tysdag 24. august 2010

Mot betre vitande

Vårstaudar skal delast og flyttast om hausten.  Hauststaudar skal delast og flyttast om våren.  Dette veit eg godt.  Men så er det ofte slik at det er om hausten ein ser kvar hauststaudane skulle ha vore.  Desse to flytta eg for å gje plass til Ashramrosa.  Eg er overbevist om at begge har kome til ein betre stad i hagen.  Men flittig vatning og nokre kraftige regnbyger, ser det ut til at dei har tolt flyttinga godt.  Purpursolhatten under har mi vennninne M sådd frå frø.  Stauden over har eg fått av S.  Den veit eg ikkje namnet på, men det gjer kanskje ein av blogglesarane?

2 kommentarer:

Anonym sa...

Den liknar på noko eg har som heiter Praktsolbrud.... Den fins i mange forskjellige variantar, så viss du googlar den, kan det kome opp mange som ikkje liknar. Denne du viser bilde av er lik den eg har. Randi

solveig sa...

Eg skal sjå i staudeboka mi og. Då veit eg kva eg skal slå opp på.