laurdag 31. januar 2009

God underhaldning



Forrige laurdag var det både Grand Prix og Spelemannspris på Tv. Eg fekk besøk av ei venninne under Grand Prix, og vi var omtrent like interesserte. Praten gjekk med andre ord. Eg lovar å engasjere meg litt meir etter dei innleiande rundene.

Seinare på kvelden vart vi sittande å sjå på opptak frå Obamakonserten 18. januar. Her ser de videoen av ho som eg meiner kom best "ut av skjermen" på sitt enkle vis. De finn sjølvsagt opptak av alle artistane på Youtube.

fredag 30. januar 2009

God underhaldning - dårleg underhaldning

Vi har no blitt pepra med reklame og førehandsreklame for eit program som skal kome på TV2, Da damene drog. Slik eg har forstått det, sender ein damene til Syden og let far stelle heime. Det som er av underhaldningsverdi er visst at dette ikkje går så bra, dersom eg har forstått det rett. Eg trudde denne problemstillinga var avlegs og høyrde til folkeeventyra;"Mannen som skulle stelle heime".

Og då spør eg: Går det an i 2009? Er ikkje norske menn i stand til å stelle hus og heim? Min eigen far (på bilde lånt frå Besta) stelte heime eitt år på 60-talet. Her i huset har det aldri vore sånn "på stell" som då Øystein hadde pappapermisjon.

Vil dei lage eit program om fedre som steller heime, bør det i alle fall ha som misjon å bygge ned fordommar, slik som t.d. realytyserien "Taifjord" har gjort. Vi damer har kanskje noko å lære av mennene våre når det gjeld barnepass. Her vart til dømes potteplantane fjerna frå vindauga så guten kunne bevege seg friare i stova.

Heldigvis skal programmet gå midt i turtida mi. Men eg reknar med her vert sittande ei dame og sjå, så eg kan få referat. Vi får håpe at programmet vert betre enn sitt rykte.

onsdag 28. januar 2009

Focaccia - steg for steg

Mi venninne M har lært meg å like og lage focaccia. Utgangspunktet er ein lys deig med lite gjær (15 g eller 1/4 pakke er nok til 4 dl vatn , 1ts salt og 9-10 kveitemjøl) og mykje olivenolje (4 ms). Deigen må knaast godt. I dag let eg brødbakemaskina gjere den jobben, og så etterheva eg deigen i ein rund stålbolle. Oppå deigen heller ein litt olivenolje. I dag var eg litt raus ser de, men då kutta eg ut å pensle forma.
Her har deigen heva til dobbel storleik. Då brukar eg ei deigskrape og får deigen forsiktig over på plata. Inga elting skal til her.

No er deigen elastisk og fin, og ein formar han lett til eit flatt brød. Dette gjev store porar i brødet.

Set til etterheving.

Bruk fingrane og stikk hol i brødet. Ha over t.d. 1 ts havsalt og 1 ts tørka rosmarin. Steik ved 200 g. Ein må tole å få olivenolje på hendene, men det gjer godt for mine hender i alle fall.
Tidlegare brukte vi focaccia til bacalao, og det er sjølvsagt godt. Men det er nydeleg til røykelaks og spekemat. Ost er godt til focaccia. Oliven er godt anten til eller oppi.
P.s
Eg har høyrt rykte om ein ny trend i byen, d.v.s. tettstaden med to kjøpesenter. I staden for potetgull maular dei no ulike sortar oliven. Eg er svært glad i oliven, men liker ikkje slike med steinar. Dei kan teljast etter måltidet.




måndag 26. januar 2009

På brødskiva


I dag skal de ikkje få vite kva eg har hatt til middag ;-) De skal derimot få vite kva eg har hatt på brødskivene.
---
Eg er eit vanemenneske. Til frukost må eg ha grovbrød med sylte, og til skulemat må eg ha grovbrød med Innherredsost. Når eg har ferie, vert brunosten gamal.
---
For det meste går det i rørt heimelaga sylte. Av og til kokar eg sylte med lite sukker som gjev frisk bærsmak.
---
For nokre veker sidan fekk eg så lyst på kirsebærsylte. Men medan butikkane har eit (altfor?) stort utval av til dømes jordbær- og bringebærsylte, er det omtrent umulig å få tak i eit glas kirsebærsylte. Fleire butikkar har tatt inn det nye merket "Lerums utvalde", men sjølvagt då ein ny type jordbær-, bringebær-, aprikos- eller andre av dei sortane det finst i alle merke. Torsdag hadde eg hellet med meg. Meny i Ulsteinvik har tatt inn kirsebærsylte!

