onsdag 1. april 2009

Bok 17: Endeleg!


Det var vanskeleg å kome inn i denne romanen. Undervegs hadde eg lyst å legge den frå meg meir enn ein gong. No har eg lese boka ferdig på rein trass.
---
Eg kom sjølv fram til at temaet i boka måtte "Frå bondesamfunn til moderne samfunn" , eller noko i den dur. Det har dei vel gjort her og.
---
Etter mi meining er romanen overflatisk. Du får høyre litt om kvar person, og der er alt for mange personar. Dei som les lydbøker veit kor vanskeleg det kan vere.
---
Boka er full av personar som forfattaren kunne gått under huda på.
---
Idéen med å ta utgangspunkt i tre familiefestar i tre ulike årstal, er i og for seg ingen dårleg idé.
---
Viss nokon vil prøve seg på denne boka, anbefaler eg papirutgåva.

4 kommentarer:

Anlen sa...

Om spela: Eg har oppdatert litt i innlegget, men kan seie her at Eiken Libris er ein fin stad:)

Besta sa...

Eg veit kva du meiner.Det er det verste som finst når bøkene er fulle av folk som ein ikkje blir kjende med.Begynner også å lure på om ludbøker etter kvart blir ein eigen sjanger.

Besta sa...

PS:Eg vil oppfordre deg om å scanne heile "utsida" av bøkene dine, slik eg gjer, og legge dei inn på ein måte som gjer det mulig å forstørre og lese bakpå.

solveig sa...

Ja, no har eg no lært meg å scanne...
Elles er det som regel det som står på coveret som står på bokkilden.
Det spørs om dei bør vurdere kva bøker som bør gjevast ut som lydbøker.