onsdag 11. august 2010

Besøk

I går fekk vi besøk av svogeren og svigerinna mi.  Dei overnatta til i dag.
Eg veit det er blogglesarar som lurer på kva eg serverer.  Så då kan eg røpe menyen: Lammegryte med poteter.  Rabarbra- og sviskekompott og karamellpudding til dessert.
Men så kom fiskaren heim frå fisketur med eit plastnett småsei.  Noko av den kokte vi til kveldsmat, eller middag nummer to om ein vil.

1 kommentar:

STRIKKEMOR(O) sa...

Maten ser utruleg god ut!!