søndag 25. januar 2009

Norsk tradisjonsmat

Av og til lurer eg på om ein bør legge ut på nett kva ein har hatt til middag.

Fredag kom eg heim att relativt seint. Olaug hadde ei venninne på besøk. Dei to hadde tenkt seg på bading. Kva skulle eg lage til middag? Då såg eg for meg ein søt gut med blåbærmunn. Det vart pannekaker til store og små. At eg hadde bacon, ein fløyteskvett og nokre ekstra eggeplommer i, gjorde at dei vart ekstra gode.

Dagens middag var etter inspirasjon frå same blogg. Vi hadde vel fått spekekjøtlår frå same gjevar. Det vart ertesuppe med knokar, poteter og rabbe i. Knokane hadde eg vatna ut litt på førehand.

Når eg i tillegg får vite at folk har laga kjøtkaker etter eit innlegg her på bloggen, ja då kjem eg til å halde fram med eit middagsinnlegg i ny og ne. Det er no ei frivilleg sak å lese bloggen.

Bok 5: Meir enn krim


Tidlegare i veka skulle det vere eit program om at kriminelle lærer av krimseriar på TV. Eg les vel fleire krimbøker og ser fleire krimseriar enn dei fleste, og kva har eg lært? Jau, sanninga kjem fram til slutt. Om du har gjort noko gale, så bryt saman og tilstå med ein gong.
---
Denne boka er eit døme på det. To unge menn viklar seg inn i ei kriminell handling som fører nye med seg. Boka startar med at to unge menn tek med seg den tredje ut på eit vatn, vel vitande om at han ikkje kan symje, og let han hamne uti og drukne. Vi aner at her ligg det mykje under.
---
Karin Fossun skildrar personane i boka grundig. Ho får godt fram korleis ein sterk personlegdom kan dominere i ei gruppe. Les meir her. Elles må eg tilføye at eg også likte slutten. Det er det ikkje alltid ein gjer.
---
Sidan eg har høyrt denne boka som lydbok, må eg tilføye at Nils Ole Oftebro gjer ein fantastisk jobb!
---
P.s. Den beste boka til Karin Fossum er Elskede Poona.

laurdag 24. januar 2009

Det var ikkje eg som hadde fødselsdag........







Men tusen takk!

Feiring







I dag har vi feira Håkon sin 15-årsdag. Det var Audun som fekk hente opp duploen i dag. Han har vel rom nærast.



Eit par månader er begge 15.




Desse to er 6. klassingar og vert 12 år i år.

torsdag 22. januar 2009

Skritt vert talde!



Dei som har følgd bloggen mi ei stund, hugsar kanskje at eg for over eitt år sidan leverte attende to skritteljarar fordi dei ikkje talde skritt. Ikkje reagerte dei på trapper eingong.

I går kjøpte eg meg ein som likna heilt på den gamle. Prisen var ikkje noko å seie på; 49 kr på Jernia.

Denne tel i alle fall skritt! Eg driv og forskar på den for å ta den i "juks". For jammen har eg gått langt i dag! Anten juksar den, eller så gir den nye omvegen gjennom ei anna dør for å kome til skulekjøkenet utslag. Eg har dessutan hatt meg nokre avstikkarar i løpet av dagen i tillegg til å gå til og frå jobb.

No skal eg nok gå 100 skritt og forske på denne også. Men eg må innrømme at det er mykje meir motiverande når ein får "belønning" for skritta enn når dei ikkje vert talde. Heile vitsen med skritteljaren er at ein skal bli motivert til ekstra gåing.

