måndag 28. januar 2008

Sitronfromasj 2

I dag leita eg fram fromasjoppskriftene eg har brukt før. Vi plussa på ei ms sukker. Eg demonstrerte sitronfromasjen og sa at dei måtte ete opp sine eigne før dei fekk smake på min, elles gjekk min på lærarrommet. Deira to fromasjar vart fort oppetne, og også min gjekk med på høgkant. No står det att å sjå om fromasjen er like populær resten av veka.

søndag 27. januar 2008

Gunda (eller Wisp)

I Sunnmørsposten i går skreiv Gunda. "I løpet av eit år er det utruleg kva ein frys ned, men å få ete det, ja det er ei anna historie....." Andre enn eg som kjenner seg att?

To skritt fram og eitt tilbake.
Eg har tatt opp
- kotelettar (det har eg eit prinsipp på at eg aldri skal fryse, men fall for freistinga til 34,90 på Prix.
- fisk (trudde der var tomt, men fann nydeleg lyr son vi steikte)
- to posar lapskausblanding (vart til pølsegryte ein dag eg kom seint heim)
- pinnekjøt og mor
- ei flaske saft
- 2 boksar is til Klassefesten (laurdagsgodt)
Eg har frose ned
- brasiliansk fruktkake (paranøtter til halv pris, og den frå jul er oppeten)
- 5 brød(?) (men dei er vekke til torsdag)
No gjeld det berre å halde fram. Spesielt viktig er det å få opp all middagsmat. Målet er å greie seg med ein frysar.
p.s
Hugsar de den tida kakene skulle vere opp-ned? Eg har ei slik form. Denne oppskrifta fekk eg lyst til å prøve.

Sitronfromasj

Eg lever av å lære andre å lage mat. Av og til må eg øve heime. Det vert t.d. ofte til at eg lagar ein fromasj i året. I fjor laga eg appelsinfromasj av blodappelsinar. Fargen vart ikkje så fin som eg hadde tenkt.
I den nye kokeboka er der berre ein fromasj, sitronfromasj. I dag laga eg ei stor skål av ein kartong fløyte. Eg laga den i Kenwoodmaskina, så det vart ein meir enn luftig nok fromasj. Dessutan synest eg den vart noko smaklaus utan sitronskal. I morgon får eg sjekke den gamle oppskrifta. Eg har ei kjensle av at vi brukte 2 ms sukker. Signe og eg var samde om at det er liten vits i å lage fromasjane så sure at ingen et dei. Ei anna forklaring kan vere at sitronsafta ikkje var så sur. Er den på flaske surare? Ikkje veit eg. Eg veit berre at slike flasker vert fort tome på skulekjøkenet viss rette karane er der. Så eg har kjøpt inn sitronar!

Sidan eg hadde skitna til to bollar, laga eg brøddeig i begge. I dei store formene laga eg halve brød. Når ein frys brød, er det greitt å av og til ta opp berre eit halvt. Eg trur tipset kjem frå Eidabesta.

P.s.
Eg serverte ein boks fruktcoctail til sitronfromasjen.

Fotball

Øystein har hatt eit stramt program denne veka. No har Håkon og han nettopp kome heim frå Sunnmørshallen etter å ha slått MS IL 4-2. I går skulle han køyre på Hødd Junior, men der dukka det opp spelarar med bil, så han vart ikkje med. Elles har Øystein trena guttelaget 2 dagar og vore på 2 møte. Ein fotballfri dag altså. Både Hareid og Hødd junior vann sine kvalifiseringskampar i går.

fredag 25. januar 2008

MGP


Vår favoritt i dag.

Biff Stroganoff

Var det ikkje Anne-Cath H som laga rettar frå ei kokebok og samanlikna med det ho sjølv laga? Mi gryte til høgre om nokon skulle vere i tvil.

torsdag 24. januar 2008

Sosakjøt

Denne veka har vi laga sosakjøt eller "Kjøt i mørke" av flatbiff på skulekjøkenet. Alle elevane smakte på denne retten. Ein som stort sett er skeptisk, proklamerte at dette var det beste han hadde fått her. Første dagen laga eg ertestuing. Vi varma opp litt kvar dag. Nokre er tydelegvis vane med det, men det går lite av det. Likevel har eg ikkje lyst til å kutte heilt ut ertestuingen. Noko stor utgift er det no ikkje.

