No gjeld det å gjere seg klar til skulestart. Det inneber mellom anna å tråle nokre kjøpesenter. Frøkna har fått ny ransel og pennal, og så har alle fått nye kle. Brede i ulike fargar ligg klart. I går for fire på Moa, i dag for frøkna og eg til Ørsta på slektsbesøk med innlagt handletur. No trur eg ikkje vil manglar noko.
I går flytta eldstemann mellombels heim. Han har skaffa seg hybel i Volda. Jusstudenten pakkar. Han reiser til hovudstaden i morgon. Reiret tømest att. Det følest vemodig. Men slik skal det vere.
Rosa over fekk eg av svogeren og svigerinna mi (som forresten har fødselsdag i dag - gratulerer!). Det er ei stilkrose som heiter Ashram. Den er ny for meg. Eg reknar med de får sjå meir av den framover.
1 kommentar:
Hei Solveig og takk for hilsen hos meg ;)Gratulerer, så morsomt da! Det tipset har jeg ikke hørt før. Jeg har ikke mye erfaring med roser, men har lyst til å lære meg mer. Synes Aloha rosen er fin og er spent på om den kommer igjen neste år. Fin blogg du har med masse inspirasjon! Ha en fin sensommer ;) Klem Gry
Legg inn en kommentar