P.s. Kanskje stegteljar er eit betre ord? Ikkje skrittmålar som ein kollega sa.

onsdag 21. januar 2009

God natt!

Dette sovehjartet er det ikkje noko å seie på!

Bok 4: Prisvinnar


Denne boka kjøpte eg til Øystein. No har eg lese ho først. Trass Bragepris og "fornøgdgaranti" må eg innrømme at eg vart ikkje så begeistra over boka. Kanskje eg ikkje greier å trenge gjennom den heller stilleståande handlinga og antydningane.
---
Øystein og eg les vanlegvis ikkje same bøker, så det kan hende denne boka var meir for han?
---
No reknar eg med å få blogglesarar på nakken!

søndag 18. januar 2009

Bok 3:Trådane vert samla?



No har eg lese ferdig alle bøkene i trilogien. I denne boka vert trådane samla i følgje ein av kritikarane. Sjølv meiner eg at her ligg stoff til fleire bøker. Dessverre døde forfattaren. Men han etterlet seg visst ein del stoff til ei fjerde bok.

Eg har sansen for hovudpersonane i boka. Den sjarmerade journalisten saman med den vesle, sterke, superintelligente jenta, utgjer eit interessant team. I andre boka hamlar Lisbeth om med store, sterke menn slik at vi får assosiasjonar til Pippi. I tredje boka ligg ho til sengs og må bruke intelligensen og datakunnskapane sine.


Dette er topp krim, men det er mykje å halde greie på, så eg forstår dei som synest boka kan bli litt langdryg. Men det er synd at framhald ikkje følgjer.

Gele på 1-2-3


Anlen har ei meiningsmåling på bloggen sin om gele er berre for born. Til barneselskap lagar vi vanleg gele. Men til familieselskap er gele med jorbær ein slager. Eg lagar gele med halvparten kokande vatn og har oppi resten av vatnet pluss frosne jordbær etterpå. Denne metoden har vi brukt på skulekjøkenet også. Der har vi alltid "dårleg tid". Vaniljesaus synest eg er greitt å kjøpe ferdig i literkartong; godt, rimeleg og enkelt.
ps
Viss borna synest jorbæra er sure, kan dei ete geleen på botnen.

Håkon 15 år


I dag fyller Håkon 15 år. I dag spelar laget hans kvalifiseringskamp i Sunnmørshallen, utan Håkon. Som fjerdemann i familien har han no fått årets sykje. I tillegg til andre symptom har han fått øyreverk.
No får vi håpe han snart vert frisk og rask. Familiefeiringa er utsett til neste laurdag. Vi har eit eige ordtak her "Det som er kjøpt til jul skal seinast gå med til Håkon sin geburtsdag". Kong Haakon-konfekten er ei tradisjonell gåve. Den vert nok snart oppeten. Men det kan no hende her er andre øskjer vekkgøymde.

laurdag 17. januar 2009

Sviskekake

Mi venninne og kollega K fyller 50 år i dag. Vi turvenninnene skal fram med gåve og kake. K er veldig flink til å bake, men det kan no vere kjekt å få litt hjelp. Denne kaka fann eg oppskrift på i Sunnmørsposten då Heidi hadde fast spalte. Det er ei enkel kake å lage. Den er ikkje akkurat diabetesvennleg.....

Botn

4 dl brunt sukker

4 eggekvitar

Ha sukker og eggekvite i miksaren og pisk til ein tjukk marengsmasse. Smør marengsen utover ei langpanne med bakepapir. Steik botnen på 150 grader i 1 time.

Sviskekrem

1 pakke svisker

ca 2 dl vatn

5-6 dl kremfløyte

Kok sviskekompott av svisker og vatn. Avkjøl kompotten og pisk fløyten. Bland saman med slikkepott. Del marengsbotnen i 2. Ha sviskekrem mellom laga og på toppen. Kaka bør stå i minst 5-6 timar å trekke. Pynt er etter eigen fantasi. Eg brukar dajmcrisp.

