søndag 26. april 2009

Dagens dikt - lese til konfirmantane på festen

Om pengar
For pengar kan ein få alt, heiter det.
– Nei, ein kan ikkje det.
Ein kan kjøpa seg mat, men ikkje mathug,
dropar, men ikkje helse,
mjuke senger, men ikkje svevn,
lærdom, men ikkje vit,
stas, men ikkje venleik,
glans, men ikkje hygge,
moro, men ikkje glede,
kameratar, men ikkje venskap,
tenarar, men ikkje truskap,
gråe hår, men ikkje ære,
rolege dagar, men ikkje fred.
Skalet av alle ting kan ein få for pengar.
Men ikkje kjernen;
den er ikkje for pengar fal.

Arne Garborg

6 kommentarer:

arieldog sa...

Det diktet har eg aldri lese, men det var klokt skrive!

Elin sa...

Ja veldig klokt og godt skrive! Men av og til tenkjer eg at eg kunne hatt litt meir pengar...og då er det ikkje alltid ein blir trøysta av desse orda! Så litt av alt her som elles...

solveig sa...

Det er vel noko med at om ein manglar meir enn pengar, helse t.d.,då vert pengane underordna.
Konfirmantane vert vel det vi kallar "nyrike".

Besta sa...

Dette diktet kjenner eg godt, men visste ikkje at det var Garborg.Pengar er kjekt å ha-ikkje på kistebotnen, men for å skaffe seg noko ein treng eller har lyst på.Pengar betyr lite når ein har nok, mykje når ein har for lite! Men der er andre verdiar i livet. The best things in life are free! Eller hur?

solveig sa...

Eg har også vore borti diktet før, kanskje i norskboka. Når det gjeld pengar, så er det vel viktig å ha nok. Som eg sa til han som ringte frå banken og skulle ha meg til å investere i aksjefond: Pengane mine vil eg tenke minst muleg på. Eg hadde lagt litt til side til ny bil.

STRIKKEMOR(O) sa...

Det var eit veldig bra dikt,ja. Kloke ord!