort meir ut av notida. Les gjerne meir her.

fredag 14. august 2009

Er Fibra bra?

I dag har eg drive seriøs forsking, i alle fall så godt det let seg gjere på eit vanleg kjøken. Eg har nemleg reklamert mykje for Fibramjølet som eg bruker ganske mykje av. Så kjem det påstandar om at det berre er sammalen kveite i dyrare innpakning. Eg går i gang og veg opp 500g vatn, frå same litermål slik at temperaturen skal vere lik, 500g 4kornbrødblanding og 300 g Fibra/sammalen kveite fin. Eg bruker ein heil pakke tørrgjær pr brød, vel vitande om at dette er vel mykje. Men her skal det forskast, så eg vil ha det heilt nøyaktig.
Deigane hevar heilt likt. Eg bruker like mykje utbakingsmjøl på begge brøda. Einaste skilnaden på dei er at brøddeigen med sammalen kvite er meir klissete. Fibramjølet har vel tatt til seg meir væske. Eg merkar Fibrabrødet med 3 parallelle snitt og det med sammalen kveite får 3 snitt som ein S. Brøda hevar på benken og vert steikte saman. Dei oppfører seg heilt likt.

Konklusjon: Fibra er bra, men ikkje betre enn sammalen kveite, fin. Når Fibramjølet kostar 1/2 gong meir enn vanleg sammale kveitemjøl som er finmale, er det ingen grunn til å bruke det!


Siste feriedag

Vi startar skuleåret på måndag med to studiedagar. Onsdag er det skulestart for elevane og dermed dobbel flaggdag. No har eg vore bortom skulen og skulekjølkenet. Der må alt ryddast vekk til vask og dermed takast fram att før skulestart.

Gruppene på kjøkenet har ulike fargar.
Ned i kvar skuffe legg eg eit bilde av det som skal vere der. Det gjer det lett for alle å halde orden. Her har vi skjerefjøler i ulike fargar. Eg reknar med det vert mykje fokus på hygiene til hausten.

Grøn gruppe har grøn deigskrape.


Raud gruppe er tilpassa rullestol. Steikeomnen er sidehengsla. Dei som leverte kjøkenet kalla denne steikeomnen ein Merzedes og dei andre Volvoar. Steikeomnen er i alle fall svært god, og eg reknar med den kosta ekstra.
Skåpa til venstre kan ein trykke på ein brytar så kjem dei ned.


Detaljar frå gul gruppe.