Som de ser, er ikkje kaka mi firkanta. Eg brukar saks på marengsbotnen. Det eg klipper vekk, legg eg der det høver.

fredag 16. januar 2009

Togrenet orkidé


I dag let eg meg freiste til å kjøpe to orkidéar.
Eg har ganske mange frå før, men alle er inne i ein kvileperiode.
---
Butikken hadde kampanje, og der var utruleg mange fargar å velje mellom, berre ikkje kvitt.
---
Elles brukte eg "togrenet" som eit døme på eit ord som eg måtte lese to gongar. Eit motsett døme er "januar varer" (og varer). No er kanskje siste ordet sagt om orddeling?

torsdag 15. januar 2009

Eit lite apropos

Her kan de lese om ein hobbyfiskar som meiner har fått oppdrettsfisk.

onsdag 14. januar 2009

No til sals


Vi har fått vite at keeperen i familien kan kjøpast og seljast i dette spelet. Han dukkar visst av og til opp som "overgangsrebell".

Kvardagsmiddag


I frysedisken får ein kjøpt lakseskiver til under 40 kr kiloen. Kvardagane treng ein mat som kan lagast medan potetene, eventuelt risen eller pastaen, kokar. Laksekotelettar er sunt og lettvint.
--
Men skal vi støtte oppdrettsnæringa? Etter at dei har starta torskeoppdrett melder yrkesfiskarar om "unaturleg" fisk i fjorden. Kven skal ein tru på? Folk som har fiska i 50 år eller oppdrettarane?

tysdag 13. januar 2009

Hol i kunnskapane


Eg går rundt og trur at eg har lese minst ei av bøkene til dei mest kjende norske forfattarane. Denne veka har eg oppdaga eitt unntak: Falkberget. Eg tippar at mødregenerasjonen både har lese Nattens Brød og sett filmen om An-Magritt. Ikkje eg.
---
No driv eg og tettar hol. I dag har eg lånt filmen på skulen og sett han til ein utvida ettermiddagskaffi. Den fjerde nattevakt lånte eg på biblioteket i går. Ho får stå i kø.
---
P.s.
Eg har sett Bør Børson på TV.

måndag 12. januar 2009

Orddeling 2




Eg fekk tips om denne sida då eg dreiv og jobba med orddeling.
Der er mange artige døme. Eg synest leikelandet for born verkar noko lugubert.
Elles veit vi at sukker er farleg, men bit det?

søndag 11. januar 2009

Bok 2 Folkets favoritt



Eg fekk føre meg at eg kunne ikkje ha på meg at eg ikkje har lese Noregs beste bok gjennom tidene. "Favoritt for folk flest" er ikkje nødvendigvis noko argument som bit på meg. Men keeperen i familien snakka varmt om boka, og det var hans bok eg fekk låne.

Boka er absolutt god. Handlinga stiller mange spørsmål. Kanskje kan ein tolke inn eit frampeik mot 11. september. Vi får vite korleis ein gut vert terrorist for å redde regnskogen.

Dei som skal lese boka, må tole å lese om tortur og drap. Romanen inneheld mange fantastiske historier.

Er ho Noregs beste bok gjennom tidene? Neppe. Men eg tek ikkje på meg å finne noko alternativ.

Les om boka her og her.

Middagstips

No er det lenge sidan vi har ete kotelettar. I perioder har vi ete kotelettar minst ein gong, gjerne midt i, veka. I jula har svinesteik vore populært.

Born, viss ein kan kalle dei det her, er ikkje alltid så glad i bein. Eg har funne ut at ein like godt kan skjere vekk beina og dele kotelettane i to. Då vert det lettare å forsyne seg. Kotelettane steiker eg først i panna, og så ettersteiker eg dei anten under lok eller i steikeomnen.

Beina puttar eg i ein plastpose og drysser på ei teskei salt. Etter tre dagar kokar eg kraft på beina og lagar suppe, eller så frys eg dei ned. Eg har nemleg oppdaga at kjøtbollane i suppa er meir populære enn kjøtet. Men ein må ha god kraft.






Desserten skulle eg til å kalle årets siste riskrem, sjølv om det streng tatt er årets første. Fløyten var innkjøpt til nyttår, og i dag var det siste frist til å lage noko godt av den.



