torsdag 30. april 2009

Solnedgang

Etter ein hektisk dag og ettermiddag slappa eg av med guttefotball. Hareid vann stort over Ørsta sitt andrelag.

Heime hadde eg innstilt den splitter nye boksen på opptak av islandsk krim. No kan eg berre plotte inn dei programma eg vil take opp og sjå på noko anna langsmed. Eg er imponert over teknologien, og at eg fekk det til "med ein gong". I går var her akutt naud. Ungane var i opprør! Det var full krise! Vi fekk berre inn NRK 1!

Dei fleste blogglesarane hugsar den tida vi berre hadde av og på knapp! Men det nyttar ikkje å drøyme seg attende. Dessutan er mora litt avhengig av TV2.

Bunadskor eller bunadstøvlettar?

Ein kollega av meg fortalde at ho hadde kjøpt seg bunadstøvlettar i bya. Eg såg nokre slike på ein blogg i fjor. (Det er berre å søke på bunadstøvlettar)No ser eg at ho hadde kljøpt dei på husfliden.

Så no spør eg: Kva skal eg kjøpe? Bunadskorne mine fekk eg til konfirmasjonen for nøyaktig 31 år sidan i dag. Kvart år tenker eg å kjøpe nye.

I dag kjøpte vi bestesko til konfirmanten. Der nede hadde ho som ekpederte ikkje høyrt om bunadstøvlettar. Det er i slike tilfelle eg ikkje klarer å halde meg: "Det har eg". No er der ein bunadbutikk ved sida av, men der var dama travelt opptatt med å pakke fint inn ei gåve, og eg måtte haste vidare for å få gjort dei tre andre ærenda før seks.

Kva seier blogglesarane? Er det praktisk og stilig med bunadstøvlettar?

p.s.
Kollegaen min hadde betalt 1500,- for dei.

onsdag 29. april 2009

Gratulerer!



Eg vil gratulere dagens geburtsdagbarn med dagen i dag. Klippet er frå ein tysdagsserie som gjekk for nokre år sidan.

tysdag 28. april 2009

Bok 25: Trekantdrama

Den nye lydboksendinga var ikkje komen til biblioteket i går heller. Det er vel femte bomturen. Bøkene skulle kome rett etter påske, så eg har vel hatt lov å håpe.

Dei bøkene dei har fått inn i det siste, er slike som eg har lese i papirutgåve for lengst t.d. Elstad sine bøker om Magret(?).

No spør dei om det er ei bok dei kan skaffe. På jobb er det "Øya" som går på omgang. Den har dei spesialbestilt til meg.

Eg vil ikkje uttale meg over boka, de får lese sjølve her.

28.april



Eg tok meg ei lita fotorunde i hagen for å dokumentere kor langt det har kome i år. Rhododendronen har begynt å sprette ut. Kjem det ei frostnatt, vert blomane øydelagde.
Peonane som eg pynta med i fødselsdagen til Olaug i fjor, står i knupp.




Løkane er frå krukkene i fjor.
Stemorsblomane har sådd seg sjølv.


måndag 27. april 2009

Og kor du bryggjar og kor du bakar


ETTERSTEV


Til Lags aat alle kann ingen gjera;

det er no gamalt og vil so vera.

Eg tykkjer stødt, at det høver best

aa hjelpa den, som det trenger mest.


Og kor du bryggjar og kor du bakar,

d'er alltid ein, som det ikkje smakar;

og naar den eine daa gjerer Rop,

so ropar sidan den heile Hop.


D'er mange nog, som vil Domar vera

og læ aat alt, som dei andre gjera.

Og Lyte finna dei rundt i Kring,

og sjølve gjera dei ingen Ting.
---
Ivar Aasen Heile diktet finn du her.
---
Eg kjem ofte på dette diktet når eg driv og lagar mat. Eg har ofte hengt det opp på ei oppslagstavle på skulekjøkenet også. Det er skrive for 150 år sidan, men gjeld den dag i dag!
---
I dag har eg baka botn til Lady Golden Glow. Første gongen eg smakte det, var i ein av konfirmasjonane på 70-talet. Naboen over vegen kom med den fantastiske kaka. Det som er kjekt med sunnmørske kaketradisjonar, er at det kjem framande kaker i hus til store festar.
---
No har det blitt ein tradisjon at eg bakar denne kaka til konfirmasjonar her i huset. Det er ei kake som konfirmantane brukar å like godt. Men eg må innrømme at no kan den bli i overkant søt til meg.

