tysdag 17. august 2010

Frysartips II

I førre frysartips tok eg eit atterhald om at eg ikkje ville gje tips som eg ikkje ville følgje.  I dag kjem eg med nokre nye tips etter tipsrunde frå lesarane.  Det er ikkje det at eg ikkje vil følgje desse tipsa.  For å vere ærleg går det helst ut på at eg ikkje maktar å følgje alle.

Middag
Mykje kan frysast.  Viss du lagar fiskegrateng t.d, er det ikkje mykje meir arbeid å lage rikeleg og fryse ned i former.  Lasagne og pizza er også kjekt å ha på lur.  Om ikkje anna kan ein lage nokre pizzabotnar til seinare bruk. Viss ein har gjester i fleire dagar, er det lurt å kjøle ned, gjerne i vassbad, og fryse restane så raskt som muleg.

Når det gjeld nedfrysing av middagar, gjeld det å ha ein plan og merke maten godt.  Bruk den innan rimeleg tid.  Elles vert den lett liggande for lenge og dermed kasta.

Bakst
All gjærbakst kan frysast.  Søndag baka eg 40 rundstykke av 1 kg grovbakst blanda med 1 kg kornbrødblanding.  Sidan eg har brødbakemaskin, frys eg ikkje ned så mykje brød.  Eg synest det er greit å ha nokre oppsorne brød frå butikken på lur. 

Ein bloggar brukar å fylle eit ekstra sukkerbrød og fryse ned når ho er i gang.  Då er det berre pyntinga som står att. 

Til jul frys eg gjerne ned smultringar og lefser.  Kven som har baka dei er ei anna sak.  Eg likar også å ha litt søt gjærbakst i frysaren, men det vert helst til jul.

Anna
Ein blogglesar gir oss tips om å klippe opp fryse ned grasløk frå hagen.  Det har eg gjort, om ikkje kvart år.  Det er eit "must" i eggerøre.

No skal eg ut på tur.  Blogglesarane må gjerne hive seg frampå med fleire tips, så kan det bli frysartips III.

4 kommentarer:

Elin sa...

Kjekke tips, fornuftig! Kuttar du opp grasløken og frys han på tette glas, eller?

solveig sa...

Ja, eller i små plastposar om ein har. Før gjorde eg det med purreløk også når den var billeg om hausten. Det kan lett bli lukt i frysaren med purre i plastposar, så bruk boks.

Elin sa...

Ja, du måkje snakke, alt ein gjorde før...! Persillen kan vel også behandlast slik? Eg kjøpte ein persille på mega og sette han ute i ei stor potte, han er blitt så stor og fin!

solveig sa...

Viss vinteren ikkje vert for kald, overlever persillen ute. Eg må innrømme at eg kjøper potter med grasløk og krydderurter om vinteren. Det er tilgjengeleg heile året.