Meiningsmålinga avslutta

På eit svært spinkelt grunnlag, kan vi slå fast at 37% av blogglesarane et ofte kjøpt rødbetsalat medan 62 % aldri har smakt det.
Konklusjon: Då treng vi kanskje ulike merke å velje mellom. Jfr: Vareteljing.

Dersom eg legg ut fleire meiningsmålingar, håper eg at alle som les bloggen min stemmer!

fredag 9. januar 2009

Sal



Det kan vere lønsamt å gå på sal, men det er også lett gjort å kjøpe kle som berre vert hengande ubrukte i skapet. Eg har nokre "reglar" for sal:

- Sal er sal. Eg let meg ikkje "lure" til å kjøpe varer på full pris.

- 50% er sal. Eg bit ikkje på 30 % og absolutt ikkje kjøp 3 betal for 2.

- Kjøp heile antrekk. Aller helst kle som du har hatt lyst på til full pris tidlegare.

Den siste regelen braut eg onsdag. Eg kjøpte meg ein topp og ei bestebukse som vil bli eit fint antrekk berre eg finn ei høveleg svart jakke til. Så kva har eg gjort på i dag? Jau, sidan eg skal vekk i morgon kveld, har eg tråla alle klesbutikkane i dei to næraste kjøpesentra etter ei passeleg sid jakke. Etter 1 1/2 time var eg temmeleg stressa. Var der fleire butikkar att? På veg ut frå siste kjøpesenteret kom eg på butikken mamma fann seg ei T-skjorte på i sommar. Og, heldigvis, der låg jakka! Den var passeleg sid og hadde fin fasong. Prisen? 50%!

onsdag 7. januar 2009

Mors kjøtkaker?

På skulekjøkenet starta vi det nye året med kjøtkaker og riskrem. Det er ein populær leksjon!

Eg registrerer at det har skjedd eit generasjonsskifte. Elevane la inn protest mot uttrykket "mors kjøtkaker". "Det er mormormat!" "Koffor ikkje farmor?" skyt ein annan inn. Men enige var dei. Dette er sånn typisk mat å få hos bestemødre.

Ein annan ting eg registrerer, er at omtrent ingen likar ertestuing. Det vert kanskje siste året vi lagar det. I fjor bestemte eg at det var siste året vi laga kålstuing. Sjølv er eg veldig glad i kokt brokkoli og gulrot, men det er no eit poeng å variere litt.

tysdag 6. januar 2009

Ord deling

Eit fenomen som held på å breie seg i språket, er ein auka tendens til å dele ord som ikkje skal delast. I dag kom eg over nokre artige døme under overskrifta
Når gamalost vert gamal ost
Kylling lever kr 27,-
Pent brukt dame sko og klede
Koke bøker berre kr 25
Røyk fritt
Glas lyse stakar med 3 kule lys
Norsk/tysk familie søkjer flytande norsk talande aupair til pass av to barn.

måndag 5. januar 2009

Eg fann, eg fann


- Kva fann du?
- Kaste dei?
Desse hanskane har kome i hus, kanskje i ein pakke med såper eller liknande. Dei har i alle fall hange på badet ei tid. Kva skal dei brukast til? Å klø seg på ryggen?
Eg kom til å tenke på nokre hanskar eg har sett i kjøkenavdelinga på enkelte butikkar. Då står det potatoes på dei. Kanskje dei kan brukast til å skrubbe poteter? Eg er ein stor tilhengar av vaska poteter, men i det siste har butikkane lagt på latsida og selt uvaska poteter.
Eg tappa lunka vatn i vasken og tok på meg hanskane. Det er faktisk ganske effektivt! Og dei vert heilt reine i vask!