søndag 26. april 2009

Dagens dikt - lese til konfirmantane på festen

Om pengar
For pengar kan ein få alt, heiter det.
– Nei, ein kan ikkje det.
Ein kan kjøpa seg mat, men ikkje mathug,
dropar, men ikkje helse,
mjuke senger, men ikkje svevn,
lærdom, men ikkje vit,
stas, men ikkje venleik,
glans, men ikkje hygge,
moro, men ikkje glede,
kameratar, men ikkje venskap,
tenarar, men ikkje truskap,
gråe hår, men ikkje ære,
rolege dagar, men ikkje fred.
Skalet av alle ting kan ein få for pengar.
Men ikkje kjernen;
den er ikkje for pengar fal.

Arne Garborg

Samtalegudsteneste



I dag har de vore Samtalegudsteneste her. I gudstenesta framførte konfirmantane svar på spørsmål dei har jobba med. Dei framførte ikkje det dei sjølve hadde skrive.

Om ettermiddagen er det konfirmantfest som KFUK/KFUM arrangerer i samarbeid med fjorårskonfirmantforeldre. Nokre fjorårskonfirmantar stilte som servitørar. I år var det ein fin fest med gode programinnslag.

laurdag 25. april 2009

Sjå på Susan


I dag melder Dagbladet at Susan gjer som ho vil! Og det gjer ho rett i! Berre gje katten i karane!
Eg trur dette handlar om å sjå seg sjølv utanfrå! TV er veldig avslørande. Og kven ville ikkje ha tatt ein make-over viss dei vart verdskjendis? Kven ville ikkje vist seg frå si beste side i staden for å vere klovn?

Gratulerer Wenche


I dag vil vi gratulere Wenche med dagen!


Helsinga herifra kjem seint, men godt. Eg har sete 3 1/2 time i frisørstolen, og då eg kom heim var det fotballkamp på datamaskina. Her i huset går fotballen framfor det meste. Frå Hareid kan vi elles melde om varmt vårver. Dei ivrigaste har tatt fram plenklipparen.

Når det gjeld fotoval, så har Wenche noko til felles med Bodil, ingen av dei stikk seg fram når dei ser eit fotoapparat.

fredag 24. april 2009

Bok nr 24: Novellesamling


Sist eg var på biblioteket, lånte eg med meg ei novellesamling. Tanken var at då kunne eg lese så mange eg ville. No har eg altså lese alle.
---
Vi møter att same personane i fleire av novellene. Det liker eg godt. persongalleriet vert mindre. Nokre noveller var sjølvsagt betre enn dei andre.
---
Dårleg rettskriving/korrekturlesing irriterer meg. No har eg nettopp retta 40 stilar, og då vert ein litt opphengt i rettskriving. Her vert det rota med slepe/sleppe, bære/bere og endå/enno. Eller kva seier de om denne: Ein eller annan der ute som føl med henne. Ordet kø vert bøygd køa og køen i same avsnitt. Det vekkjer minne attende til 80-talet. Då var stiloppgåva: "I bilkø."
---
Eg trur aldri dette hadde passert i Samlaget.
---
p.s.
I dag var det mattetentamen. Ein av elevane klaga over norsken i ei av oppgåvene som kjem frå departementet. "Det heiter vel ikkje at kassa rømmer?"

torsdag 23. april 2009

Let vi oss lure?


Ein kan vere skeptisk til om kva dommarane visste om denne dama på førehand. Sjølv har eg mistenkt produserane for å spele dei eit puss.
---
Uansett er det god underhaldning når folk som har vore mobba og hatt det vondt, kan bli verdstjerner. Denne dama skal ha ein liten hjerneskade, og naboungane har ikkje vore snille mot henne.
---
No vil dei nekte henne å nappe bryn og kle seg fint. Sjølv har ho store planar om å slanke seg og bli flott. Tida får vise. Det kjem vel an på kva dei meiner vil slå an. Ikkje noko er tilfeldig i denne bransjen.

Dagens dikt

FLERE SPØRSMÅL?
kan to mennesker
eie hverandre
nei

kan to mennesker
ete hverandre
ja

Jan Erik Vold

Konfirmasjon for 30 år sidan

Då eg leitte etter gamle bilde tidlegare i ettermiddag, kom eg frampå desse frå ein konfirmasjon i Ørsta i 1979. Det er eit artig gjensyn med folka, men også med motar og interiør.
Den lampen synest eg var veldig flott, og forstod ikkje at dei ville skifte den ut i si tid.

