fredag 13. august 2010

Bok 36: Eit anna liv

Dette er ein av yndlingsforfattarane til forfattaren i familien.  Han las denne på svensk då vi var i Sverige.  Sjølv plukka eg den med meg lydboka frå biblioteket då vi kom heim.  Eg har brukt lang tid på den.  Det er nok helst ein kombinasjon av at eg har vore sosial og arbeidd lite.

Forfattaren fortel om livet sitt fram til han slutta å drikke.  Han fortel om oppveksten utan faren som døde då Per Olov var liten.  Mora er strengt religiøs.  Ho er lærar, så økonomisk greier dei seg godt, sjølv om ho tener dårlegare enn sine mannlege kollegaer.

Vi følgjer livet til forfattaren.  Han skriv om seg sjølv i tredjeperson, noko som gir oss, og sikkert han sjølv, litt avstand til stoffet.

Er det noko som tilseier at akkurat han skulle bli alkoholikar?  Dette filosoferer han ein del om sjølv.  Er det i genane? Kor tid vart han det? Vi følgjer han gjennom behandlingane etter den såkalla Minnesota-modellen. 

Eg synest dette er den mest interessante delen av boka.  Her legg han ikkje noko mellom.  Han saboterer det første opphaldet, og meiner seg overlegen.  Men til slutt får han hjelp på Island. Også her prøver han å rømme frå opplegget, men vert henta av politiet.

Noko AA vil han ikkje høyre om.  Han er totalavhaldsmann, ikkje tørrlagt alkoholikar. Kanskje verdiane frå oppveksten sit i?

Eg likte boka, sjølv om eg fann ho noko langdryg innimellom.  Les og vurder sjølv!

1 kommentar:

Besta sa...

Eg likar også godt denne forfattaren. Har lese denne boka og LIVLEGENS BESØK som er ein historisk roman.