fredag 8. januar 2010

Steikte eple

Inspirert av "Ingrids matminner" s. 151 laga eg denne desserten medan fiskeforma mi stod i omnen. Kanskje det ikkje er berre eg som har nokre eple att frå jul? Til denne retten fekk eg brukt litt juleneter, og ikkje minst fekk eg avsetnad på den siste fløytepakken etter nyttårshelga.

Eigentleg treng ein ikkje oppskrift.  Men det kan no vere greit å ha eit utgangspunkt:
8 eple
3 ms smør
4 ms rosiner
3 ms hakka neter
1 ms sukker

Bland saman alt og stikk det ned i epla som du har tatt ut kjernehusa av.
Steik ved 175 grader i 15-20 minutt.  (Mine fekk stå 10 minutt ekstra.)

Epla vart nydelege servert med mjukpiska krem med litt ekte vaniljesukker i.

Viss eg skal lage retten ein gong til, kjem eg til å dele epla i to.  Då ville eg lagt rosinene i botnen.  Dessutan ville eg brukt mindre smør og meir hakka neter!

4 kommentarer:

Besta sa...

Dette er ein dessert som mamma laga i min barndom,men den gongen var det berre sukker og kanel i holet. Seinare har eg laga det av og til-det går fint med små porsjonar i mikrobølgeomn.Ein av favorittdessertane mine.

ariel sa...

Dette er ein dessert som mamma laga i min barndom :)

solveig sa...

Kommentaren her var: Det var som å få berre epla i eplekake! Og det var positivt meint....

Besta sa...

Eg hugsar ein gong då vi var små. Då laga mamma denne desserten til fødselsdagen til bror min.Naboguten gret fordi vi ikkje fekk gelé.( Han kunne vel vere ca 5 år.)