Eg har skrive om den tragedia som ramma bygda denne vinteren tidlegare. Her ser vi på restane av øydeleggingane.
Ein litt eldre kollega snakka ein gong om kor kjekt det var den tida ein sende rundt kakene. Det er ikkje vanleg på sunnmørske kakebord no. Men der var rikeleg kaker både til den dagen og til naboane dagen etter. Eg kan ikkje hugse om vi hadde kakebord eller ikkje. Kakene kom nok på bordet uansett til slutt. Mormor passa alltid på at mamma nøyda nok.
--
Eg "hissa på meg" ei sunnmørsdame for nokre år sidan då eg kom med denne påstanden:
- Sunnmøringar bakar til etterpålag.
- Nei, nei får så mange restar at dei må ha hjelp av naboane til å ete restar, svarte ho.
- Det gjer dei slettes ikkje, svarer eg like påståeleg, då hadde dei aldri rekna ei kake pr person!
No overdriv eg kanskje, men det er ikkje uvanleg å ha halvparten så mange kaker som der er personar. Og så satsar mange på å invitere naboane dagen etter når dei først er i siget. Dei siste åra har det vorte færre etterpålag. Folk er på jobb, så då kan ein like godt ta med kaker på jobb og dele med kollegaer. Det vert forresten også forventa.



Bodil har bursdag......

....og vi gratulerer så mykje!
Det var ikkje så lett å finne bilde av Bodil, så eg måtte ty til dei obligatoriske gruppebilda frå ein konfirmasjon i 1981. Eg tenkte det fekk passe godt i desse konfirmasjonstider.


onsdag 22. april 2009

Bok 23: Utvida horisont?

Arild Asnes, 1970 av Dag Solstad


I norskboka vert forfattaren omtala som den intellektuelle utsidaren. Hovudpersonen i romanen er ein forfattar i djup livskrise. Han treng noko å tru på i eit liv som manglar meining. Det han skriv, har ingen eigentleg nyttte av. I romanen vert han kommunist.

Kvar CD i denne boka inneheld eitt spor! I dag sette eg av vel ein time til hagearbeid, og vart då endeleg ferdig i tide. Det er godt tima i høve til pensum i 10-klasse.

Bok 22: Andre forsøk


Det var ikkje utan ein viss skepsis... Slik begynner litteraturanmeldaren i NRK. Og slik var det nok med meg og. Det er dessutan andre gongen eg har gjort eit forsøk på å kome gjennom boka, og no har eg lukkast. Før jul kom eg over ein haug med heilt nye bøker, og la straks denne på vent.
---
Boka er ikkje kjedeleg, for all del, men den passar best for dei som likar eventyr. Er du av dei som liker at ting er sannsynleg, så er ikkje denne boka noko for deg.
---
p.s. eg har vore tre gongar på biblioteket siste veka på jakt etter nye lydbøker, heldigvis med tre ulike bibliotekarar, for det har vore tre bomturar.

tysdag 21. april 2009

Der det er liv, er det håp.


I går minte mamma meg på roseavleggaren ho fekk av mi venninne M. Då kom eg på at eg og prøvde meg på å sette rosestiklingar i fjor.
---
Eg tok rett og slett og tok blada av ein rosebukett. Berre dei tre (?)øvste blada fekk stå att. På to av tre stilkar har det kome blad. Viss eg er heldig, vil eg få to nye aloha-roser i hagen.

måndag 20. april 2009

Små gleder


Då eg kom att frå jobb i dag, oppdaga eg at denne orkidéen hadde sprotte ut. Kanskje mamma kjenner den att frå i fjor? Eg meiner eg har fått den av henne.

søndag 19. april 2009

Lat søndag?


Sjølv har eg brukt dagen i dag til å jobbe meg litt frampå. Det gjeld både her heime og på skulen. Det er greit å få ein god start på veka.
---
Korpsjenta kom utrangla attende i femtida og køya tidleg, noko som er heilt uvanleg for henne.
---
Journalisten er på fotballkamp i bya, Ålesund for dei som ikkje er lokalkjende og dialektkunnige, medan resten av karane har vore i byen, Ulsteinvik, og sett kamp.
---
Når Olaug er vekke, prøver vi andre å passe kaninane så godt vi kan. Vi trudde det skulle bli kjekt for dei å sjå kvarandre og plasserte bura som på bildet ovanfor. Men nei, dei vart gåande rundt og hisse seg opp. No står dei på rekke att. Då eg sleppte laus gamlingen i dag, vart ungdomen redd eller sint, eller begge delar. Han trampa og raste rundt. Rett nok var dei borti og snusa på kvarandre også. Eg forstår meg ikkje på dei. Men god mat har dei fått. Og hagen vert fattigare på ugras. Ein skikkeleg vinn-vinn-situasjon.