Kvardag=kaffi utan kake


Det er ikkje vanskeleg å legge om til "eit betre liv". Verre er det å gå tilbake til magrare tider. Her i huset er det ikkje "kaffimat" til kvardags. Vi drikk ein kopp svart kaffi etter middagen. I jula har det vore rikeleg med kaker og dessertar. Dei kakene vi har att no ligg i frysaren, heldigvis kanskje, og der skal dei ligge til januarbarnet har fødselsdag.
Vi får berre venje oss til søtsmak frå frukt!

søndag 4. januar 2009

Bok nummer 1 2009: Spenning til siste slutt


Det er merkeleg at det vert lese mindre når ein har fri. Men vanlege ettermiddagar er folk opptekne kvar med sitt, og ein kan finne ei fredeleg stund i tomt hus.
---
I går kveld hadde eg ein CD att av 17. Vanlegvis somnar eg etter eitt spor. Men i natt høyrde eg ein heil CD. Det heng kanskje saman med at ein er utkvild etter to veker juleferie.
---
Eg har høyrt at dei to siste bøkene heng i hop, og heldigvis hadde eg den siste boka klar på MP3-en. For bok nummer to slutta svært spennande. Sidan eg veit at minst ein blogglesar held på å lese bøkene, vil eg ikkje røpe meir.
---
Etter mi meining er dette topp krim! Den er krevjande med mange namn og trådar. Les om forfattaren her og om boka her.

laurdag 3. januar 2009

Blogging 2009

I dag er blogging tema i Sunnmørsposten del 3. Folk gjev opp ulike grunnar for å blogge. Det kan vere at ein har ei så sjeldan interesse at ein har lyst til å kome i kontakt med folk i fleire land med same interesse, eller det kan vere ei dagbok for kjentfolk.

Då eg starta å blogge, tenkte eg at det ville vere for familien med mykje fotballstoff i og med at det er det ungane er mest opptekne med. No har ikkje karane noko stor interesse av å verte skrivne om på bloggen, så eg har gått meir over til å skrive om eigne interesser.

Som det vert nemnt i avisa, er det mange fleire enn ein skulle tru som er innom bloggen i løpet av ein dag, men få kommenterer. Kven er lesarane? Eg veit at slekt og vener er innom av og til. Enkelte elevar og kollegaer har kome over bloggen. Bloggen er open for alle, så ver ikkje redde for å kommentere.

I 2009 skal eg:
- Skrive om bøker eg les. Eg satsar på ei i veka!
- Legge ut bilde frå familieselskap. Venner, kollegaer og naboar held eg utanfor.
- Interiør? Dette er ingen interiørblogg, men eitt og anna bord kan dukke opp.
Eg likar å sjå på interiørbloggar.
- Handarbeid? Eg har tekstilforming som fag i utdanninga mi, men har gitt opp handarbeidskarriera p.g.a. ei vond skulder. Det er kjekt å sjå kva andre lagar.
- Matoppskrifter og idéar.
- Hage og blomster.
- Opplevingar elles.

Godt nytt bloggår!

Juleblada

Øystein har ført vidare ein juletradisjon frå sin barndom. Juleblada vert tatt ned frå loftet lisjejulaftan eller tidleg på julaftan. Vi har blad frå 80-talet og framover. Kvart år vert nye blad lagt i kassa. Her er mykje artig lesestoff. I dag er spørsmålet: Kor tid skal dei oppatt?

torsdag 1. januar 2009

Det fins berre ein majones....


Dei som trur på den reklamen, tek feil. Det har eg lært i dag. Eg har vore på vareteljing på den matbutikken med størst utval på Hareid. Konklusjonen er at utvalet må vere for stort.
---
Etter å ha talt opp alle tannkremar, hårfargar og strømper, hamna eg i hylla for salatar og silder. Kor mange bagettsalatar treng ein i tillegg til smørbrødsalatane. Kor stort utval treng ein i rødbetsalat? Kor ofte kjøper ein det? Når ein har talt sursild, kryddersild, tomatsild, sennepssild og rømmesild i eitt merke, så dukker det opp eit merke til! For å sitere ein eg hamna i fiskedisken med til slutt "Heisse det, trur du ikkje her er laksesuppe innimellom fiskesuppa!" Då er det berre å sortere og telje på nytt.
---
Elles håper eg butikkane har vit å sette ned prisen på alle julevarene før dei går ut på dato.