Neste veke står "oksekjøtval" på menyen. Då bestemmer gruppene kvar sin gryterett frå bøker, Matprat og brosjyrar. Rettane set dei på ein buffé slik at alle får smake.

Til dessert hadde vi fruktsalat med yoghurt. Neste veke skal dei lære å lage sitronfromasj.

onsdag 23. januar 2008

Nusse

Nusse er inne litt kvar dag no om vinteren for å bli tam.

tysdag 22. januar 2008

Takk!

Eg fekk denne av srtikkemor(o). Planen var å få den på sida, men den vart merkeleg. Så no får den stå slik....

Drapet på Harriet Krohn

Denne boka har eg på øyret no. Ein følgjer ein ranar som vert mordar. Ein vert dregen med. Eg har knapt kome halvvegs, men denne boka har eg sansen for!

søndag 20. januar 2008

WISP - Work in slow progress

I tida før eg fekk meg brødbakemaskin, likte eg å bake ein del når eg først var i gang. Men eg vart hemma av ein fryseboks på ca 300 l. Dermed kjøpte eg meg ein til. Resultatet vart at eg fekk to fulle frysarar. Kvar sommar tømer eg den eine før eg avviser den, flyttar over innhaldet frå den andre og avviser den.

Men kva skal eg eigentleg med to frysarar no? Kva treng ein eigentleg å fryse anna enn bær og litt bollar og brød? Butikkane er opne til 20.00 om laurdagane og til 22.00 elles i veka. Tilbod har dei heile tida. No skal eg tøme den eine. Straum kan ein spare og.

Så no går eg systematisk til verks. Og det begynner å vise.

Vi lever ikkje akkurat dårleg. I går tok eg opp kyllingfilet. Eg hadde kjøpt ein Bali-gryte-pose i tillegg til ein eg hadde i matboda.(Det lageret skal og tømast)

Håkon si kake laga eg av det eg hadde på lager: Ein bløtkakebotn på 28 cm som eg fraus ned forrige helg, to stk Piano vaniljekrem, 1 pk fløyte frå forrige helg, 1 pk bjørnebær+1 pk bringebær frå frysaren og ein blåbærgele frå matboda.

p.s. Eg tek i mot oppskrift på heimelaga Bali-gryte, eller tips om kvar eg kan finne det.

Fakkeltog

Dei som forstår seg på å telje folkemengder, meinte at der var 4-500 oppmøtte. Vi kom rett før 16, og då var dei utselde for faklar. Det tyda på at der kom fleire enn komiteen hadde forventa. Der var tamilar frå heile ytre, og , der dei bur,var sterkt representert.
Ole Frank Bakken held ein apell først der han gjer greie for fakta i saka.
Her tek eg bilde frå langt framme i toget.

Venezia takka dei frammøtte etter toget. Ho takka for støtta, og var glad for at så mange brydde seg om dei og ønska at dei måtte få bli. Til slutt brast ho i gråt. Då kom der til fleire tamilske damen og trøysta. Ein norsk mann dulta mannen i ryggen "Du må trøyste kona di", og det gjorde han sjølvsagt.

Hareid i dag

Det har kome litt snø her. Olaug var ute på ski. Bildet er tatt i 14.30-tida.

laurdag 19. januar 2008

Ja til kjærleiken!

I morgon skal eg gå i fakkeltog.
Ei tamilsk jente med norsk statsborgerskap har gifta seg med ein tamilsk gut utan at han har opphaldsløyve. Han har budd i Noreg i 10 år og er no utvist.

Norske jenter har rett til å gifte seg med den dei vil.
Så enkelt er det for meg.
Og skaff mannen arbeid. Det er det han ønskjer.
Om han kjem frå Danmark eller Sverige eller har loge på alderen etter råd frå andre, får stå si prøve. Kva hadde vi gjort i ein liknande situasjon?

Eg hugsar godt jenta frå tida mi i barneskulen.
Medan dei andre elevane tømde sekken si til helga, fylte ho den. Ho ville lære meir. No driv ho og tek sjukepleieutdanning.

På 80-talet gjekk vi i tog kvart år og ropte "Nei til renter i studietida!".
Kva skal vi rope i morgon?
Ja til kjærleiken! Eller - skal ein rope i fakkeltog!

Til blogglesarar frå Hareid: Møt opp!

fredag 18. januar 2008

MGP



MGP i Kongsvinger
--------------------------
I dag såg vi MGP på TV.
Mamma og eg vart enige om at det var Maria som var best!