laurdag 18. april 2009

Aktiv laurdag


Det er ikkje ofte vi gjer ting som familie lenger. Interessene spriker i alle retningar. Hadarstafetten bruker å vere eit unntak, men ikkje i år. Øystein sprang rett nok i bedriftslagsklassa og Håkon sprang for menn senior. Sjølv har eg fast jobb som tidtakar.
---
Olaug er på Bjorli på øvingshelg med skulekorpset. Vi fekk melding i går: vi har kome til Bjorli men ikkje til roma. Keeperen er på Stranda og spelar bortekamp. Journalisten har spelt heimekamp og vunne 7-3 over Åheim.

Raskumar



11. april fortalde eg om naboguten vår, Raskumar, som har mist foreldra sine og to søsken i bombeangrepa på Sri Lanka. Sist eg snakka med han sa eg at det hadde vore bra om han orka å stå fram i avisa. Då fortalde han at han skulle snakke med ein journalist dagen etter.

Min første jobb på Hareid var norsk for framandspråklege. På kveldskursa var det flest tamilar. Dette er over ca 20 år sidan. No har eg gleda av å undervise borna til fleire av dei. I tillegg har eg ein del einslege gutar både i Mat og Helse og norsk.

Les om Raskumar i nettutgåva til Vikebladet.

fredag 17. april 2009

Krim: Meiningsmålinga er avslutta


I mi vesle meiningsmåling "Årets påskekrim", har Retterstedet fått flest stemmer. Mellom dei var mi stemme. No veit eg at dei som hadde begynt å sjå NRK sin serie "Englebarn", og berre har ein TV, gjekk glipp av Val McDermid sin krim.
---
Men vi har meir kvalitetskrim i vente. I kveld kjem ny episode i serien "Trial and Retribution"/Hva skjedde med..... Det er ein av mine favorittseriar.
---
I går starta ein islansk serie i fire delar. Det er så sjeldan vare at til og med Øystein sette seg ned framfor skjermen. Eg har ikkje gjort meg opp noko meining om den enno.

Livstidsgaranti

Nokre observange lesarar hugsar kanskje at eg kjøpte nytt headset til både Øystein og meg sjølv for eit par månader sidan. Sjå kva som skjedde med mitt! To månader er kort haldbarheit på eit produkt med livstidsgaranti! Det må då tole at ein går med MP3-en i lomma.

Som vanleg har eg førebudd meg godt på kva eg skal seie i butikken når eg skal konfrontere dei med livstidsgarantien.



Og som vanleg slepp eg å seie noko. Dei leitar fram eit nytt produkt. Vil du ha raudt eller blått? Det du vil bli kvitt, svarar eg.

I mellomtida prøver eg meg med eit spørsmål om det går an å få legge mellom og kjøpe eit med betre patent. Proppene til venstre er i same merke, men har ein heilt annan overgang. Nei, dei har kun lov til å gje meg akkurat same sort. Så viss det nye vert øydelagt på same måte, så må eg klage ein gong til? Jada. Det var berre akkurat mitt headset det var noko gale med, ikkje patenten.


Eg kjem til å ta dei på ordet!

Desse proppene som skal tilpasse seg til øyret og som også skal vere så fantastiske, anbefaler eg ikkje. Dei er rett og slett travle. Lyden kjem for langt inn i hovudet, og dei dett lett ut, i alle fall frå mine øyre. Så når eg først var der kjøpte eg meg "liggepropper" til 49 kr, utan garanti.





ps.
Skikkeleg dårleg lyd i dei billege. Dei vert nok berre brukte i yttarste naud.

torsdag 16. april 2009

Avspark: 6-0

- Kjøme du og ser på kampen vår i dag?
- Ho he sagt at ho skal ha på seg termodressen og kome!
Det er no rørande at gutane på G16 vi ha læraren til å kome på fotballkampane deira. Dei veit sjølvsagt at eg også er mor på laget.

I dag har det vore sol og iskald nordavind , reine 17-mai-stemninga. Ei mor kom med is og lett jakke. Ho angra seg. Eg heldt varmen og fekk sjå guten ovanfor score to av måla. Så no har vi noko å snakke om i morgon.

