søndag 15. august 2010

Dei fem finaste...

... var ei utfordring for ei stund sidan som eg sa eg måtte kome attende til fleire gongar.  Å avgrense det til fem er vanskeleg.  Her kjem dagens åtte bilde:
Ashramrosa er dronninga i hagen no.
Klematisen er på det finaste.
Oransje kaprifolium.
Dei rosa liljene står berre i knopp.  Eit par oransje blomstrar.
I pottene er det også mykje fint.  Pasjonsblomsten hadde berre ein blome i dag. 
Daturaen har fått ein ny vår.
Agurkurten har sådd seg sjølv fleire stader.  Ein ser tydeleg kvar det er best jord.
Det har vore varmt og vått i det siste.  Ideelle forhold for skvåsjen. 

3 kommentarer:

Besta sa...

Det er ganske mykje fint i hagen vår også no, men clematisen blomstrar ikkje enno. Vi har tre stk.-så håper sommarveret varer ei stund til.

Anonym sa...

ma sjekke:)

solveig sa...

Kva? ;-)