~Olaug ~

GOD HELG!



Hurra for Håkon!


Her er Håkon heimkomen. Namnet fekk han etter året han vart fødd. Kven hugsar ikkje folkegesten på Lillehammer. Elles hugsar eg to nyheiter den veka eg låg på sjukehus. Johan Jørgen Holst døde, og partnerskapslova vart innført.

No skal vi feire med Pizza Grandiosa (jubilanten bestemte) og ei gelekake eg laga i dag tidleg før eg for på jobb og vikarierte i tre timar.

torsdag 17. januar 2008

Focaccia




Denne veka har eg vist elevane korleis vi lagar focaccia. Første gongen eg smakte focaccia, syntes eg det var litt uvant og litt salt. Etter kvart har eg blitt glad i brødet. Eg synest det høver godt til eit ostefat t.d. På skulekjøkenet serverte vi det til pasta carbonara og salat. Det er artig å sjå korleis nokon hiv seg over brødet og synest det er kjempegodt. Ein av karane her i huset har det til yndlingsbrød.
--
Eg laga deigen i foodprosessor før elevane kom. Som regel lagar eg ein deig til kantina og leiter fram råvarer før skuletid, så det bør gå raskt. Leksjonen starta med at eg kjevla ut deigen og sette brødet til heving. Deretter står andre ting for tur før eg viser dei korleis vi stikk fingrane i brødet og har olje, salt og rosmarin på. Eg let brødet heve ei god stund til før eg steikte det. Då vert det lettare med større porar. Det som gjer brødet ekstra godt, er at olivenoljen kjem ned i brødet.

måndag 14. januar 2008

Orkidé

Søskenbarn

Fjortisane. Eit par månader er dei fjortisar begge to.
Amanda.
Erlend. Sist han var på Hareid gløymde han å ete. Han kan sitte på timesvis å leike seg roleg. Eg likte godt å leike med duplo då ungane var små, så vi har ein del av den sorten. Den pedagogiske togbana kom ikkje i bruk før det kom Thomastog ein kunne kombinere ho med.

Familietreff

Influensa sette stoppar for familietreff i jula. No er alle friske, og vi tok derfor og feira Håkon singeburtsdag nokre dagar på førehand. På menyen stod sosakjøt og kjøtkaker til middag og desserbuffé med marengsdessert (mamma sin spesialitet), sjokoladepudding m/vaniljesaus, moltekrem og krumkaker.

Vi må ha to bord. Her er den yngste garde. Kva Olaug har gjort seg? Ho tryna på sykkel, som det heiter på Hareid. Det gjekk ut over leppene og nasen. Tennene er like heile.

laurdag 12. januar 2008

Hareid i dag

Dette bildet er tatt klokka 12 i dag. Eg legg det berre ut som ein kommentar til dei som har vore på ski i dag. Her har det vore liv i gata. Ungane har kasta ball og leika seg ute.

Den raskaste og enklaste sjokoladekaka

Denne veka har eg vist elevane korleis ein lagar rullekake. Då er det viktig med eggedosis. Seinare skal vi røre smør og sukker for å få luft i marmorkaker.

Når ein ser i utanlandske kokebøker, verkar det som dei berre rører saman ein deig. Dette er ei sånn kake. Ikkje er det bakepulver i ho heller. Eg prøvde kaka ut på nokre elevar i fjor. Det var den beste "brownies" dei hadde smakt. Til Olaug sin geburtsdag laga eg denne i tillegg til ei snopekake. Snopekaka stod att. I dag dobla Håkon oppskrifta til den store forma mi.
Oppskrifta fann eg i Sunnmørsposten.

fredag 11. januar 2008

Slutt på salet

Og då meiner eg at salet er slutt for min del. Butikkane kjem dei nok til å halde på lenge enno. Men eg ser at no begynner nyheitene å freiste meir enn salsvarene.

Til Olaug fann eg m.a. Viking Goretex støvlettar, hue og jakke. Til halv pris kan ein tillate seg litt mindre fornuftige fargar. No håper ho berre på snø!