Lilla Nårje?

I dag låg denne brosjyren som innsmett i Dagbladet. Her kan vi lese at på campingplassen der vi har bestilt hytte til sommaren, er det 30% nordmenn. Det skal visst freiste fleire til å kome.

Er ein heldige med veret, er det ein fantastisk plass med store uteområde og badebasseng for alle aldrar. Er der overskya, er det endå flottare badeland inne. Vi gler oss!


onsdag 15. april 2009

Bok 21: Nynorsk kvalitetslitteratur



Dette er ei bok i serien "Eg har lese alt på biblioteket". Boka ser eigentleg enkel og ikkje spesielt tiltalande ut. Bibliotekaren lovde ny lydbokpakke rett etter påske, så det var berre å ta den ein ikkje har lese.
---
Det seier sjølvsagt mest om meg når eg veit lite om forfattaren.
---
Utgangspunktet for boka er 1964 og forteljaren som er ein 12 år gamal gut. Vi får sjå verda gjennom augene hans. Gjennom det har ser og opplever, forstår sjølvsagt den vaksne lesaren meir. Tidsskildringa er artig, også skildringar av personar og miljø. Under ligg alvoret.
---
Forfattaren er presteson. I boka er han ein vanleg gut, men eine kameraten er presteson. Ei venninne høyrer til sekta. Kva er synd, og kva er ikkje synd? Dette lurer tolvåringen på. Og vi får svar. Forfattaren les sjølv boka, og det er vellykka. Humoren og ironien kjem godt fram. Utlegningane om dårlege heimar er kostelege.
---
Dette er ei bok eg vil anbefale alle å lese, spesielt dei som har minne frå 60-talet. Og eg vil tru at boka er best som lydbok. Her finn de ei god bokmelding.

Gratulerer Eirik!

I dag vil vi gratulere Eirik med 12-årsdagen i dag!

Bilda er frå feiringa i påska!



tysdag 14. april 2009

Frå late dagar til travle tider


Det er merkeleg kor ein kan fylle fridagar med litt husarbeid, litt hagestell, litt baking og litt turgåing. Når ein startar på jobb må dette arbeidet gjerast på ei kort ettermiddagsykt.
---
Som lærar kan ein velje om ein vil lette litt kvardagane på fridagane. Ein kan legge att prøver og stilbunkar på pulten eller putte dei i sekken. Sjølv arbeider eg etter prinsippet om at stress det er alt ein ikkje har gjort. I Mat og helse må ein ha alt praktisk på plass. Sjølv om ein brukar tid på det, er det veldig greitt arbeid. I norsk rettar eg unna ein del, men sparer litt til såkalla fritimar.
---
Med våren kjem også alle fritidsaktivitetane. Øystein har ca tre økter med guttefotball i veka. Eg likar å sjå ungane spele, men innser at eg ikkje greier å få med alle kampar. I tillegg dukkar det opp vaskedugnader, tidtakingsjobbar m.m. Då eg starta bloggen, var det med tanke på å dokumentere aktivitetsnivået i familien. For all del, alt er kjekt, men det kan bli mykje innimellom.
---
p.s
I dagens Jernia-katalog kom eg over eit ord eg måtte lese to gongar.

søndag 12. april 2009

Bok 20: Krimdebut


Eg ser her at dette er debutromanen til forfattaren, og at han vert samanlikna med andre store britiske krimforfattarar. Han har skrive minst sju bøker om krimhelten Tom Thorne. Nokre er omsett til norsk.



Boka har to stemmer, forfattarstemma og stemma til den lamma jenta Alison, lesen av ei kvinne. Dette funkerer flott i lydboka.

Eg likte boka. Ho er litt annleis, og ho er spennande til siste slutt.

Om å skue hunden på håra


Det er visst ny talentkonkurranse på gang.

Dajmiskaker

Når ein først rotar med baking og skitnar ut skåler og vispar, synest eg det er greit å lage to i slengen. I omnen min er det plass til ei 22- cm og ei 24cm-form. I den opprinnelige oppskrifta var det knust dajm. Produsenten har vel fått med seg at mange ønskte ferdig knust dajm, så no får ein kjøpt crisp. Oppskrifta under er slik som mi oppskrift har blitt gjennom åra. Botnen er gonga med 1,5 og fyllet med 2. Eg brukar gjerne nøtter i staden for mandlar, og eg brukar sterk kaffi.
Botn
6 eggekvitar
225 g sukker

225 g malte nøtter (ev. mandlar)

1. Stivpisk eggekvitar og sukker til marengs. Ha nøttene forsiktig i.
2. Fordel nøttemarengsen i former med bakepapir i botnen.
3. Steik ved 180 grader i ca 30 minutt.

