måndag 30. august 2010

Bibliotek

I dag køyrde Øystein på juniorkamp i Langevågen.  Sidan eg vart utan bil, sykla eg ein tur på biblioteket.  Eg har levert inn Drømmehjerte ulest.  Etter utallige forsøk på å legge den inn på MP3-en gav eg opp.  Same kor eg vreid og vende, kom spora inn i motsett rekkjefølgje, og eg forstår ingenting!  Ikkje minst fordi eg har fått det til før.

Les meir om Sofi Oksanen her.

Om det vert bakt noko frå bakeboka, vil tida vise.

3 kommentarer:

Besta sa...

Oksanen si bok har eg lese. Dei fleste er veldig begeistra.Eg las den så stykkevis og delt, somme plater ørten gongar osv. så eg kan ikkje dømme boka rettferdig. Du kan no lese om den på bloggen min om du vil.

Milena sa...

Eg lånte denne bakeboka før,men laga ingenting frå den...huska ikkje om det var noke spesielt godt i den.Kjøpte meg ein ny bok som heite Tutti frutti-frukt og fristelser,den passa kanskje også til skolekjøkkenet?

solveig sa...

Der var nokre rabarbramuffins med pistasjnøtter, kanskje. Betre å låne, for ein lagar berre litt frå kvar bok uansett. Eg har berre to utslitne kokebøker...
Frukt er i vinden!
Sanninga er at eg bakar ikkje kaker så ofte, brød derimot ...