torsdag 19. august 2010

Bok 37: Nattmannen

Det er ikkje lett å yte romanen full rettferd når ein ikkje har lese nokre bøker med krimhelten før. Som eg har skrive før, er det eit pluss i ein krimroman om krimhelten har eit interessant privatliv.  Samtidig skal det ikkje skugge for handlinga. Den balansen har forfattaren funne.  Men erotiske skildringar vert stilbrot etter mitt syn. 

Denne romanen har to etterforskarar, politimannen og dottera hans som er VG-journalist.  Begge hjelper sjølvsagt til i oppklaringa.

Boka begynner høveleg grotesk: Eit jentehovud vert funne på ein trestake midt i Larvik sentrum.  I byrjinga synest eg boka var litt tam og klisjéprega. Eg er framleis usikker på om eg likar journalisten si rolle oppklaringa. Ho inneiar eit forhold til ein tidlegare klassekamerat som har innpass i det kriminelle miljøet i byen.

Men boka tek seg opp når William Wisting reiser til Afganistan.  Saka har forgreiningar i mange land.  Oppklaringa er spennande og logisk!

1 kommentar:

Besta sa...

Eg veit at eg har lese og blogga boka, men hugsar ikkje så godt heile handlinga.Trur eg likte den bra. (Du får sjekke bloggen min).Forfattaren er jo son til ein kjent politimann som eg i farten ikkje hugsar fornamnet på.