Eg brukar å ta av bakepapiret under og vaske "side"formene.
Avkjøl botnane før du lagar is.

Is
2 ts pulverkaffi utrørt i 2 ms kokande vatn

8 eggeplommer
2 dl sukker

6 dl kremfløyte

2 pakkar dajm crisp

1. Kok kaffi. Lat han kjøle seg ned.
2. Pisk eggedosis av eggeplommer og sukker.
3. Pisk kremfløyten til krem, ein pakke om gongen.
4. Bland alt saman forsiktig med slikkepott. Spar litt dajm til toppen.
5. Fordel massen i formene og frys kakene.

Gratulerer Anne Marie!

I dag vil vi gratulere tante Anne Marie med 74-års-dagen!
Vi gler oss til å treffast om knapt 4 veker!
Både mamma og Margrete har skrive om dagens jubilantar, så eg måtte grave djupare i fotoalbumane. Tante Anne Marie vert fødd på mora sin fødselsdag. Det er i dag 100 år sidan farmor vart fødd. På biletet over er det første oldebarnet hennar fødd.
Her står vi framfor huset i Rørdalen der farmor vaks opp som yngst i ein søskenflokk på ni. Eg hugsar vi besøkte Ingeborg ein gong. Elles så hugsar eg dei ugifte brørne som dukka opp i 70-årsdagen. Det var eigentleg dei bilda eg var på jakt etter.

P.s.
Det hadde vore kjekt om nokon i farsslekta hadde hatt blogg og oppdatert oss med nye bilde!

laurdag 11. april 2009

Krig eller massemord?


I dag har vi motteke svært triste nyheiter i nabolaget. Naboguten vår har mist foreldra sine,to systre og ein svoger i eit bombeangrep på Sri Lanka. To yngre søsken er hardt skada. Naboguten er 17 år, og vart sendt til Norge for å berge livet. Her bur han i fosteheim.
---
For litt over ei veke sidan miste ein tidlegare klassekamerat av keeperen 11 familiemedlemar. Her kjenner eg ikkje detaljane.
---
Tamilane følgjer med på internett. Der finn dei lister over drepne. Slik kom namna opp. Dei andre tamilane på Hareid har og familie i same området. Dei høyrer ikkje ifrå dei. Telefonar eksisterer ikkje i teltleirane. Slektningen til guten fekk ein 2 minutts samtale med all informasjon.
---
Vi har sett demonstrasjonane på TV og høyrt om x antal drepne. No håper vi at det kan bli våpenkvile og fred.

fredag 10. april 2009

Meiningsmåling

Eg ser på teljaren at mange er innom bloggen min no i påska. Sjølv tek eg meg ein tur rundt i bloggverda og kikar. Det er sjeldan eg legg att kommentarar.

No håper eg at terskelen for å stemme på ei meiningsmåling er mykje lågare. Så sei di meining til høgre. Min favoritt skal eg ikkje røpe enno, men der er visse hint i bloggen min.

P.s. Det er sjølvsagt fullt muleg å seie si meining med grunngjeving under dette innlegget.

Starta som songar


Det ligg fleire duettar med Robson & Jerome på YouTube.

torsdag 9. april 2009

Påskekrim 3


Siste ord om årets påskekrim er nok ikkje sagt. Her finn de intervju med forfattaren Val McDermid og trailer til Wire in the blood, Arr i sjelen på norsk. Det er dette eg kallar kvalitetskrim.

Skjærtorsdag

I dag har vi feira geburtsdagsbarna i mars/april.

Vi fekk nydeleg hjortegryte, men den vart ikkje fotografert. Dette er berre nokre av kakene. No har vi kome trygt heim att og lurer på om vi kjem til å bli svoltne att.



Kransekake og smellbonbonar er ein sikker suksess.


Først er det på med hatten, og så er det opplesing. Der låg to lappar i kvar smellbonbon, ein med vits og ordtak og ein med gåte/spørsmål. For den yngre garde var det ikkje alltid like lett å skilje dei frå kvarandre.
Nokre vil ha hjelp til smelling.....

...andre til opplesing.

Yngstemann har funne fram påskeegget til barne-TV.