Ein kollega av meg fortalde at ho hadde kjøpt seg bunadstøvlettar i bya. Eg såg nokre slike på ein blogg i fjor. (Det er berre å søke på bunadstøvlettar)No ser eg at ho hadde kljøpt dei på husfliden.
Så no spør eg: Kva skal eg kjøpe? Bunadskorne mine fekk eg til konfirmasjonen for nøyaktig 31 år sidan i dag. Kvart år tenker eg å kjøpe nye.
I dag kjøpte vi bestesko til konfirmanten. Der nede hadde ho som ekpederte ikkje høyrt om bunadstøvlettar. Det er i slike tilfelle eg ikkje klarer å halde meg: "Det har eg". No er der ein bunadbutikk ved sida av, men der var dama travelt opptatt med å pakke fint inn ei gåve, og eg måtte haste vidare for å få gjort dei tre andre ærenda før seks.
Kva seier blogglesarane? Er det praktisk og stilig med bunadstøvlettar?
p.s.
Kollegaen min hadde betalt 1500,- for dei.
3 kommentarer:
Skor eller støvlettar? Ja, takk, begge deler. Best å heilgardere seg.Men eg ville ikkje hatt BERRE støvlettar for å seie det slik.
Nei, enig med Besta. Eg kjøpte meg nye skor i fjor, då vi hadde konfirmant. Trur dei kosta 800+. Eg hadde hatt mine siidan leikarringtida, trur eg, og dessutan smelta dei under på ein varmekolbe i ei kyrkje. Det kunne eg kanskje ha unngått viss eg hadde støvlettar...
Eg går vel med dei gamle gode i år og kjenner eg meg sjølv rett.
Eg trur ikkje det har vore mange 17-maiar siste åra at det ikkje hadde gått med støvlettar for å seie det sånn.
Og kovnar ein i støvlettar, ville ein vel kovna i bunad og.
Det står att å sjå om det vert "in" med støvlettar.
Legg inn en kommentar