søndag 24. januar 2010

- Vert du til middag?

- Viss den er verdt å vente på!

Det var den visst!  I dag hadde vi ferskt oksekjøt og suppe.  Eg laga saus av noko av krafta og grønsaksuppe av resten.  Skikkeleg norsk tradisjonsmat som fell i smak her.

Medan kjøtet kokte, fekk ein focacciadeig heve.  Deigen flyt i olivenolje slik at det er berre å helle den over på plata og trykke den forsiktig utover.  Eg hadde oljen frå eit fetaostglas og nokre grøne oliven (to tome glas jfr ryddeaksjonen) ned i deigen.  Eg hadde litt ekstra olivenolje oppå i tillegg til tørka rosmarin.

Og det beste av alt? Eg har laga så mykje mat at vi har nok til middag i morgon.

8 kommentarer:

Besta sa...

Dette er ein herlig rett som blir laga altfor sjeldan her i huset.Det var yndlingsretten til far min, men vi brukte sur-søt løksaus til.Trur retten er vanlegare på Austlandet enn her.
Focacciabrød fanst ikkje i Norge på den tida.

ariel sa...

Genialt å lage rikeleg av noko så godt - tenk å kome heim til nesten ferdig søndagsmiddag på måndag!

Anlen sa...

Middagen mandag er gjerne nesten betre enn søndag;) Det er godt med godt kjøt, og nysteikt foccaciabrød er fantastisk! Kanskje eg må lage det ein dag, ja...

STRIKKEMOR(O) sa...

Dette såg riktig godt ut!
Har du tips om samiske rettar? Tenkte vi skulle prøve oss på ein rett den veka Samanane har nasjonaldag... På skulekjøkkenet altså. Einaste eg kjem på er Finnbiff...

STRIKKEMOR(O) sa...

Samane...

solveig sa...

Finnbiff er mykje meir populært enn bidos(s. 61 i den blå frå bollar til burritos), men litt vansklegare i og med at det skal steikast. Vi bruker potetmos til på skulekjøkenet. Samane skal ha sitt eige brød og, meiner eg.
Gje meg eit vink om du vil ha vår oppskrift på Finnbiff.

STRIKKEMOR(O) sa...

Vil gjerne ha oppskrifta di på Finnbiff!

solveig sa...

Eg har den visst på jobb. Kryssar fingrane for at eg skal hugse den i morgon. Får skrive det ein lur stad!