Hobbybok

Eg fekk tips om denne hobbyboka. Nivået er frå lett til middels, noko som passar godt til oss.
Det er litt som med kokebøker. Det er mykje inspirasjon å hente, og så prøver ein ut ein liten del av oppskriftene. Slike posar har eg sett i handelen som "brødposar"men ikkje forstått kva dei skulle brukast til. I boka heiter dei "kjøkkenposar" og kan brukast til grønnsaker og frukt. Dekoren er serviettar, men eg meiner eg har sett ein del grønsak/fruktstoff på bloggar.

måndag 7. januar 2008

Og jula varer ikkje heilt til påske.

No har vi tatt vekk all julepynt vi har funne i helga. Erfaringane tilseier at vi kjem til å finne litt her og der i dagane framover, så vi pakkar han ikkje opp på loftet før til neste helg

Det einaste som har ein tendens til å vare til påske, er julestjernene. Heldigvis var der komne nokre gule og visne blad.

Elles må eg ta med litt frå skulekjøkenet i dag. Vi driv med oppseding, og kan sjølvsagt ikkje tillate banning. Anna språkbruk prøver eg å bruke andre verkemiddel enn forbod på.

(Lettare oppgitt lærar:)
No snakkar vi om mat folkens, kva høyrest best ut dritbra eller kjempegodt?
(Dei tok den, og så håper eg at dei siterer meg heime...)

søndag 6. januar 2008

Meir krim

Utvalet var ikkje så stort på biblioteket, men eg gler meg til begge desse. Akkurat no held eg på med Norwegian Wood av ein japansk forfattar, og det har eg gjort ei stund, for å seie det sånn.

Elles har det vore flott på isen i dag også. Olaug, Håkon og Øystein har vore på skeisser på isen, medan eg har gått rundt vatnet saman med ei venninne. Eg hadde joggesko på beina.

p.s.
I går forvirra eg lesarane med at det var minusgrader her. Det var pluss 4-6 grader.

laurdag 5. januar 2008

Siste dag på isen

Her på Hareid brukar Grimstadvatnet å vere ein populær plass når det er islagt. I går var det minusgrader og flott isføre. I dag er her plussgrader og vatn på isen.

Medan far og born har vore på isen, har mora drive ein annan idrett, shopping. Eg for saman med ei venninne og tråla butikkar i Ulsteinvik. Til slutt gjekk vi på krukkehuset og kjøpte oss kaffi. Vi budde i krukkehuset for 20 år sidan, då vart det kalla Fløhuset. No er det ombygd og der er galleri. kafé og healingrom.

Audun er på Stranda. Der har han vore på nattcup. Vi veit berre at dei vann første kampen mot eit godt lag tidleg på natta. Og det er vel eit godt teikn at han ikkje er heimkomen.

Einar har starta praksisen i Sunnmørsposten. Det har vore mest opplæring denne veka. I går var han på Valderøya. Dei som har avisa kan sjekke s. 6.

fredag 4. januar 2008

Meir om vedkomfyren

I jula las eg ein del historie i boka Vossamat, og undra meg over at vedkomfyren kom dit så seint. I heimen hennar (Martine Støylen)fekk dei komfyr i 1892. "Då var det mange i bygda som kom kom til dei med deigen sin og ville steike han."

Denne veka fekk Øystein Årbok for Sunnmøre 2007. Der er det eit eige kapittel om eldstader. Der skriv dei at overgang frå kokeomn til steikeomn skjedde gradvis frå 1870-80-åra og fram til godt etter 1900.

I boka "Ta kaka" skriv dei at støypejernskomfyren kom til Bergen i 1840, og at han 60 år seinare er komen inn på dei fleste gardane i Salten i Nordland.
Denne boka omhandlar alt husarbeid. Her les vi at vedkomfyrane vart ståande side om side med den elektriske ein periode. I 1939 hadde berre ein tredel av gardshusmødrene fått innlagt vatn på kjøkenet.
Dette er ein såkalla kokeomn med kokeskap. Skapet rundt kokeplatene var for å hindre at kjøkenet vart fult av damp. Mannen i huset var redd for at huset skulle mygle/rotne.
Ein tradisjonell støypejernskomfyr.

Eg har ein teori om kvifor dei var så seint ute på Voss.
Kan det ha vore fordi dei var sjølvberga?
Viss dei ikkje selde så mykje, hadde dei vel mindre pengar?
I Solund, der pappa meiner dei ikkje var seint ute, var dei fiskarar.
Dei hadde vel meir ujamne inntekter, og hadde kanskje større beløp mellom hendene innimellom?