tysdag 19. januar 2010

Tørketrøbbel


Etter å ha vore utan tørketrommel i snart seks veker, fekk vi i dag endeleg reparert den!  Eg har venninner som ikkje forstår problemet.  Men har du eit lite, kaldt vaskerom og seks personar i hus, og halvparten av dei trenar kvar dag, då har du eit problem.  Løysinga har vore å sette ei tørkesnor framfor vedomnen.  Det er ikkje akkurat dekorativt, for å seie det sånn.  Hygienisk er det heller ikkje med alt støvet det fører med seg.

Så no gler vi oss ekstra over lettvint klesvask.

1 kommentar:

ariel sa...

Det skal ikkje mykje fantasi til for å sjå føre seg gleda over eit meir lettvint og ryddig kvardagsliv!